Viser, og viser med pop i seg, som slett ikkje sklir umerkelig forbi. 7
Det kan for eksempel handle om ho som bryt seg inn i kyrkja. Bryt seg inn i ei avsidesliggande kyrkje og ber så sporenstreks om å bli tilgitt sine synder. Orgelet ljomar ikkje akkurat, men det er ein der som sitt og trør og spelar på eit pumpeorgel. Og ho, «ho syns ho høyr preludiet». Ho dansar litt, men ser ingen grunn til å neie, til slutt tar ho Jesus under armen og går. Utan noko postludium, utan vidare fakter, men sannsynlegvis ikkje heilt utan synd.
Det er Ingeborg Oktober som fortel om dette litt merkelige kyrkjebesøket. I dei ni andre songane på debutalbumet sitt formidlar ho seg heller ikkje langs dei aller mest opptrakka stiar. Ho gjer det i eit viseformat som kan opptre spartansk men også dra inn lyd av både det blå, det popgrasiøse og det knirkande slaget. Viser sunge på målet ho lærte seg å snakka då ho vaks opp ute på Hamarøy i Nordland. Ho evnar å knyte i hop orda på eit vis som gjer dei til gode songtekstar. Med ein verksam kombinasjon mellom det direkte og det gåtefulle, mellom det såre og det bitande.
20 år gamle Ingeborg Oktober (som i folkeregisteret står oppført med etternamna Schistad Edvardsen i staden for namnet på den tiande månaden) har hatt gode hjelparar med seg når ho har spelt inn denne plata. Æ (også kjent som Erling Ramskjell) har i kompaniskap med Hallstein Sandvin produsert, og spelt på diverse instrument. Spelt eller sunge med er det mange andre som har gjort også, dei mest kjente er vel Fredrik William Olsen (frå Kråkesølv) og den svenske viselegenda Stefan Sundström. Sistnemnte syng duett med Ingeborg Oktober i den einaste songen på plata som dama ikkje har skrive sjølv, den Æ-komponerte Førr Nære Nu. Ein song som tar sitt utgangspunkt i ein gammal Cornelis Vreeswijk-klassikar (Balladen om Herr Fredrik Åkare och den Söta Fröken Cecilia Lind), men vrir ein god del på temaet. «E e ingen jævla Cecilia Lind» formidlar kvinna i første linje. Og byr i fortsettinga på ingen måte opp til intimitet og kyssing, heller då ein god dose avstand: «kom me ikkje, kom me ikkje, kom me ikkje førr nære nu».
For ein viss Fræmmenkar stiller det seg derimot noko annleis. Han er den eine av to hovudpersonar i songen med same namn. Den andre hovudpersonen er kvinna som fører ordet. Ho ser tilbake på eit møte. Eit møte med ein som var noko nedfor. Eit flyktig møte. Kvinna ser no for seg at møtet burde ha arta seg annleis. «E sku ha kyssa de, fræmmede du sku ha vesst at e va te» lyde det i etterpåklokskapens og angerens teikn. Den soniske tonen er luftig, melodien stryk kinnet og har eit fengande poppig vesen. Songen er eit høgdepunkt.
Eit høgdepunkt blant andre gode viser. Der undring og pågangsmot er to faktorar eg opplever går att. Spørsmål heng i lufta eller dansar rundt omkring, og tankar går i kryss, samstundes som songaren heller ikkje vik unna for å seie det tydelig, som i den tidlegare nemnte Æ-komponerte. Eller som når ho skildrar ei forsoving, og det ikkje er så mykje anna å konstatere enn at «faen, byen har våkna nu». I det smidige nummeret Mesførståelsa opplever eg henne både direkte og fabulerande. «Ska man konstater kvært einaste avvik, e det best at vi førblir unik?» spør ho seg, og formidlar forstandige tankar om diagnosesamfunnet.
Hjerteræk femner både det ungdommelige og friske, det modne og ettertenksame. Og har ikkje minst ein musikalitet av det nærverande og haldbare slaget. Det er då både nåtid og framtid i slikt.