Wales sitt beste poporkester sviktar nok ikkje denne gongen heller.
7
Det var i dei dagar då det engelske hypemaskineriet var overopptatt med å gje fødselshjelp til stadig nye middelmåtige brit-pop aktørar at denne walisiske banden, med den fuzza logikken, kom sklidande inn frå venstre utan heilt å passe inn i atmosfæren som rådde det britiske rike. I ettertid lyt vi vel alle erkjenne at dei nok hadde meir å fare med enn dei fleste andre som kom til verda på den tida. For medan deira samtidige stort sett gjekk seg tomme før dei hadde lært å gå, har Super Furry Animals no komme fram til sitt åttande album, og det utan å ha gått på trynet ein einaste gong.
Akkurat som John Lennon så har underteikna eit problem med dei fleste ismer. Men ein kan eg stort sett ha sans for. Eklektismen. Denne lysta, denne iveren, til å blande saman ting som nødvendigvis ikkje bør blandast saman. Super Furry Animals er slett ikkje dei mest ekstreme i klassen, men dei har alltid hatt denne trongen til å gje poptonane sine små uventa dytt i ulike retningar. Med denne utprøvande og leikne innstillinga held dei også stort sett alvoret litt på avstand. Eg vil absolutt ikkje gje dei merkelappen «humororkester», men eg opplever at dei har ein lett gjøglande og rimelig akrobatisk tankegang. Og har i så måte sine åndsfrendar i band som The Bees og Flaming Lips.
Alle platene deira kan vel seiast å vere smidd i hop over ein psykedelisk pop-prog-folk-rock lest. Utan at dei på nokon måte har stått stille og latt uttrykket stivne. Dei har heller flytta seg rundt og lagt trykket på ulike delar av denne lesten. Den førre plata deira, Love Kraft, er nok den som har mest prog i seg. Medan Hey Venus er den som kanskje har minst av det. Denne gongen er det flørtande og lett på tråden pop-psykedelia som gjeld.
Coverinnlegget er av typen ein kan brette ut i fulle 72 centimeters breidd. Då vil ein på den eine sida kunne studere surrealistiske og fargerike grafiske krumspring frå blyanten og penselen til den japanske popkunst-innovatøren og animatøren Keiichi Tanaami. Etter seiande den første japanar som prøvde LSD. Og illustrasjonen han har bidratt med her har definitivt noko 1967-i-LSD-rus over seg. Deformerte og hallusinerte figurar, der ein meir eller mindre avkledd kvinneskikkelse er ein gjengangar. Venus. På den andre sida kan ein studere songtekstane. Bandet hevdar at dei kan tolkast inn i ein samanhengande historie om ei ung kvinne sin veg mot heider, undergang og frelse. Venus. Det får stå for deira rekning. Eg ynskjer å sjå det mindre pretensiøst. Då ser eg, og høyrer, songar som nødvendigvis ikkje prøver å lodde altfor djupt. Som har sin dose av «bah, bah, bah», «bang, bang, bang» og «shine, shine, shine». Men som også kan komme smygande med overdådig vakre linjer som «bring down these darkest years, bring down the chandeliers».
Starten på Hey Venus! har eg eit ambivalent forhold til. Eg klarar ikkje heilt å avgjere om den er årets smartaste eller årets mest irriterande opning. Den er eit gitarriff og den er dansande pianotonar. Og den går slik; «it’s a numero uno sing along, and once you get hooked you can’t get enough». Så sant, så sant, så eg syng med. Men pjoong, der var den slutt gitt. 43 sekundar etter at den hadde starta. Ikkje rart dei har kalla den The Getaway Song. Eg kunne definitivt tenkt meg meir av den. Samstundes sørgjer den for at eg møter neste låt særdeles svolten. Og Run-Away smakar godt, veldig godt. Teenage Fanclub-slekta poptonar inni ein vegg av lyd. Super Furry Animals er på sporet, og gjer lyttaren få grunnar til å kikke seg tilbake.
Motstandsfrie Show Your Hand er hooks og strykarar arm i arm. The Gift That Keeps Giving er falsettsong og harmonisong og både avmålt og sprudlande på same tid. Into the Night festar grepet på eit funky vis. Og Suckers kjem krypande nedanfrå medan den snakkar om «suckers playing stadiums, filled up to the rafters, singing power ballads song». Der ville vi nok neppe hatt det kjekt verken Super Furry Animals eller eg. Vi likar ikkje pompøse kraftballadar nokon av oss. Vi likar derimot veldig godt gospelprega og luftige balladar av typen Let the Wolves Howl at the Moon, som avsluttar Hey Venus! på slikt eit utsøkt vis.
36 minuttar tar det heile, og er ein aldri så liten indian summer.
Først publisert på Groove.no (i 2007)