Smoke Fairies – Through Low Lights And Trees

Standard

Ein songharmonisk folkduo med ein haustleg storm i årene og ein dunkel morgonblues i bringa.

7

cover

I dunkel lyssetting men med stemmer klarare enn dagslyset syng Smoke Fairies om livet slik det artar seg etter at hausten har festa grepet. Dei er to om det. Om songen altså. To kvinner. Det er ikkje noko dei nett har byrja med. Å synge i hop altså. Heilt sidan dei trefte kvarandre i skulesamanheng på midten av nittitalet har dei vore ein duo. Songar har dei laga også, opp gjennom åra. Ein og annan har dei spelt inn til og med, og gitt ut som single. Men eit heilt album har det ikkje blitt til før nå (om ein då ikkje skal rekne singlesamlealbumet Ghosts frå i fjor som eit, og det skal ein kanskje).

Richard Hawley oppdaga duoen for eit par år sidan, og inviterte dei med på turné. Jack «han der fyren som er overalt» White høyrde ein single av dei, og spurde om å få delta på ei innspeling. Det fekk han. Det var i fjor. Gastown og River Song heiter songane som kom utav den seansen. Verken dei songane eller andre som er spelt inn gjennom åra er å finne på debutalbumet. Det er ikkje fritt for at det er gode songar her likevel.

Dei drog til Cornwall. Til eit avsidesliggande studio, i omgjevnader som dei heimsøkte og elegiske tonane deira fant seg vel til rette. Dei seier det som det er i første spor. Summer Fades seier dei. Og då veit vi vel alle sånn cirka kva som er i vente. «Can you hold me like you held someone you shouldn’t have let go? / Can you keep me deep inside like the regrets that burnt a hole? / Can you love me like you loved someone you loved so long ago?». Slik lyde spørsmåla dei stiller seg i det sommaren blir til haust. Og tonen er nær, tonen er vemodig, tonen er vakker.

Den er stort sett sånn, derifrå og ut. Tonen. Den blir ikkje slengt rundt for så å komme tilbake i all slags former og fargar. Den har fått haustfargane, og dei lar det vere med det. Smoke Fairies er ikkje duoen som omgjer seg med eklektiske tonar og tankar. Dei skaper sin folkblues i eit einsarta men også suggererande bilde. Skånsamt suggererande bilde. El-gitarfigurar vandrar av garde i gjentakande formasjon. Rytmikken grev ikkje djupt eller dunkar hardt, men den er så absolutt på. Den har eit groovy ganglag.

I alle fall i Hotel Room. Låta der gitaren går i nærkamp med orgelet på oppløpssida. Songen der morgondagen og dagslyset til ei forandring spelar ei rolle. Det gjer det ikkje i Devil In My Mind. Ein mørk truande sak, der dei gjentakande gitarfigurane skaper ein illusjon av å danse langs ein spiral mot avgrunnen. Erie Lackawanna er ein minst like lite munter slektning. Ein togsong, om å trille inn på endestasjonen. Eller det som skulle ha vore stasjonen. For, «I can hear a wrecking ball coming for the house».

Det lystelige spirer ikkje i fotspora til Smoke Fairies. Noko uoppgjort ligg i lufta, men den komplette undergang er det neppe. For det er vel helst melankoli innafor dei kjente folkrammer som står på programmet. Melankoli, men også ein mystikk, sivande ut av eit labyrintisk skogsholt i eit tåkelagt landskap. Så dei ber sitt namn med rette, oppkalla som dei er etter figurane i morgontåka som kan omkranse deira fødestad i Sussex, England.

Nå bur dei visst i London. Men dei har vore i Amerika også, budd i både USA og Canada. Folktonen deira er mest engelsk, men bluesen kjem frå andre sida av sjøen. I selskap med ein sprek slidegitar i Strange Blue Morning, eller i romklangdirrande former i Cowboy Junkies-slekta Feeling Is Turning Blue.

Tiltalande vert det stort sett uansett. Mollstemt og tiltalande.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s