Eit debutalbum full på sommar, strandliv, surfing og alt slikt som eit velkjent 60-talsorkester også var så kjent for.
5
Knutsen & Ludvigsen song ein gong i tida om den «gamle gule plata med Beach Boys», den som var både velbrukt og skakk. Den plata, og alle dei andre platene til Beach Boys, er eg sikker på at The Explorers Club har utforska nesten meir enn kva sunt er. På det gulna coveret på debutalbumet sitt poserer dei derfor i kjent Beach Boys-stil, og tonane dei presenterer ligg tettare opp til slikt Wilson og hans menn dreiv på med enn det nesten er etisk forsvarlig å ligge.
At dei seks unge mennene i The Explorers Club stort sett må ta til takke med å leite etter ei bølgje eller to i heimbyen Charleston, i Sør-Carolina, ganske så mange mil unna Malibu Beach verkar ikkje å hemme dei i si lovprising av sol, sommar, ung kjærleik og uskuldsreine kyss. Noko dei gjer, slik det sjølvsagt passar seg, med falsettsong og harmonifull velklang som særdeles viktige element.
No er det som kjent ikkje eit ukjent fenomen at unge musiserande menn i våre dagar har latt seg inspirere av Beach Boys, så slik er ikkje The Explorers Club aleine. Men dei er aleine om å kopiere strukturen så utførlig at ordet plagiat er nærliggande å kaste fram. Om dei skal sleppe unna med det er det vel strengt tatt Brian Wilson som bør få svare på, men spør du meg, ja så synst eg dei skal det. Dette er nemlig så mykje meir ei frydefull feiring frå ein alt anna enn talentlaus gjeng, enn det er hjelpelaus etterplapring frå nokon som ikkje kan betre.
No finst det sikkert eit tosifra tal med Beach Boys-plater ein bør skaffe seg før ein vurderer å sleppe denne laus på stereoen. Men skulle ein falle for freistinga å opne døra for Freedom Wind, ja så kan det godt vere at ein stiller seg alt anna enn likegyldig til The Explorers Club si fortreffelige oppfordring om å Don’t Forget the Sun, eller deira livfulle krav på å få svar på det essensielle spørsmålet Do You Love Me?.
Opningssekvensen av Forever er henta direkte frå Be My Baby, slik Phil Spector produserte den med The Ronettes for 45 år sidan. Og nettopp Phil Spector sin romslege vegg til vegg lyd kan ein høyre mykje igjen av i Matt Goldman og sjefs-explorer Jason Brewer sin produksjon av denne plata. Ein lyd som jo heller ikkje var heilt framand for Wilson å utforske på Beach Boys sine beste album.
Ok då, eg skal sleppe dei litt laus frå Beach Boys-klisteret. 3 av dei 12 spora har noko litt anna over seg. Honey, I Don’t Know Why har med sin kombinasjon av brunstig vokal og spretten «ah-oh-bop-baby»-koring eit litt meir udefinert 60-talspreg over seg. Summer Air er ein sval og mjuk instrumental. Medan det orgeltjukke og malmfulle tittelsporet nok har meir av Procol Harum enn av Beach Boys.
Men sånn elles: Så Beach Boys som dette her har vel knapt nok ein gong Beach Boys sjølve vore sidan Surf’s Up grytidleg på syttitalet.
Først publisert på Groove.no (i 2008)