Mountain Man – Made The Harbor

Standard

Tre unge stemmer byr på folkharmonisk velklang i tynnkledde men varmeskapande former.

6

cover

Ein mountain man var ein skjeggete pelskledd fyr som traska rundt i Rocky Mountains i 1840-åra. Ein jeger og fangstmann som aldri omfamna sivilisasjonen og eigedomsretten. Ein fyr som var med å forma legenda om det ville vesten, på sin måte. Ein Kit Carson.

Mountain Man er ikkje heilt det same. Mountain Man er ikkje ein gong ein mann. Mountain Man er tre unge kvinner. Men tonane dei tre byr på kunne like så gjerne ha blitt til i 1840 som i 2010. Og er slett ikkje utan fjellukt og naturtru koplingar. Låtane har titlar som Animal Tracks og White Heron, og mantra som «follow, follow, follow, follow the buffalo».

Men det var med Dog Song det heile kom i stand. Alexandra Sauser-Monnig hadde laga denne songen. Amelia Randall Meath kom ein dag over henne medan ho song den. Ho sensa noko storarta. Ho insisterte på å få lære den. Dagen etter song dei to den for venninna si Molly Erin Sarle. Og så vart dei tre som song den. Frøet var sådd, nye songar grodde fram, ein trio byrja blomstra. I den vesle amerikanske byen Bennington, i staten Vermont.

Dog Song er ein storarta song. Ei buktande folkhymne med ein mild bris i ryggen, ein akustisk gitar som akkompagnatør av enkle tonar, og tre frodige stemmer som syng uanstrengt. Syng om ein bortkomen hund, sleske coyoter, og eit minkande tålmod. Omsatt til menneskeverda handlar det kanskje om noko slikt som kjærleik, sakn, og å komme seg vidare.

Mountain Man er ikkje ein folktrio som gror fast i eit melankolsk skylag. Dei er ein folktrio som omfamnar livet, naturen og historia. Dei er tre unge kvinner som ynskjer å fortelje kor gjevande det er å vere kvinne. Så dei plasserer det som måtte vere av motgangar og trøblete tildragingar midt i det der solrike feltet der håpet har så gode kår.

Den der akustiske gitaren forresten, med den der enkle tonen. Saman med dei tre stemmene er den den einaste tonegjevande kjelda, plata igjennom. Det vil seie, opptaka, gjort som dei er på enklaste måte, langt unna velutstyrte studio, rommar også litt knirk, nokre steg over golvet, bilen som fór forbi, og lufta sitt monotone sus. Ikkje heilt i korrespondanse med lyden av dei siviliserte musikkopptak altså. Men så absolutt i korrespondanse med, og på lag med, dei levande tonar.

Levande, og så godt som berre eigenkomponerte tonar. Spartansk og intimt uttrykte songar. Enkle men ikkje nødvendigvis heilt opplagte songar. Fine songar. Ikkje av det slaget som bankar på døra der dei verkelige folkklassikarane bur. Men dei finn sin plass i nabolaget, mange av dei. Den lengtande Arabella, den vagt karakterskiftande Soft Skin, den eteriske Loon Song, og fleire med. Ved nokre høve lar dei gitaren teie og syng a capella. Til dømes i Babylon. Deira versjon av bibelverset som også danna grunnlaget for den ikkje heilt ukjente låta Rivers of Babylon.

Det er ikkje ei plate som tar eit breitt lag av tonar og soniske påfunn inn i varmen. Absolutt ikkje. Men det den tar inn, blir til songar som varmar.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s