Okkervil River – I Am Very Far

Standard

Austinbandet utfordrar, forandrar, nyanserer, og kastar seg endå ein gong med liv og lyst inn i det mørksindige rocketerreng.

8

cover

Dette er annleis. Dette er annleis enn The Stand Ins og The Stage Names. Dette er annleis enn Black Sheep Boy. Dette er Okkervil River i eit anna rom. Eit større Okkervil River. Eit stormfullt Okkervil River. Eit neddempa Okkervil River. Eit Okkervil River som femnar vidare over 11 låtar enn dei har gjort før. Eit Okkervil River utan det tematiske limet frå sine føregåande platene.

Black Sheep Boy fortalte, slik tittelen indikerar, om menneske som søkte finne tilværets balansepunkt i ein annan retning enn den kompassnåla peika ut. Det enda oftare med hol på knea (og verre stader) enn med euforisk lykke. Eit mørklagt album. Eit inspirerande mørklagt album.

The Stage Names og The Stand Ins fortalte begge om menneske i eit eller anna forhold til rampelyset. Om det å leve livet med litt for mange lyskastarar retta mot seg, om å falle frå den opplyste manesjen og ned i ein kjellar få er interessert i, om å ønske seg fram og opp, men mangle talent, mot eller flaks. Albuma hadde ein noko meir popmelodisk tone. Ein inspirerande tone.

Det var i 2008 at det siste av desse albuma kom ut. Frontfigur Will Sheff har ikkje nytta dei tre åra som har gått til å praktisere lediggang. Snarare må eg tilkjenne han å ha drive med ganske så eklektisk verksemd. Litt utafor det eg vel kanskje har oppfatta som hans soniske felt, har han skrive ein song for Norah Jones, og han har forfatta eit essay til ei bokutgjeving om norsk black-metal. Meir i tråd med hans Okkervil River-liv, har han sunge og spelt med The New Pornographers, produsert ei plate for eit ferskt Brooklynband (Bird Of Youth), og både produsert og spelt (saman med resten av Okkervil-gjengen) på Roky Erickson sitt comeback-album av i fjor, True Love Cast Out All Evil.

I Am Very Far er blitt Okkervil River sitt mest eklektiske album. Det jobbar høgt og rungande, det smyg lågt og skjørt. Det meste som finst av instrument i den vestlige verda verkar å vere representert. Av og til i fleirtalsformer utover det tilrådde. Sju gitarar blir sagt å vere i arbeid samstundes på to-tre av låtane her. Slike opplegg som eg raskt tenker minner om stormannsgalskap og pompøse tilstandar eit godt stykke unna sunn sonisk åtferd. Og etter første avspelingsrunde var eg betenkt. Låtane virka å kave i eit bombastisk hav med begrensa flytevilkår. Eg tok skammelig feil.

I sluttfasen av den tredje avspelingsrunden flata siste bekymringsrynke ut. Dette var jo ikkje bombastisk. Sheff og hans talrike gjeng vanærar aldri ei låt med soniske valdtektsforsøk. Aldri. Det dundrande og instrumentmektige har eit elastisk og lystig vesen. Samspelshugen er stor. Songane lever. Og mange av dei er jo ikkje ein gong høge på røslig lyd. Dei finn sin plass meir på det varlige og moderate plan. Og alle blir dei gjødsla med fiffige detaljar og små utfordrande sidesteg.

Songtekstar har alltid vore noko Will Sheff har vist han har taket på. Ofte i form av meir eller mindre konsise og/eller surrealistiske historier. Alltid formidla med ei formuleringsevne langt over det gjennomsnittlige, og langt unna det klisjéaktige. Tekstar han så syng med glødande intensitet, og ei tåre dansande rundt nede i strupen ein stad. Sheff viser fram eit litt breiare register av songstemma si denne gongen.

Den tematiske fellesnemnaren finst altså ikkje på I Am Very Far. Ei heller er songane små historier. Dei har eit meir abstrakt, mystisk og kjenslesøkande innhald. Eller dei kan fange ein situasjon lada av ei fortid og sirkle tett kring denne.

What this night wants is what it gets,
strung in silken knots,
lit by cigarettes flaring side by side,
with the streets all wet,
as the only thing that’s bright. 

Hanging From a Hit er songen. Ein varlig song, ein einsam song, i eit Raymond Carversk stemningsleie. Ein mann tenker nattlige tankar, om slikt som å segle over ein mørk avgrunn. Ho ligg ved sida av han. Han legg seg tilbake på puta. Han spør henne, -korleis er ektemannen din. Ho svarar, med ein tiltakande desperasjon i sitt svar. Ein flod av noko innestengt renn ut av henne. Før songen brått stansar opp og slepp røyndomen innover seg. «And then every dream inside turns to flames, fades to grey, and is dying». Pianotonane er hule, og det er trist. Så trist som trist kan vere. Og så vakkert som vakkert kan bli.

Til same modererte soniske kategori høyrer også Lay of the Last Survivor. Den startar som ein historie. Om ei jente som gjekk ut «and found her father face down on the ground, out in the cold». Teksten glir etterkvart over i ein drøymetilstand, og fleire lik dukkar opp. Det meste er skremmande, og lite er å forstå. Desperasjonen ulmar, men gjer seg aldri utslag i soniske eksplosjonar. Låta held seg nedpå, ber i seg ei fortviling, og sluttar med eit sukk.

I den andre enden av den Okkervilske lydskala finn eg Rider. Definitivt ingen Easy Rider. Den startar med eit «one-two-three-four», og dundrar så i gang. Den er mektig på gitarlyd, har eit fyrig strykearrangement, og det er høg aktivitet langs pianotangentane. Eit rock’n roll anthem, meir attraktivt enn dei fleste slike. Meir attraktivt enn The Valley, som også gjer sakene sine med kraft og musklar, men er mindre melodiorientert.

Imellom desse, dei dempa og dei rungande, held resten til. Klaustrofobiske White Shadow Waltz med sitt monotont gnagande stryktema. Sonisk omskiftelige og psykedeliske We Need A Myth. Den lauslige, vagt haltande men definitivt groovy Show Yourself. Den nonchalant melodiske og smidig ekspanderande Your Past Life As A Blast, med sitt subtile innslag av noko afrikansk. Og The Rise, ein call/response-arrangert poppsykedelisk vinnar i eit mildt melodisk landskap.

Og det er mørkare enn det er lyst. Regnet er uggent, vinden klynkar, og mordaren gøymer seg i villniset. «I scream my smiles», «we’re cut adrift», «heat is lost», «do you want to come and make me shiver». Nei, dei dansar på ingen måte pardans med optimismen og dei lyse utsikter denne gongen heller. Dei er Okkervil River. Dei har laga endå ei plate verdt å gå inn i.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s