Plate nummer to med melodisk og kontrastfull popmusikk frå driftige Hanne Kolstø.
7
Popmusikk skal være melodisk og fengande. Det er inga lov, men det er ein stor fordel.
På det viset svingar den seg inn i lyttarens øyregangar, og skapar jubel, eller irritasjon. Mykje av den svingar seg rett nok like fort utatt, men noko blir. Kva som skal til for at det siste skal skje eig eg ikkje fasitsvaret på. Men eg veit at kontrastar kan hjelpe.
Hos Hanne Kolstø er det kontrastar. I rikt monn.
La meg starte med coverbilda. På Riot Break (hennar førre plate) og på Flashblack. Dei er begge mala av Erik Pirolt. Dei er begge portrett av ei kvinne. Hanne Kolstø. På det første ser vi henne med eit blått auge, sårbar, samstundes som blikket utstrålar vilje og mot. På Flashblack er det ein horribel kontrast mellom bildets øvre og nedre del. Dekkar eg til den nedre delen, ser eg ei ung kvinne som sitt lett framoverbøygd, konsentrert, og les ei bok. Men nei, ho les inga bok. Ho sagar målretta av seg sin venstre underarm. Det er eit bilde som får uroa i gang.
La meg fortsette med tonane. Dei er melodiske, men dei blir ikkje strokne medhårs. Det er friksjon i arrangementa. Det hender saker her. Det hender likevel aldri for mykje, det blir aldri affektert. Synthesizerane beveger seg frå frysepunktet og over i det varmt strøymande. Heilt naturlig. Groovet kan både slå heftige saltoar, lene seg tungt mot ein grå vegg, eller forsvinne. Høgst levande. Det dukkar opp eit lite pling, eit kling, eller det sprakar litt. Alldeles riktig. Korte subtile innspel frå strykarar og blåsarar bit i frå seg, og stikk.
Det er intuitiv musikalitet i praksis.
Eg høyrer eit mørke, men ikkje eit stummande eit. Eg høyrer ein ambivalens. Eg høyrer vaklande tankar. Eg høyrer eit begjær. Eg høyrer songaren synge «at home in the dark with you it feels right». Eg høyrer henne ytre «I hope you see me in the dark». Eg høyrer henne sveve oppover og oppover og skrike frå sitt inste «we’re living a lie, and I like it, like it, love». Eg høyrer ho erklære «you know that we can stay alive, if we want to stay alive».
Stundom høyrer eg henne berre i selskap med ein akustisk gitar. I mangestemte Far Ahead. Og i duettspann med Paal Flaata i saktmodige Not Looking For Us. Ho er nå likevel på sitt beste i songar der ho og hennar soniske medspelar og produsent Øyvind Røsrud Gundersen utfoldar seg i vidare former. Og serverer offensive vinnarar som tittelsporet og Carousel, eller popelegante La-La-La-La Lovesong (som kan hende er det motsette av ein kjærleikssong). Frå eit rytmisk seigare segment kjem dystre Pretty Veil og den sfæriske Elevator. Medan Sizzly er ein sydande popsymfoni som både opnar champagneflasker og feirar eit par muligheiter, om du vil.
Hanne Kolstø har dei siste åra laga og presentert fleire songar enn kva dei fleste vil kunne vise til. Først i ulike bandkonstellasjonar, her særlig verdt å nemne trip-hop/elektronika duoen Thelma & Clyde. I fjor gav ho så ut Riot Break, si første plate under eige namn. Flashblack er nummer to i det som rykta påstår til neste år vil bli ein fullbrakt triologi. Det synst eg liknar umåtelig godt på ein god idé.
Først publisert på Groove.no (i 2012)