Gadarene Wine – Murmurations

Standard

Sjølvkomponerte folktonar av amerikansk, irsk og norsk skapnad renn utforbakke.                   7

   I dei tider då Jesus vandra rundt og gjorde underverker hendte det ein dag at han møtte på to forstyrra menn. Jesus tok ansvar og dreiv dei vonde åndene ut av mennene og inn i ein flokk med svin som gjekk like ved. Med den fylgje at svina styrta ned ein skråning og like ut i Gennesaretsjøen. Staden der dette dramaet fann stad blir kalla Gadarenar-land. Dei ulykkelige dyra blir på engelsk omtalt som the Gadarene Swine.

Eit band med tilhald i Oslo, Norge, men med fem medlemer frå det ganske land har funne det tilrådelig å kalle seg for Gadarene Wine. Forstyrra vin i uregjerlig fart nedover ein skråning, eller noko i den retning altså. Men tonane som kjem utav dette her endar ikkje opp som utvatna eller forsvinn i den store sjøen, det gjer dei ikkje. Bandet står i grunn fram som eit friskt og syndig tiltak av semiakustisk folkrock, der inspirasjonen til dei sjølvkomponerte tonane er henta frå både Amerika, Irland og heimland.

Gadarene Wine sin historie strekk seg visstnok tilbake til 2010, men noko slags form for utgjeving av innspelt musikk har det ikkje ført med seg før no. Før Murmurations her ligg føre og vitnar om at dette nok er eit band som har spelt sine økter ute blant folk, og at det sannsynlegvis er noko dei trivst med å gjere. Det er nemlig eit ganske så levande album dette her. Motsatsen til eit finslipt og veldekorert eit. Ekvivalenten til det lause, leduge og krokete.

Eg likar veldig godt det opne, vidopne, lydbildet. Eg likar den lausslopne og ukonvensjonelle rytmikken. Eg likar at dei tar sjansen på å balansere på kanten av å ramle utfor. Eg likar at dei ikkje mister balansen. Eg likar dei oppriktige tonane som gjer seg til kjenne, enten dei er vemodstunge eller på veg til ein fest.

Syng gjer først og fremst to av dei. Den banjo- og gitarspelande Oddbjørn Austevik med si knirkande og rustne røyst, og felespelande Kjersti Tingelstad med si sanselige og klare røyst. Dei har i grunn ein ganske så kompletterande effekt på kvarandre. I songar der tematikken oftare riv og slit blant trøbbel og mismot enn smykkar seg med siger og velstand.

«And some might say she got carried away when she burned the town down to the ground». Og der er vi midt inne i dei sentrale områder av plata sin vakre og heimsøkte countryballade, Boot Hill. Om «desolated thoughts», om ho som har opplevd for mykje, om staden der «human hearts seldom beat». Det snør der, det gjer det i eit par andre låtar også. Eller kanskje det er sommar, men ikkje så lenge. Årstidene driv gjennom songane, månen lyser ned på dei, og ein eld brenn i midten. I midten av One Mississippi, som dansar av garde eit steinkast aust for Sixteen Horsepower med ein gammal Wall of Voodoo-song i sekken (var det ikkje Far Side of Crazy den heitte mon tru?). Det brenn ikkje mindre i A Firm Atone, som er tempo, jakt og «run, run, run», og i tillegg er innehavar av den ikkje heilt uefne konklusjonen «if we should succeed, we’re done».

Suksessfaktoren er rimelig fråverande i den barske og kriminelt disponerte I’ve Been Seeing A Man. Det handlar om tapt kjærleik og tapt framtid, ja tap av det meste i grunn. Og ei konstatering av at «the last laugh is not funny when it’s written between the lines». I plata sin einaste norskspråklige song blir det på si side konstatert at Det Hjelper Ikkje å Ligne, for originalen er alltid uovervinnelig. Apropos original, eg har høyrt Jason Molina synge «down the wrong road both ways» i ein av sine sterkaste augeblikk. Avslutningsvis høyrer eg Austevik og Tingelstad synge «down the wrong road». Men eg trur dei nøyer seg med eine vegen, og eg trur kanskje Molina-koplinga er litt søkt, i ein ballade som har eit dirrande sukk i seg.

Eg les i presseskrivet at dei sitt med materiale til eit par plater til, og har ein plan om snarlige innspelingar av fleire plater. Det synst eg høyrest ut som ein god plan.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s