Den no ikkje lenger så urørte bergensar vil mykje på sin albumdebut. Litt for mykje.
4
«Jeg er så imponert at jeg holdt på å kaste opp første gangen jeg hørte låta,» sa Christer Falck, og gjorde sitt for at unge Tellez nyleg vart vinnar av Urørtprisen, 25 000 kroner rikare, og med eit par attraktive festivaljobbar å sjå fram imot. «Låta treffer meg verken i hjertet, beinet eller skrittet,» sa ein viss Moslet, og prøvde å dempe åtgaumen ein smule. Eg er nok tilbøyelig til å vere mest samd med sistnemnte.
Låta det er snakk om heiter Brand New Kicks. Den dansar mot ein i ei drakt sydd i hop av ein sentralt plassert Kinksy popeim, postpunka kantar og eit tropikalsk hjerte. Men den dansar på litt stive bein. Og nett det gjer litt for mykje av stoffet Matias Tellez serverer her på debutalbumet sitt.
Han er flink. Han har mange idear. Han er surrealistisk og snodig, og har ein mangslungen innfallsvinkel. Han har pågangsmot og sjølvtillit som ein dribleglad venstreving. Men han klarer ikkje heilt å styre seg, han driblar seg litt for ofte bort, eller endar opp med å sende innlegga bak mål. Resultatet vert at han ikkje heilt maktar å gje fleirtalet av låtane sine den varmen og medvitne pulsen dei treng for å treffe vitale sanseorgan.
Eller for å seie det slik; han fer fram i stor fart, og han fer forbi. Enten han syng om Mr. Sunshine eller Try So Hard. Når han derimot stressar litt mindre og i småskakk og lett psykedelisk tilstand tar for seg den bukselause Woody, ja då er han rett så trivelig å høyre på. Det same er han når han frå sittande stilling tar på seg brillene til «the loneliest» Boy on the Moon, eller når han fortel om natta med ei moden kvinne i den sjarmerande M.I.L.F.
Talentfull har han vorte kalla sidan han som fjortenåring besøkte det bergenske Gjøa Studio for første gong. Tida vil vise om talentet ein dag slår ut i ei prakt verkelig verdt å lytte til. Han skuslar det ikkje bort på Tamias Mellez, men han vil vise litt for mykje av det på ein gong.
Så ta det heller litt meir med ro du gut, og du vil sannsynlegvis oppleve at du kjem til å bite betre frå deg rundt neste sving.
Først publisert på Groove.no (i 2008)