Ein debut med popsjarm, meloditeft, og eit og anna som haltar litt innimellom.
6
– Hei, eg lurer på, likar du Teenage Fanclub? Det er Brian Briggs som spør. Det er Jon Ouin som får spørsmålet. Fordi han etter Briggs si meining ser ut som ein som gjer nett det. Nokre dagar etter står dei to i eit øvingslokale og spelar Fanclub-låtar. Det blir fleire stunder i lokalet. Etterkvart går dei bort ifrå å planke Teenage Fanclub, og over til å lage låtane sine sjølve. Brørne Ollie og Rob Steadman blir hyra inn som rytmisk ryggrad. Og dei blir til bandet Stornoway.
Det var ikkje i den vesle byen Stornoway på Hebridane at det ovannemnte skjedde. Det skjedde i den ærverdige engelske universitetsbyen Oxford. Den lette brisen av skotske folketonar eg kan ane i poptonen deira meiner eg imidlertid kan rettferdiggjere namnevalet. Og eit tilsynelatande godt utvikla instinkt for vinnande melodilinjer, kombinert med ein ikkje ueffen sjarm rettferdiggjer utgjevinga av Beachcomber’s Windowsill.
Ikkje fordi dette debutalbumet er ein tvers igjennom sann poptriumf. For det er det ikkje. Her finst haltande og svake parti. Men viktigare, her finst Zorbing. Ei lykkestund av eit popdynamisk opningskort, med raffinert koring og oppglødde trompettonar, «so electrifying, oh I’m nearly flying». Og like viktig, her finst I Saw You Blink. Eit ekspanderande solskins-popnummer i eit sprettent ganglag, som skildrar den kriblande kjensla som fyller ein kropp etter eit vellykka stemnemøte. Stornoway gjer hat tricket komplett med Fuel Up. Eit nummer som driv litt saktare enn sine to forgjengarar, men som driv godt, på vårklunkande strengar, brusande orgel, ein medrivande folktone, og ein tekst som skildrar livets gang gjennom ruta på ein bil.
Det er den delen av livet som har våren og sommaren i seg Stornoway legg mest vekt på å synge om. Og ser helst for seg at slikt føregår eit godt stykke unna sveitte lesesalar og ståkande bygater. Ute i den grøne naturen, blant fuglesong, ein lat bekk, og kastanjenøtter som blenker på bakken. I dette bildet formar Briggs tekstlinjer som neppe vil vandre inn blant pophistoria sine klassikarar. Men i det lettbeinte poputtrykket til Stornoway funkar dei greitt. Naivistisk, idyllisk og greitt.
No dukkar det av og til opp ei februarsky også der sola vil ha overtaket. Utan at det nødvendigvis alltid gjer noko. I eit intrikat og truande arrangement gjev On the Rocks inntrykk av å måtte hanskast med nokre slike skyer. På overtydande vis. Tilstandsrapporten som blir lagt fram i den strykardraperte og vakre The End of the Movie fortel heller ikkje om augeblikk med sukker på akkurat. Opningslinja seier sitt; «6am you left me for the last time».
Den sterkast haltande delen av repertoaret består av hippietullete og anti-teknologiske We Are the Battery Human, den noko kaotisk arrangerte Long Distance Lullaby, og Watching Birds, der dei viser at dei beherskar grumsete rock langt dårligare enn godlynt pop.
Eit og anna feilgrep kan like fullt ikkje ta frå bandet dei strålande popaugeblikka. Dei kan heller ikkje spenne bein under tanken min om at gjengen fort kan ha endå meir å by på neste gong. Ein god tanke det.
Først publisert på Groove.no (i 2010)