Tellusalie – The Man Across the Fountain

Standard

Songar frå øvste divisjon.

8

cover

Det smakar av ambisjonar det Tellusalie gjer på si tredje plate. Ikkje ambisjonar i tydinga nyvinnande og annleis. Absolutt ikkje. Alt her kan greitt få plass innafor ei ramme av sånn der gitarbasert rockmusikk med americanapasset på baklomma. Slikt noko som ganske mange andre har drive med, driv med, og kjem til å drive med. Ambisjonane deira kjem til uttrykk på anna vis. Gjennom talet på låtar, 18 stykk, den totale speletida, 73 minuttar, friske liner notes av Sverre Knudsen, og ikkje minst gjennom det luftige ekspansive soniske bildet dei malar låtane sine inn i.

Då bandet platedebuterte for fem år sidan var dei ein trio. Ein tett energisk trio. Dei var framleis ein trio to år seinare då dei stilte spørsmålet Is the Outside Still There. Men dei spelte på fleire strengar (og tangentar) der, og hadde tatt nokre skritt nærare dette americana-landskapet. No er dei fem. Og saman med produsent Knut Schreiner (som også hadde den rolla på debuten) har dei stega inn i bibliotekaulaen i heimbyen Fredrikstad, og fanga den store romslige akustikken. Herlig.

Når så The Man Across The Fountain i tillegg til denne akustikken viser fram ein frodig meloditeft, ein råkande melankoli, god variasjon, og eit nyanseskapande overskot, vert den særdeles attraktiv å ha på øyra. Plata slår grundig fast, og det endå tydeligare enn kva dei to føregåande gjorde, at Tellusalie er eit av dei kvassaste engelskspråklige banda vi har her til lands. I vennskapelig feide med broder Tommy Tokyos Starving For My Gravy, og eit par-tre til.

Det er Ole Jørgen Ottosen som er broren. Veslebroren til Tommy. Og songaren, gitaristen og låtskrivaren. Freddy Antonsen er fetteren. Og bassisten. Begge har vore ein del av Tellusalie frå første stund. Dei andre har komme til seinare. Anders Lie kom med på førre plate. Han spelar på all slags strenger og tangentar. Sist gong slo han på trommene også. Det er det Johan Edvardsson som gjer denne gongen. Femte mann i gjengen heiter Alf Viktor Salvesen. Han spelar gitar, samt manøvrerar ymse rytmiske saker. Korar bakom Ottosen gjer dei alle, utanom fetter Freddy.

Tidvis vert det kora i ganske så kraftfulle former. I den brusande riffrocklåta Steven, ein liten rapport frå dei dekadente sfærar. I familiebataljelåta Bloody Like Christmas Eve, som vert driven fram om ikkje med 16 så i alle fall ein god del Horsepower. Samsongen i tittellåta prøver på si side å samle seg om eit meir forsonande bodskap. Men det er ikkje så enkelt, for «down in the depth of the valley, someone is calling your name», så «what can we do?», vert det i staden sunge på oppgitt vis. Ei ekspanderande omfangsrik hymne. Ei praktfull ei.

Denne mannen Across the Fountain, det er Jason det. På coveret i alle fall. Teikneseriefiguren Jason som rakar bort det siste haustlauvet. Slik vert hovudstemningane på albumet illustrert. For slik er dei. Oftare i forfall enn i blomstring.

Det siste er det mykje av i den lett duvande og sensuelle poplåta Inside You. Sånn elles har nok det blomstrande elementet ei meir usikker rolle. Sånn elles i det store bildet. Det store varierte bildet. Der Nothing Gets In er den glefsande rockelåta. Good Man den barske greia med det sveitte refrenget, og ein tittel som lyg. Frå ein varare kant kjem Louisa, med sitt vakre refreng. Og Brown From Blue dansar lettbeint til klapping og frisk strengeleik, medan songaren søker om nåde og ser Bonnie Prince bli fanga i regnet.

Mistress M er fanga under sin eigen glorie. Ein falma glorie. Ein gong skapte den mystiske kvinna unntakstilstandar i songarens sjel. No er ho vel så ofte «way to much», synst han. Låta om henne er ikkje på noko vis way to much. Den er tufta på fengande rocketonar.

18 låtar/73 minuttar kan nok mange gonger bli i meste laget. I Tellusalie sine hender, slik dei gjer det her, blir det aldri det. Ikkje fordi det er plettfritt. For det er det ikkje. Det går an å komme med innvendingar på det tekstlige. Av typen; «det er nok blitt plukka eit og anna opp frå klisjéposen ja». Det går også an å komme med innvendingar på dei melodiske vala som blir gjort. Av typen; «det er nok blitt plukka eit og anna opp frå klisjéposen ja». Og så då? I tilfellet Tellusalie er det heilt greitt. Dei plasserer det meste dei har føre seg inn i ein samanheng der det heilt naturlig høyrer til. Og slår gnister.

Slik virkar det på meg i alle fall. Så aldri døser eg bort, eller freistar hoppe over noko. Interessa held seg, og held seg. Og heilt til slutt kjem to av dei aller beste låtane. Easy Now, der fred og forsoning konfronterer sonisk råskap i ein dynamisk passiar på kanten av stupet. Så kjem albumets lengste, Love Is the Word. Den startar ut i akustiske former, og snakkar om einsemd, hat og grådigskap. På eit punkt, sånn cirka midtvegs rettar songaren ryggen og syng ut; «love is the word, haven’t you heard, haven’t you heard», truskyldig nok. Resten av låta er elektrisk støy rundt eit vakkert pianotema, og ingen ord.

Eit gnistrande godt punktum. På ei plate eg endå ikkje har høyrt meg mett på. Endåtil den byr på både forrett, hovudrett, dessert og nattmat.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s