Erland and the Carnival – Erland and the Carnival

Standard

Dei gjer den britiske folktonen både dunkle, popraffinerte, psykedeliske og synthbaserte nålestikk, utan å ta livet av den.

6

cover

Ein gjeng av samlarar, det er det dei er, Erland & the Carnival. Samlarar av tonar som har vore rundt lenge. Men dei behandlar ikkje det innsamla på spesielt varsamt eller respektfullt vis. Dei lagar, som namnet lovar, karneval. På sin måte.

Det er den britiske folktonen, og då helst frå dei skotske områda av kongeriket, som er kjernen i det denne gjengen har på programmet. Men det er ein kjerne som ikkje får leve i fred. Den må tåle å bli dytta framover, eller søkt pakka inn, av sekstitalets poptonar, av eit meir drivande rocka ganglag, og av psykedeliske fakter av både eldre og nyare årgang. På sitt beste meislar bandet saman eit uttrykk som gjer inntrykk, på sitt verste kan dei bli vel påtrengande. Dei er langt oftare på sitt beste enn sitt verste.

Erland & The Carnival har aldri vore frampå med eit heilt album før. Dei er eit ganske så nytt band. Men eit par av medlemmene i bandet er ikkje nye. Simon Tong var nokre år den kjenslevare gitaristen i The Verve, og han var ein sentral part av Damon Albarn sitt The Good, the Bad & the Queen prosjekt. David Nock har slått på trommer og rista rytmar i mellom anna The Cult og The Orb. Dei er begge ein sentral del av The Carnival.

Erland heiter Cooper til etternamn, og er vel ikkje like kjent. Han kom flyttande til London, frå sin heimstad på Orknøyane, for nokre år sidan. Der gav han seg til å studere engelske folkartistar som Bert Jansch og Davey Graham, og song og spelte litt rundt på folkklubbar i byen. Ein av desse bar det klingande namnet What The Folk Club. Ansvarshavande var Simon Tong. Ein kveld kom Erland og Simon i prat. I løpet av praten oppdaga dei mellom anna ei felles interesse for den heller obskure amerikanske folksongaren Jackson C. Frank. Dei var samde om at Frank sin aller beste låt var My Name Is Carnival.

Tonen var der. Simon kontakta sin venn David Nock. Og ein ettermiddag møttest dei tre til musisering. At dei måtte bli eit band stod raskt klart for dei. At bandnamnet måtte ha ein link til Jackson C Frank likeså. Seinare har dei verva nokre bandmedlemmer til. Saman presenterar dei sine folksongar på eit slett ikkje heilt stillferdig vis.

Vel, sine og sine. Dei er henta frå tradisjonen fleire av desse songane. Andre er tonesette dikt, og songane dei har kreditert seg sjølve har ofte sine stolne linjer, frå andre artistar, frå filmar, historier eller nyhende. Mykje slik folksongar har blitt til opp gjennom tidene altså. Lydbildet dei plasserer dei i er ikkje like tru mot den tradisjonelle folksongmetoden.

Keyboard og synthesizer blir gitt like så stor plass som gitaren. Og gitaren er langt oftare elektrisk enn akustisk. Visst finst her spor etter Pentangle og Fairport Convention, men like mange etter band som Love og The Pretty Things.

Erland si røyst har både nødvendig autoritet og breidde. Frå lakonisk til stormfull. Den er god. Simon Tong sin gitar prikkar og gneg, men fargar ikkje med same kjenslevare strøk som i Verve-dagane. Eg kunne gjerne tenkt den inn i ei litt meir framtredande rolle. Og gjerne ei litt mindre ei til synthesizeren. Det førekjem meg nemlig at lyden sånn innimellom for eit litt syntetisk preg. Eit preg som, saman med at bandet ved enkelte høve lesser vel mykje på det soniske lasset, er ankepunktet eg sit att med.

Når det gjeld opningssporet Love Is a Killing Thing har eg ingen ankepunkt. Det er eit dynamisk og suverent stykke musikk, der det blir gitt rom til både det såre og spede, og det knudrete og larmande. Eg har heller ingenting anna enn godt å seie om måten dei handterar My Name Is Carnival på. For sjølvsagt måtte dei gjere den. Og dei tar den nærare eit karnevaluttrykk enn det komponisten i si tid gjorde. Samstundes har dei gitt den ei form som får meg til å tenke at den kunne ha passa inn på Forever Changes. Og det er jo ein glitrande plass å passe inn.

God er også vandringsvisa Tramps And Hawkers. Den er tidlegare høyrt på Dubliners-vis. Erland og gjengen gjev den ein øm og elegant popsnert. Was You Ever See kjem i ei kjapp, lett og tiltalande drakt, med litt psykedelisk ståk for uroa si skyld. The Derby Ram står fram i eit snerrande tonelag, og fortel historia om eit tragisk sjølvmord der tilskodarane spelte ei alt anna enn oppbyggelig rolle. Og i bakgrunnen messar eit munkekor. Koret i The Sweeter the Girl the Harder I Fall syng noko slikt som «ba-ra-ba-pap-ba-pap-ba-pap-bap», og tonen er pågåande, og leiken, og lysten, og storarta.

Som sagt, det dukkar også opp eit og anna momentum eg kan styre meg for. Men ikkje av det slaget som set stygge merker, så eg plasserer gjengen i det gode selskap eg. Eit selskap eg ikkje ser bort frå at framtida vil stadfesta endå sterkare at dei fortener å vere i.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s