Lambchop – Mr. M

Standard

Ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

8

cover

Dei beste songane er dei eg ikkje fullt ut forstår. Ikkje på ein slik måte at dei er utafor rekkevidde av kva eg klarar fatte. Dei kan ikkje vere heilt uforståelige, heilt uoppnåelige. Det kjennest vel strevsamt. Eg må sanse, føle, at det finst ein mulegheit der. Til å forstå. Noko der som pirrar og lokkar fram ei interesse. Vendingar, formuleringar, som har ei nerve, ein poesi, eg kjenner talar til meg. Ikkje tydelig og ferdigsnakka, men litt kryptisk og underfundig.

«The wine tasted like sunshine in a basement» syng Kurt Wagner. Ei fantastisk linje spør du meg. Eg forstår den ikkje fullt ut. Eg prøver tenke meg til, eller rettare sagt smake meg til, korleis solskinet smakar nede i kjellaren. Den der utan vindauge. Den solskinet aldri når ned til. Ja, korleis smakar solskinet der. Fråverande? Dødt? Og kva med vinen. Kvifor smakar den i tilfelle slik? Syr vi strofa saman med dei tre som kjem føre kan vi kanskje forstå litt meir.

This was their last night on the continent
The production was shutting down
Drinks and goodbyes were had all around
The wine tasted like sunshine in a basement

Det handlar om apokalyptiske saker. Refrenget fylgjer opp, og fortel om brannen som «almost starts itself», og om vatnet som «comes from somewhere else». Songen heiter Gone Tomorrow. Og er ein countrysong. Slik Lambchop frå Nashville, Tennessee lagar countrysongar. Altså, slett ikkje fullt og heilt ein countrysong likevel. Den er klaustrofobisk og totalt frigjerande på same tid. Den har ein tone som er god å ha rundt seg. Halvvegs inne i dens sju minuttars virke gjer Kurt seg ferdig med det han har å synge, strykarar kjem inn og overtar. Dei kretsar rundt eit solskin som ikkje finst. Ein frykt dirrar mellom strengene, men dei går aldri bort ifrå å by på noko vakkert, noko vemodsvakkert. Slik er Gone Tomorrow. Slik er Mr. M. Slik er Lambchop.

Det tok litt tid før den kom denne plata. Etter at Lambchop hadde servert oss sitt tiande album Oh (Ohio), i 2008, tok bandets frontfigur Kurt Wagner oppatt gamle målarkunstar. Låtskriving blei ein nedprioritert syssel. Men ikkje ein gløymt ein. Langsamt vart songar til, og blei sendt rundt til bandmedlemmer i demodrakt. Utan at så mykje meir skjedde. Inntil assortert bandmedlem og produsent Mark Nevers ein dag dukka opp med eit forslag om å skape ei plate i eit slags dekonstruert og lunefullt Sinatra-æra bilde. Hmm, tenkte Kurt Wagner då. Hmm, ja la oss gå for det, sa han, for jaggu trur eg Lambchop har ei god plate til i seg.

25. desember 2009 døydde Vic Chesnutt. Den framifrå musikaren, og Kurt Wagner og Lambchop sin gode venn. Mr. M er dedikert til Chesnutt. Mr. M er nok på mange måtar Vic Chesnutt. Mr. Met skulle den eigentlig heite (men sidan det også er namnet på maskoten til baseball-laget New York Mets gjorde bandet ei lita forkorting av tittelen). Mr. Met, Herr Møtt, ein som var her, slik Chesnutt var her, ein som framleis er her, slik Chesnutt er her i form av minner og eit rikhaldig forråd av innspelte songar.

No er det sjølvsagt slik at Mr. M godt kan vere ein annan enn Chesnutt. Wagner er ikkje spesifikk. Mr. M kan til dømes vere kven som helst av dei ti Wagnermåla portretta av flosshattkledde menn som er å finne i coverheftet. Eller kanskje deg, eller meg. Eller kanskje Wagner sjølv.

Han syng om å kjenne på eit sakn. Han syng om å føle på ein indignasjon. Han syng om det paradoksale, og det stridige, med kjærleiken. Han syng om at tida for alvor har byrja jobben med å hente han inn. Wagner passerte dei 50 for nokre år sidan. Lambchop tar nok opp tema som lettare treff folk som er i middagshøgda, enn dei som så vidt har gjort seg ferdig med livets frukostmåltid.

Friends make you sensitive
Loss made us idiots
Fear makes us critical
Knowledge is difficult

Desse og andre slutningar drar Wagner i det ettertenksame tittelsporet. Slutningar skapt av livserfaring. Det opne, det søkande i songens vesen får meg imidlertid til å tenke at det ikkje er evige sanningar songaren proklamerer. Det er rom her for revurderingar. Sjølvsagt er det det. Det bastante er ikkje ein del av Wagners gemytt.

Men det melankolske er ein del av gemyttet hans. På denne plata kanskje meir enn på nokon Lambchop-plate. Det er vel i grunn ingen songar her som luntar skyggefrie og oppreiste frå første til siste note. Kind Of fortel om desperate dagar blanda opp med nokre som er snillare. Dagen songaren er på veg inn i når han, med skjelv i røysta, opnar låta er av det slaget «you never wake up from», om vi skal tru han. I refrenget prøver han likevel å finne eit håp, og ber bøna «speak now love to me of your return». I ein annan song, ein som er tre vers og ganske så country, hevdar Wagner at «the good life is wasted on me». Medan 2B2 handlar om vennskap og sakn, og er vel kanskje den songen eg opplever er sterkast knytt opp mot Chesnutt. «Took the christmas lights off the front porch» syng vår mann i første strofe, og held fram med å snakke om ei tvillingsjel på kysten, og hundar som gøyr mot ingen, før den avsluttar med dette nydelige verset:

It was good to talk to you while we’re cooking
Sounds like we’re making the same thing
One man cooking with powder
The other cooks with stones

I to låtar (Gar og Betty’s Overture) lener Wagner seg ekstra godt tilbake, og lar den krokete crooner-røysta si kvile. Berre nokre forsiktige «a-a-a-ah» i harmoni med Cortney Tidwell (som han laga ei country-coverplate saman med i 2010, under signaturen KORT) er å høyre, i selskap med ein sval og føremålstenlig innsats frå bandet.

Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. For Wagner hadde rett han, Lambchop hadde ei god plate til i seg.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s