Pål Angelskår – Follow Me

Standard

Utan sin Minor Majority, men lun og melodisk hyggelig som vanlig.

6

cover

Så var det Pål Angelskår då. Der var han igjen gitt. Lun og mild som vanlig. Utan dei store orda på tapetet. Slikt overlet han til andre. Skjønt, Follow Me. Det er då litt Messias-schwung over den tittelen, eller? Ikkje frykt, bakom tittelen er det annleis. Der sitt ein audmjuk mann og erkjenner sine mistak og begrensingar. Til enkle tonar, i eit elskelig og sympatisk tittelspor, som ikkje krev den store plassen. Så, då er det slik det plar være då, frå den kanten?

Slik det var då Pål Angelskår med sitt Minor Majority, gjennom fem plater det første tiåret av totusentalet, slo eit behagelig slag for den mjuke visepopen. No er han blitt soloartist, men har ikkje laga plata heilt åleine. Han har fått god hjelp frå sin aller tidlegaste Minor Majority-kollaboratør Andreas Berzcelly. Og på enkelte spor er det rett så mange som spelar med. Då blir det skapt lyd i eit monn det ikkje har vore heilt vanlig å høyre frå denne kanten.

Your House er eit slikt spor. Med orgelljom og elektriske gitarar i mektige melodiske løp. Samstundes som det blir hegna om dynamikken ved å tone ned lydtilførsla i versa. Med sine fem minuttars varigheit blir den eit nærast episk nummer. Om vennskap, minner og løyndomar.

Midtvegs dukkar det opp ein instrumental med tittelen From The Desk of Dr. Melfi. Eit av to nummer med klare referansar til TV-serien Sopranos. Det andre ber namnet til skodespelaren som hadde tittelrolla i serien, James Gandolfini, og er ein liten softrock-sak med eit tiltalande refreng, og fiolinist Lise Sørensen i koristrolle. Den rolla har ho i fleire av låtane, når ikkje Monica Blomeid har den då. Eit nyttig stemmekontrasterande verkemiddel det, som jo også har vore flittig nytta i Minor Majority-samanheng.

Som fiolinist har nemnte Sørensen sin mest markante opptreden i singelvalet Shut The Door Behind You. Der ho ekspederer ein nydelig liten sigøyner-slekta solo, i ei poplåt som til trass for sine vemodige drag handlar meir om å ynskje velkommen enn å seie adjø. I den stillferdige engelskfolksy I Can’t Make Out the Distance (ein av to låtar på plata som Angelskår har skrive i kompaniskap med Martin Hagfors) er det kanskje omvendt. Fem velformulerte vers om eit parforhold der dei gode kjenslene er i ferd med å svinne hen. «I feel your warmth on the edge of my bed, but I can’t light that flame in your eyes».

Og så er hausten her, og This Season Knows Your Name. «In it’s quiet quiet way, this season knows your name» syng Angelskår (og Sørensen), nokre banjotonar i gult og brunt lurer seg med, og ei countryslekta vise med trøyst i sinnet manifesterar seg. Medan eg tenker at det er songar som dette som gjer det til ei velkommen hending at Angelskår dukkar opp med ei ny plate, iblant.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

 

Kommenter innlegget