Noah and the Whale – Last Night On Earth

Standard

Det er ikkje så mykje folk att i popen til Noah & The Whale. Dessverre ikkje så mange gode låtar heller.

4

cover

Tittelen på Noah & the Whale sitt tredje album er inspirert av tittelen på ei diktsamling av Charles Bukowski. Så har eg lest. I eit intervju med frontfigur Charlie Fink. Det ville eg aldri ha høyrt. Aldri. Fornamna til dei to, Fink og Bukowski, er vel den einaste likskapen eg klarar finne mellom dei to. Sånn elles klarer eg ikkje sjå dei føre meg i same rom, i same gate. Der Bukowski skriv linjer det luktar sveitte, piss, sæd og gårsdagens alkoholinntak av, opplever eg at det luktar temmelig så nyvaska og reingjort av det Fink har føre seg.

Og ikkje noko galt i det. Å lukta nyvaska og reingjort altså. Det finst mange måtar å gjere sakene sine på. Mange måtar å skrive sine songar, dikt og slikt på. Og å vaska og gjere fint det ein skriblar ned kan vere ein bra måte det. Samstundes opplever eg at dette, denne Bukowski-koplinga, illustrerer litt av det som er problemet med Last Night On Earth. Albumet vil noko, det er ein tanke med det (for ikkje å seie fleire tankar), det er ein ambisjon. Men det blir så sjeldan til noko. På eit par unntak nær klarer det ikkje å tre fram frå sitt pop-pertentlige tablå og uttrykke seg som noko interessant.

Dei kom til oss leikne og plystrande for tre år sidan. Med singelen 5 Years Time, albumet Peaceful, The World Lays Me Down, og Laura Marling som eit av bandmedlemmene, viste dei seg som eit rett så trivelig lite folkpopband. Så drog Laura, i frå bandet, og i frå Charlie. Og må nok ta på seg sin del av ansvaret for at oppfylgjaren The First Days Of Spring vart eit album dyppa i tristesse. Men trist musikk kan vere bra musikk det, og det var i grunn The First Days Of Spring også, bra.

Last Night On Earth er lite folkpop. Last Night On Earth er mykje synthpop. Trommebroder Doug Fink forsvann etter førre album. Han som er komme inn i staden, slik at dei framleis er ein kvartett, spelar på keyboard og gitar. Tromminga er det ei maskin som tek seg av. Lyden trengte ikkje ha blitt meir steril og livlaus av den grunn, men den har blitt det. Låtane si tiltrekningskraft trengte heller ikkje å ha blitt svekka, men det har den blitt, gitt.

Last Night On Earth er ikkje eit dystert dommedagsopplegg. Albumet er i grunn ganske så positivt i sitt vesen. Det mest positive og håpefulle dei har laga. Eit slags hovudtema på plata er endring. «He used to be somebody, now he’s someone else» statuerer Fink i første strofe. «Tonights the kind of night, where everything could change» syng han, saman med fleire andre, i refrenget til Tonight’s The Kind Of Night. Ein spenstig og for så vidt finfin poplåt. Ein låt som i tospann med singelvalet L.I.F.E.G.O.E.S.O.N. viser fram popevner dei resterande åtte spora slit med å gje til kjenne. L.I.F.E.G.O.E.S.O.N. ein fiffig og trøystande popsak som først og fremst handlar om at «what you don’t have now will come back again». Enten du er rock’n roll overlevaren Lisa, eller den mislykka kunstnaren Joey som gjorde sine beste arbeid i breva han skreiv heim. Ein sak som viser at Fink kan formulere både tekst og tonar på eit attraktivt vis. Det skulle berre ha skjedd noko oftare.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s