Dei har tatt turen inn til den engelske folktonen, på sitt mest saktmodige vis.
6
The Trials of Van Occupanther var ei riktig så fin plate. Ei plate med behagelige poptonar presentert i eit bilde knipsa i Laurel Canyon sånn cirka 1972. Men spelt inn i 2006, to år etter at Midlake hadde presentert seg i albumformat for første gong, då som ein vennlegsinna psykedelisk gjeng med mykje Radiohead i bagasjen. Dit hadde dei komme etter først å ha vore eit jazzorkester. Under innspelinga av sitt tredje album har dei stega utav av Laurel Canyon-bildet og inn i eit engelsk skogsområde. Tidsepoken er omlag den same som sist, men tonane har signaturen til band som Fairport Convention, Pentangle og Steeleye Span, og noko endå eldre noko.
Midlake har ikkje tillete seg å dvele ved det same to album på rad. Samstundes som turen deira over i noko anna ikkje representerer eit spektakulært gigasprang. Langt i frå. Dei er mykje dei same. Denne trygge leverandøren av late, tidvis litt daffe, tonar, som ikkje utfordrar hevdvunne grunnar, eller gjer seg til på noko vis. Og aldri har dei vore akkurat der like tydelig som denne gongen.
Det spenstige og det fengande vi sist gong fekk gjennom songar som Roscoe og Young Bride, byr ikkje bandet på i år. Songane på The Courage of Others har ein meir anonym klednad. Så det kan i første omgang vere fort gjort å trekke på skuldra og tenke at ein har då jammen andre ting å ta seg til. Enn å ta turar i slikt eit grått selskap. Forhasta slutningar er som oftast dårlige slutningar. I tilfellet The Courage of Others ville det ha ført til at eg ikkje hadde funne fram til det varme vemodet, og den godgjerande tonen under den akustiske kappa, til opningssporet Acts of Man. Ei enkel lita vise som legg seg velmeinande tilrette midt inne i den store klimadebatten.
Fleire av spora i platas første halvdel har i seg ei von om ei meir fredfull og smertefri framtid for Moder Jord. Om å la naturens mystikk få leve, og menneskas utnyttingstrong forvitre. Eller som Goethe skreiv; «Into the core of nature, no earthly mind can enter». Linja er sentral i den fint tempererte Core of Nature. Ein song som til liks med dei fleste andre på plata kjem sigande i eit gitarbilde. Eit gitarbilde der den akustiske og den elektriske varianten opptrer som vel forlikte blodsbrør. Frontfigur Tim Smith syng med si noko einstona røyst, gitarist Eric Pulido harmonerer i det same leie. Medan Smith si fløyte blir gitt ein del plass, og pyntar krokar og løftar songar.
Den siste halvdelen av plata har låtar der det psykedeliske element gjer seg til kjenne. Og kjem såleis nokre steg nærare denne frifolkscena som har heimsøkt oss dei siste åra (men som vel no har spelt seg ferdig for ei stund). Tematisk dreier det seg i denne delen om menneskelige tilstandar, som underkuing, død, og mot. I tittelsongen hevdar Smith at han manglar det siste, og ser med misunning på dei som har det. Songen er både sår og håpefull. Blir sunge i både første og tredje person. Har ei framdrift som ikkje er heilt opplagt. Så ja, den er blant dei beste.
Etter å ha tatt fleire rundar med plata, og komme forbi stadiet der forhasta slutningar vert til, har eg vel no komme til at den absolutt har noko for seg. Den er nok litt vel einsarta i sitt soniske vesen, litt spak i hjerta, men har sine songar. Slike som trenger seg fram berre i kraft av at dei enkelt og greitt er gode. Og slikt er ingen sjølvfølgje.