Fay Wildhagen – Snow

Standard

Ei ung norsk dame albumdebuterer med eit vart/mektig uttrykk av det tiltalande slaget.    7

 Det er nok ikkje tilfeldig at plata heiter Snow, eller at omslagsbildet er eit fjellmassiv, eller at det heile startar med ein invitasjon Into the Woods. For det er jo der den er, denne debutplata til Fay Wildhagen. Der, midt i naturens mektige og mystiske sceneri. I fjellet, i skogen, ved sjøen, i varmen, i kulden, og i vinden, ja ikkje minst i vinden. Men ikkje berre der, der i det mektige og det mystiske. Den har ein annan tone også. Ein ganske annan tone. Tonen frå ei varm hand der eit skjørt lite snøfnugg smeltar. Den er nemlig veldig så var og nær også denne plata. Jammen er den det du. Liten, intim og nær. Og så skjelv den, av ein vind som bles innvendig. I denne syntesen, mellom det mektige og det vare, er det at det skjer noko vakkert noko.

Det har knytt seg visse forventningar til Fay Wildhagen sitt første album. Ho har stått på fleire scener dei siste åra, og gjort inntrykk. Med eit både følsamt og energisk gitarspel, har det blitt fortalt. Ja og så ei kjenslerik stemme då, og eigeskrive materiale med både varme, tyngde og  fengande tendensar i seg, har det gjerne blitt lagt til. We Are heitte den fyrste låta som kom meg for øyre. Ein folkpopsong med forføreriske kvalitetar som absolutt ikkje øydelagde ryktet.

Eg har forstått det slik at Bon Iver er ein artist Fay Wildhagen har høyrt ein del på. Latt seg inspirere av. Det er vel ikkje fritt for at nett det kan høyrast både litt her og der. Ein tanke og to hos meg driv også i retning av canadiske Basia Bulat og Ane Brun sine lett vibrerande og særs nærværande stemmer. Men det er ikkje plagsame tankar, eller dominerande tankar, meir er det vel flyktige tankar, for dei fleste tankar vandrar saman med songane til Fay Wildhagen dei. Sannsynlegvis fordi dette er songar som evnar å fange merksemda, i kraft av sitt eige vesen. Eit bra og personleg vesen.

We Are er spelt inn på nytt sidan eg høyrte den i fjor. Den er blitt varare og den er blitt mektigare. Den startar heilt nede i det skjøre, men den gror, og den veks, gitaren blir elektrisk, stemmer kjem til. Det er lys og skygge, det er stille og høgt. Slik er dynamikken her. Og slik er den i grunn plata igjennom. På dei fleste songane på plata. Dei går varleg ut, songane, gitarstrenger blir fingerplukka, ei stemme vibrerer like ved, forsiktig. Gradvis flyt dei så ut i verda, og møter eit par strykarar, eit piano, finn eit groove, støyter kanskje på ein trompet. I eit stort men romslig bilde.

Fire On the Mountain er ein slik song, og samstundes ein favoritt. «There’s a fire in the twilight, dancing through the dark night». Det handlar om å vere på utrygg grunn, ganske så aleine, med flammen som ein retningsvisar. I ein song som brenn frå første stund, men som slår ut i dei grundige elektriske flammane i avslutningsfasa. Eit momentum den for så vidt deler med tittelsporet. Det veldige, sju minuttar lange, tittelsporet. Som tøyer dynamikken mellom det spartanske og det durabelige ut i det dirrande. For knapt nokon stad er skjelvet i røysta til Fay Wildhagen meir gripande enn når ho her innleiar med linja «You’re moving words, they’re drifting herds», og absolutt ingen annan stad dreg ho og gitaren inn i ein liknande elektrisk desperasjon som det som er tilfelle i låtas andre halvdel. Eit rammande høgdepunkt.

Poplåta, i betydning mest umiddelbar, heiter Lionheart. Visa, eller songen som held seg i det nennsame heile tida, heiter Carry You. Songen til den avdøde bestemora heiter Four Years (In One Day), og er rørande. Fay Wildhagen lever seg inn i det, eller kanskje berre rett og slett er inne i det, plata igjennom.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s