Pearly Gate Music – Pearly Gate Music

Standard

Med eit vakent instinkt, ved ein luftig port, skapar ein ung mann songar som blenkjer, på freidig vis.

7

cover

Neidå, vi er ikkje direkte inne frå eit musikkstykke sett i scene av St. Peter, med engelen Gabriel på harpe og resten av englekoret i heftig hallelujakoring. Gud har heller ingenting med dette å gjere, sjølv om sonen Jesus er blitt tildelt ei lita birolle. Hovudrolla er det ein høgst jordisk jypling frå Seattle som har, Zach Tillman.

Det var noko kjent med det namnet, seier du då kanskje? Vel, det er nok han Josh du i så fall har i tankane. Josh Tillman, trommeslagar i Fleet Foxes, men også godt i gang med ein somber og melankolitufta solokarriere, som J. Tillman. Zach, det er hans yngre bror det. Og her er han ute med sitt første album på eiga hand. Vel, ikkje heilt på eiga hand, for storebror er med han, som rytmisk partnar og korist.

Zach Tillman har ein viss melankolsk hang han også. Det er songar på plata hans som tek seg fram i lendet der broderen har vore i sine soloframstøyt. Men det er også songar som går andre vegar. Han er verdt å fylgje langs dei fleste vegar.

Plata er i stor grad spelt inn, med enkle middel, innafor dei fire veggene som utgjer husværet til Zach Tillman. I tillegg til å synge både nennsamt og viljesterkt, trakterer han ein akustisk gitar og eit Casio keyboard, og han lar husets lydar spele med. Broderen hjelpe som sagt til på sin måte, kjærasten Jenna korar på ein song, og ein el-gitarist og ein bassist dukkar opp på eit par spor.

Sidan unge Tillman vel å halde seg med så få instrument som det han gjer, er det fort gjort å konkludere med at her har vi jammen meg endå ein singer/songwriter folkfyr du. Det skal eg ikkje gjere. Det ville det vere feil å gjere. For han gjer det ikkje like trongt som ein del av desse soveromstilverkarane kan ha ein tendens til å gjere det. Han varierer tonen, tempoet, og har langt meir enn eitt sonisk tyngdepunkt å vise til. Det er pop, det er grums, og det er takter.

Og det er luft, og det er rom. Og aller romslegast er Golden Funeral. Ein song der dei spelte tonane ikkje er mange, men ein song som like fullt har noko storslått over seg. Storslått og dystert i eit susande og regntungt bilde. «You turned your friends into lovers, and your lovers they are all gone» innleiar songaren, og fortel så ein besynderlig historie om ein einsam og merksemdssøkande gut som det nok ikkje går heilt vel med. Men som songaren meiner har gjort seg fortent til konklusjonen «good work, what a boy».

Folkfyren i han gjer seg til kjenne på litt ulikt vis. Folk’n roll kunne ein kanskje kalle det i drivande nummer som Big Escape og Bad Nostalgia. Medan sakterennande I Was A River og meir giftige Rejoice har mest av den spartanske og intime visa i seg.

Eit markant høgdepunkt er Gossamer Hair. Den har sine nedtona parti, den har sitt krakilske parti. «I know you noticed my clumsy hands, run through your head of gossamer hair» går som eit sårt og illevarslande mantra i den nedtona første delen. «Oh God, I’m an animal» konstaterer så songaren, brått og ille til mote. Og gitaren slit seg og går til psykisk åtak. Etterkvart blir den likevel overmanna, sett band på, og mantraet kan igjen få arenaen for seg sjølv. Nesten.

Og så var det Jesus då, og hans birolle. Oh, What A Time heiter låta der den fyren dukkar opp. Den knokkelarrangerte Oh, What A Time. «The only man I ever loved, died two tousand years before I could ask him to a show» syng vår mann. Eg trur eg anar eit litt lumpent glimt i augekroken hans idet han gjer det.

Ein skapar av den mest skarpsindige poesi kan eg vel vanskelig hevde at Zeth Tillman er. Men i uløyselig kompaniskap med dei på alle vis vitale tonane etterlet hans tidvis underfundige, tidvis likeframme, tidvis insisterande formuleringsåtferd eit visst inntrykk. Vel, eit freidig og saliggjerande inntrykk faktisk.

Slik det jo høver seg at Pearly Gate Music skal gjere.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s