Dei er meir enn eit smart namn. Dei byr på ei elskelig og popsmart plate også.
6
Eit namn lyt jo bandet ha. Ikkje dumt då med eit bra og minneverdig eit. Blant alle The Ditt og alle The Datt finst det nokon av den sorten. Someone Still Loves You Boris Yeltsin synst eg er eit slikt. Fornøyelig er det også, slik musikken til bandet er det.
Slik den var det i heller spartanske og enkle former på debuten Broom. Slik den nok var det i noko mindre grad på den meir forseggjorte og stivbeinte Pershing. Slik den er det på årets ledig regisserte friskus Let It Sway.
Då dei var i debutmodus for fem år sidan høyrdes dei ut som solsida av eit Elliott Smith-album. Noko dei fekk til heilt på heimelaga vis. Heimelaga var også oppfylgjaren, men med noko meir lyd og kompleksitet i seg. Let It Sway har dei ikkje laga heime. Dei har vore i studio, i Smart Studios (der plater med namn som Nevermind og Gish vart til for sånn cirka 20 år sidan), med Chris Walla (Death Cab For Cutie) i produsentrolla. Resultatet går det veldig godt an å like. Her er meir luft, her er meir klang. Men først og fremst er her poptonar som finn vegen.
Fort, og med ein gong. Back In the Saddle. Eit opningskutt det sikkert går an å misunne dei, men som det nok helst vil bli dansa sveitt, og sunge jublande, til. «We’re comin» around, up from the ground, straight to your heart». Nemlig. Ein fest av ei poplåt.
Betre enn det klarar dei ikkje å få det til utover albumet. Men det dei får til er meir enn bra nok til å halde antiklimakskjensla på trygg avstand. Den tette power-pop røvaren Sink/Let It Swing gjer sin del av innsatsen. Den lett snerrande, kraftfulle, «na-na-na-na-na»-rungande og heftig handklappa Banned (By the Man) likeså. Og då er det endå ni att, der eit godt fleirtal tek den popsmarte vegen.
Det er songar som prisar livet og ser oppglødd inn i framtida, i langt større utstrekning enn at dei dveler ved dei meir traurige sider av tilværet. Ein har dei kalla All Hail Dracula!, og burde med sine hooks og harmoniar, og si generelt sett dagslysfokuserte innstilling, ha potensiale til å gje desse vampyrtider ei nyttig vitamininnsprøyting. Ein er ei spretten og langt frå håplaus bøn til ho Everlyn. Og ein heiter Critical Drain, og er eit meir godmodig enn syrlig og bittert oppgjer med nokon som har kveksa eit og anna surt i songarens retning.
Når dei gjer orda i eit Lewis Carroll-dikt til sine i Phantomwise, og sender heile songen inn i eit grungeklima finn eg dei ikkje like inspirerande å fylgje. Når denne i tillegg er ramma inn av heller anonyme Animalkind, og varierte men noko blodfattige Made To Last vert ikkje slutten like trivnadskapande som starten.
Men skitt au, det er jo berre å hive seg Back In the Saddle, og så er det gløymt. Fullstendig gløymt.
Først publisert på Groove.no (i 2010)