Ted Leo & The Pharmacists – Living With the Living

Standard

Det er slett ikkje alt som er like levande her.

4

cover

Frå sine ulike tilhaldsstader på den amerikanske austkysten har Ted Leo, i ei eller anna form, drive fram energiske tonar sidan seint på åttitalet. Som aktiv medlem i diverse punkband underteikna aldri har høyrt om, og dei seinaste ti åra som soloartist med eller utan sine Pharmasists. Underteikna har ikkje fått med seg så altfor mykje av sololøpet hans heller. Inkludert Living With the Living fortel den offisielle diskografien om fem album, der berre The Tyranny of Distance frå 2001 har gått sine rundar her i heimen før.

The Tyranny of Distance er ei homogen poprock-plate med ein tøyla punk-edge. Dei gode låtane kjem rimelig tett, med skarpskodde tekstar med både politisk brodd og eit meir mellommenneskelig fokus. Ted Leo syng inspirert og lar røysta rett som det er svinge over i falsett. Ikkje heilt James Mercer, ikkje heilt Elliott Smith, men definitivt velfungerande. Han legg inn flust med skimrande og bitande gitarparti. Men han prøver aldri å omfamne meir enn han kan bere, han er heile tida på parti med den gode låta.

På Living With the Living fortonar det seg noko annleis. Det kan virke som om han har utvikla eit større behov for å variere uttrykksforma si. Han trekker inn fleire stilar i opplegget sitt, og hoppar kjappare frå det tungt støyande til det rimelig varlege. Det merkelige er at han endar opp med noko som verkar langt flatare enn The Tyranny of Distance.

Det skuldast fleire ting. Ted Leo touchar ikkje i same grad falsettstrengen når han syng, og røysta hans får dermed meir karakter av ein Elvis Costello eller Graham Parker med litt mindre soulkjensle. Men det er det minste problemet (om det i det heile kan kallast eit problem). Langt verre er det at han har gitt seg sjølv eit svakare låtmateriale å bygge verket på. Lydbildet har også, ved fleire høve, ein tendens til å enten gå noko på tomgang, eller køyre seg fast i lite inspirerande mønster. Gitaren får ofte snakke i korte kvasse og pasjonerte former, men solopartia har ved fleire høve enn bra er ein tendens til å vandre inn i noko ørkeslaust.

Om eg no har skapt det inntrykket at alt er håplaust, så får eg be om orsaking. For alt er ikkje håplaust. Noko er bra. Eller meir nøyaktig, nesten halvparten. Og då snakkar vi i stor grad om albumet sin første halvdel.

Ein av Bruce Springsteen sine mest energiske augeblikk heiter Adam Raised a Cain. Ted Leo syng her om The Sons of Cain, pågåande som ein ung Springsteen backa av the Attractions. Strengt tatt handlar vel ikkje låta om Kain sine søner, men om ein forvist og forhutla vandrar utan eit husvære å gå til, og som derfor føler seg «left down here among the sons of Cain». Meir vandrar-tematikk dukkar opp i den fint tempererte poprockaren, med ein liten irskfolky finte, A Bottle of Buckie. Men her finn omstreifaren heimatt, og blir.

Den sonisk hissige Army Bound må vel tolkast som ei sterk oppfordring til dei unge i Amerika om å tenke seg om før dei flyg i krigen. Meir konkret er krigstematikken i det soniske uværet Bomb.Repeat.Bomb, her Ted Leo tar for seg bombeflygaren sin «behagelige» distanse til døden han skaper. Ted Leo har alltid nytta musikken til å fronte sitt politiske syn (som ligg eit godt stykke til venstre for gjennomsnittet). På Living With the Living er det USA sin noverande krigssituasjon som verkar å oppta han mest.

Men han kan synge om ting som ligg innafor den private sfære også. I melodisk akk så flotte former inviterer han sin kjære med på ei helgeutflukt til La Costa Brava i poplåta med same namn. Medan den energiske power-pop låta Colleen tar vegen utifrå den varme stova til den kalde gata der den prostituerte har vandra kvar dag sidan ho var femten.

Så eit reknestykke: Dei låtane eg har nemnt over, med ein liten reservasjon for Bomb.Repeat.Bomb, er alle meir enn dugande. Det same kan vi vel også seie om den Graham Parker-energiske Who Do You Love?. Då har vi altså 6 som kjem bra ifrå det. Dei har ei samla speletid på 23.30 minuttar. Total speletid for albumet er 61 minuttar. Dei resterande 9 låtane, som varierer frå det beint fram skrale til det som kanskje kunne komme brukbart ifrå det med ei strammare redigering, har ei samla speletid på 37.30 minuttar.

Musikk er ikkje matematikk. Og takk for det. Men vi kan jo seie det slik, hadde Ted Leo laga eit album på cirka halvtimen med dei rette låtane ville han gitt frå seg ein vellykka liten dings. I staden har han fylt på med tvilsamt tempererte greier og laga opplegget dobbelt så fyldig. Og lunka feitt gjer som kjent stygge ting med totalopplevinga.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s