Tellusalie – Is The Outside Still There?

Standard

Med ord og tonar frå innsida søker Tellusalie merksemd frå utsida. Det bør dei få.

cover  Joda Ottosen, utsida er her framleis, den. Ganske så lytefri og rettskaffen er den også blitt etterkvart. Folka her blir stadig vennligare innstilt overfor kvarandre. Omgrep som djup fortviling, hat, undertrykking og krig er snart kanskje berre vage minner. Dick Cheney, Karl Rove og George Bush forsvann i ein orkan utafor kysten av Louisiana for eit halvt år sidan. Osama Bin Laden fekk hovudet blåst av mens han dreiv og leikte seg med eit sprengstoffstappa modellfly. Heile leiarskapet i Nord-Korea har sendt seg sjølv til helvete i ei storstilt prøvesprenging. Gamle fiendar i Midt-Austen har funnet ut at dei har same Gud, og derfor gravlagt alle stridar og vandrar no hand i hand gjennom gatene i Jerusalem. Alternative tankar blir omfamna frå alle kantar, og verda sin rikdom byrjar endelig å komme alle til gode. Dagbladet har byrja å trykke interessante artiklar på kvar einaste side, Carl I. Hagen har gått heim, VG har gått inn, Se og Hør har gått i grava og på toppen av hitlistene regjerer det fabelaktige Fredrikstad-bandet Tellusalie.

Løgn? Seier du det, Ottosen? Jammen var det ikkje det du ba om då? Eller var det kan hende ein draum?

Det var kanskje ein aldri så liten oransjeraud draum som gjekk i oppfylling då debut-albumet til Tellusalie, Tangerine Dreams, vart nominert til Spelemannspris i 2004. Ei hyggelig lita overrasking var det i alle fall. Det store platesalet fylgde likevel ikkje i fotspora til dei 4 minuttane i det offentlige lys, så låtskrivar og songar Ole Jørgen Ottosen stega ned igjen i dei lyssvake sirklar og skreiv nokre nye og endå betre låtar. For all del, det hadde han nok gjort uansett kor varmt det hadde blitt rundt populariteten sitt suspekte alter. No er han oppe igjen. Mannskapet han har samla i hop er blitt litt endra på sidan sist, og lyden dei lagar er kanskje litt meir stillfaren denne gongen, men den fengslar minst like mykje.

Den er verken ny eller original denne lyden. Den tar utgangspunkt i dei same jordbundne, country-injiserte og popmelodiske rock-teksturar som har ridd mang ein tonekunstnar frå den andre sida av Atlanteren. I alle fall sidan Neil Young og Gram Parsons spelte inn sine første tonar og fram til våre dagars Band of Horses. Tellusalie gjer den like fullt til sin eigen dei.

Sjølvsagt er det mykje vemod i både orda og tonane, men aldri av den totalt overmannande sorten. For det blir sloppe inn lysstrimer også, fleire. Og fargar, nyansar, kontrastar dukkar opp. Ganske så kjapt. I første spor. Scared Bird, Pretty Bird høyrest i første omgang ut som ei låt som Band of Horses har klargjort for sitt neste album. I struktur, men først og fremst på grunn av stemma til Ottosen. Ei fin stemme. Ei stemme eg trur på. Den minnar meg ikkje like mykje om Ben Bridwell i dei andre låtane. Då kan det av og til vere litt Neil Young over den, eller kanskje litt Dan Stuart, men mest minnar den om Ole Jørgen Ottosen. Det verkelig nakkehår-reisande augeblikket i løpet av dei tre minuttane Scared Bird, Pretty Bird driv framover i sine velfunderte former, kjem når Ottosen på kontant vis slår fast at «he’s not working for you, no he’s not working for you, you, you». Det er langt ifrå den einaste gongen i løpet av dei førti minuttane at nakkehåra vaknar til liv.

«I wrote a song, but it turned out wrong when I began to sing», hevdar Ottosen i Big Boys Bark. Det må han gjerne gjere, men det kan umogeleg gjelde den låta. Den er det nemlig ingenting gale med. Seig, orgel-underbygd og med munnspel i svingane tek den seg fram i form av duvande versevandring og hardt-trampande og fleirsong-aktivisert refrengkauking; «What can we do? What can we say? When big boys bark, and time slips away». Litt av den same mønsteret fylgjer også den fatalistiske Man of Matches, men utan kauketendensar i dei vokal-harmoniserte partia. Den er slett ikkje dårligare av den grunn.

Eit definitivt høgdepunkt er D Major. Ein saktegåande affære som kretsar rundt i ein gjentakande, vanedannande og Low-liknande tekstur. Den skjelv, lever og bygger seg etterkvart inn i eit støyande avslutningsparti. Med vakre steelgitar-tonar, varlege «ooh-ooh»-harmoniar som krydder og eit litt Zorba-aktig gitarmønster voggar See You Sometimes seg inn på lista over minneverdige countryrockarar. Der kan den fort få selskap av den såre og litt sånn Grant Lee Buffalo-dramaturgisk oppbygde og Love Hurts-hintande Kick It Back.

Av dei 11 spora er det berre eit eg ikkje heilt finn tonen saman med. Cautious Clay rockar og riffar meir enn noko anna her, og har eit slektskap til Green On Red sine meir Stones-prega sider, men det melodiske er for vagt og dynamikken for slapp. Meir stoff frå Dan Stuart-vandra slagmarker dukkar opp i Instant Joy. No er det snakk om den klassisk countryrockande varianten. Den der eg har så lett for å like. Det same gjeld vel også både Twenty Eight og Queen Latoya. Førstnemnte kan ein mistenke Tellusalie for å ha plukka opp ein eller annan stad på vegen mellom After the Gold Rush og Harvest. Sistnemnte jumpar kjekt av stad i eit forsøk på å legge smerter og sorger bak seg. Det gjer ikkje Sorrow. Den står mitt oppe i det. Anger, bøner, rastløyse, sakn og eit bortkasta liv, kan vel vere stikkorda for denne smått dramatiske affæren som nok har sine stilleståande parti, men som også krummar nakken og bit ifrå seg.

Der veldig mange andre norske dyrkarar av americana-melankoli har ein tendens til å bli litt for respektfulle og spakferdige i sine framstøyt, hentar Tellusalie fram den der vesle nødvendige uroa som gjer at dei blir eit verkelig interessant selskap. Ikkje det at dei bråkar, sjølv om dei lar elektrisiteten gnistre litt innimellom. Ikkje det at det meste ikkje kan kallast beint fram nydelig. Nei, det er ikkje derfor. Det er nerven. Ei nerve ein slett ikkje finn kvar som helst. Den er der i gitaren, i munnspelet, i orgelet, i pianoet, i steel-gitaren og i rytmen. Den er i røysta til Ottosen, i orda hans, mellom linjene og i lufta. Den legg seg ikkje til ro, den løftar, sparkar, grev og bender. Den skapar liv. Den er der og gjer Is the Outside Still There? til ein av dei aller beste platene som har komme ut her til lands dette årtusenet.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s