Nina Nastasia – Outlaster

Standard

Skjøre sukk og intenst drama, nyanserik minimalisme og evig liv. Nina Nastasia leverer.

9

cover

Eg har aldri høyrt Nina Nastasia smile. Ikkje på Dogs, ikkje på Run To Ruin (spesielt ikkje på Run To Ruin), eller på nokon av dei andre platene ho har gjeve ut desse ti åra ho har drive på med slikt. Eg kan ikkje høyre henne smile på Outlaster heller. Det er sånn det skal vere.

Eg har aldri høyrt Nina Nastasia gje ut ei uinteressant plate. Ho har meisla meisterverka Dogs og Run To Ruin, og spedd på med tre framifrå plater til. Outlaster gjer på ingen måte skam på denne rekka. Det er sånn det skal vere.

Nina Nastasia er ei dame som held til på utsida av det heilt vanlige. Det kan saktens gjerast forsøk på å plassere henne i folk/vise/country/singer/songwriter-båsen, men ein vil nok oppleve at ho røskar og slit, og ikkje utviser verken tilstrekkelig folkskikk eller konvensjonell nok åtferd til å kunne haldast fast der. Det er sånn det skal vere.

Det er sånn Nina Nastasia har gjort seg til ein av det siste tiårets mest interessante musikarar. Med songar som krev litt tålmod. Litt tid. Dei har noko marginalt og vagt over seg. Sånn med det same. Men dei veks seg til gripande songar. Songar kledd og arrangert i former som både harmonerer, varmar, nyanserer, glefser og utfordrar. Og med tekstar som seier det dei har å seie, og lar det bli med det.

For å få spelt inn Outlaster gjorde ho det ho har gjort kvar gong, ho tok turen frå Manhattan til Chicago. Der entra ho Steve Albini sitt studio, og la innspelingsansvaret i hans hender. Andre involverte hender er ein blanding av gamle kjenningar i Nastasia-samanheng, og folk eg ikkje kan sjå har vore med på laget før. Ein sentral aktør frå sistnemnte gruppe er Paul Bryan. Han har dei seinare åra mellom anna produsert plater for Aimee Mann og Grant Lee Buffalo. På Outlaster har han hatt hovudansvaret for dei fleste arrangementa (pluss at han spelar bass og piano). Eg har på ingen måte tenkt å ytre misnøye om det han har gjort her.

Det er to kvartettar som gjer seg godt gjeldande på plata, ein strykarkvartett, og ein kvartett av treblåsarar (og eit valthorn). Spesielt strykarar er jo ikkje eit ukjent virkemiddel i Nina Nastasia sin musikk. Frå bakkatalogen hennar er det vel like fullt berre Run To Ruin som kan skilte med tilnærma like flittig bruk av slikt som det Outlaster gjer. Men arrangementa har eit noko meir melodisk og forsonlig preg på denne enn kva som var tilfelle på ugjestmilde og tidvis noko uregjerlige Run To Ruin.

Høvelig nok, for noko lysare stemt verkar Nina Nastasia å vere på Outlaster. Lysare, men ikkje lausrive frå sitt melankolske åk. Absolutt ikkje. For som nemnt, ho smiler ikkje. Ho smiler ikkje når ho skildrar eit samliv i ferd med å gå mot sin avslutning i den melodisk vene countryfolklåta Cry Cry Baby. Og det er det jo heller ingen grunn til, sjølv om brotet verkar å skje i svært så kjærlige former. Så kjærlige at det kanskje ikkje er ein slutt det er snakk om?

I won’t cry, cry, baby

I won’t worry anymore

You and I, we are ideal

I’m the sad, sad one 

Den same «sad one» møter vi igjen i den spartanske hymna One Way Out. Ein «sad one» som håpar på ein evig flamme, men trur meir på ein snarlig slutt, og konkluderer derfor kort og brutalt.

Miss me. Mourn me 

Det er avgjort eit merkbart sonisk spenn på Outlaster. Frå One Way Out sitt stillferdige vesen til det dramatunge og sonisk hendingsrike nummeret What’s Out There. Der det er gnissel og klunking og kraftige byer, og ei Nina Nastasia som tyner røysta si meir enn vi er vant til. Ikkje heilt utan grunn, for det er ikkje akkurat nåden ho ser komme mot seg.

A light above me, and still I don’t feel safe

Oh window, window, I have to smash you out

And let in something mean 

Ho nyttar stemmeregisteret sitt på This Familiar Way også. Ein glødande tango om feberheit men problemfull kjærleik. «Every day I tear a bit, from myself and from the one I love. And from the other one I love». Eit stykke stille-storm-stille musikk med luft, spenst, liv, ein sørgmodig fiolin, og eit par tøyleslause fiolin/bratsj-soloar.

Det skjer noko i musikken til Nina Nastasia. Det sprett fram tonar, og lydar. Det knugar og kranglar i bakgrunnen. Melodiske linjer buktar seg på ikkje alltid like trygg grunn. Dissonans smyg fram frå eit lite besøkt kott. Men trongt er det aldri der det skjer. Det skjer ein stad der tonar har rom til å puste. Godt med rom.

Eit velutvikla instinkt og stor musikalitet er framtredande eigenskapar hos dei involverte.

Ikkje minst hos trommeslagaren. Jay Bellerose. Ikkje minst i nummeret You’re A Holy Man. Der vegen blir gått frå det rakrygga og enkle over i det varmblodig motoriske. Medan fiolinen kjem krypande som ein lumsk kobra, og Nina Nastasia lovprisar. På sitt vis.

You’re a holy man

At the ears of kings

Who give audience

To the droll and common things

Det skjer noko på Outlaster. Det skjer noko heile vegen på Outlaster. Det sluttar aldri å skje noko på Outlaster. Songar, gode songar, inderlig vakre songar, blir løfta fram av eit veldig nærver og skarpsindig musikalsk fantasi.

Så eg, eg smiler eg.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s