The Radio Dept. – Clinging to a Scheme

Standard

Det tok si tid før planen om det tredje albumet vart fullbyrda. Men det viste seg til slutt å vere ein bra plan.

6

cover

Lengre enn mitt minne strekk seg har det komme ein jamn straum av suveren popmusikk frå den svenske sida av kjølen. Eit av dei mest suverene tilfella det siste tiåret heiter Lesser Matters, og er The Radio Dept sitt debutalbum. Ein uimotståelig hybrid av synthpop, sølete fuzz og tilbakelent psykedelia, med ei låtrekke der pirrande melodiøsitet var dominerande, og uinteressante element ganske så fråverande.

Ein jamn straum av album har ikkje The Radio Dept forsynt oss med etter den tid (plussar ein på med EP’ar og singlar dei har fylt mellomromma med ser det noko betre ut). Tre år skulle det gå før album to var på plass. Pet Grief var tittelen. Fuzzen var polert vekk, tonen noko meir monumental og einsarta. Ikkje like forførande som debuten, men heller ikkje til å kimse av.

Fire år seinare kan så ventinga på album tre endelig materialisere seg om til lytting. Ein aktivitet eg etter kort tid finn ganske så givande. For åra har ikkje tappa bandet for melodisk kraft, eller tært på deira evne til å skape denne soniske elegansen som små poptriumfar kan gro utav.

Johan Duncanson syng med si karakteristiske døsige stemme. Og saman med sine to kumpanar Martin Carlberg og Daniel Tjäder gjev han keyboardet ei større rolle enn gitaren. Litt sonisk støtte frå anna hald vert også søkt, men trioen gjer på ingen måte frå seg kontrollen. Clinging to a Scheme er i vanlig Radio Dept-ånd spelt inn heime, og ikkje i eit studio. Med bandets medlemmer som produsentar, og ansvarlige for det aller meste, ned til coverets utforming. Ja dei er vel eit slikt band som det etterkvart utslitne og meiningstomme indie-begrepet eigentlig var meint for.

Tida som er gått sidan Pet Grief har ein ikkje høyrt veldig mykje frå bandet. I 2008, kom det ein singel. Freddie and the Trojan Horse heitte den, og var ein song som gav til kjenne eit noko skeptisk syn på Sveriges statsminister. Året etter kom ein ny singel, David. Og tidleg i år ein tredje singel, Heaven’s On Fire.

David og Heaven’s On Fire gjer seg bra gjeldande på albumet også. David med ein myndig rytmikk i ryggen, ein tanke fuzz i nervesystemet, og ein uttrykt lengsel etter augekontakt. Heaven’s On Fire kjem med driftig puls, eit svermande keyboardtema, nokre sensuelle saksofontonar, og ei krass innleiande oppfordring frå Thurston Moore om å ta knekken på den hyklerske plateindustrien og dens stadig øydeleggane inngrep i ungdomskulturen.

Med unntak av ei noko identitetslaus avrunding (ein vel kompakt instrumental, og ein fløyelsgrå ballade) gjer resten av plata seg også bra gjeldande. Den har eit kongruent vesen, der pulsen slår ein tanke raskare enn på dei to tidlegare platene, og der tonen verkar vere noko lysare. Men det kongruente står ikkje i vegen for at kvar enkelt låts bumerke viser att. Og det lyse maktar ikkje skape Duncanson sitt melankolske bodskap om til eit sprudlande korstog. Absolutt ikkje. Tristessen dominerer.

Komplekse og vanskelige er dei aldri. The Radio Dept er eit minimalismens føretak, der slumpetreffa er få, planen klar, regien stram, og handlingsrommet avgrensa. Dei finn eit tema, dveler rundt det, krydrar med subtile lydpåfunn, og meislar ut små forførande poplåtar. The Video Dept heiter ein av dei, den har mest fuzz i seg, og ligg nærast der dei var i 2003. Never Follow Suit heiter ein annan, bygd rundt eit mjukt keyboardtema, og rullande basstonar. A Token of Gratitude er ein tredje, med eit kort vokalparti, ping-pong rytmikk, og ein ambient avslutningssekvens.

Clinging to a Scheme er ti låtar unnagjort på ein dryg halvtime, der døde tonar er luka bort. Sånn stort sett i alle fall.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s