Første og siste album frå ein desperat men noko melodiveik australsk trio.
Døden affiserer. Her har eg lytta gjennom det australske bandet tongues sitt album Ugly fleire gonger, og gjort meg opp ei meining. For å få litt bakgrunnsstoff les eg så gjennom det medfylgjande presseskrivet. Midtvegs i siste avsnitt endrar biletet seg. Der står det at bandet si fremste drivkraft, låtskrivar, songar og gitarist Cate Dahl tok sitt eige liv berre veker før den planlagde utgjevinga av denne plata. Så kva skulle eg gjere no? Meininga var å skrive ein litt lunken omtale. Den ukultiverte post-grungen til bandet hadde nemlig ikkje heilt klart å gripe tak i meg. Men som den respektfulle fyren eg trass alt er, bestemte eg meg for å gje albumet ein sjanse til. Og det er klart at ein høyrer på desperasjonen og uroa til Cate Dahl med litt andre øyrer denne gongen. Eit og anna glimt av stygg realisme byrja brått å flimre på netthinna (eg skal ikkje nekte for at desse hadde stanga uoppdaga forbi tidlegare). Utan at Ugly verken kan tolkast som historia om eit varsla sjølvmord, eller blir ein ny In Utero, av den grunn. Slett ikkje.
Dei var tre om å gjere det. Alle spelte dei gitar, alle spelte dei bass, og Cate slo i tillegg på trommer. Plata vart spelt inn sommaren 2004 heime i leiligheita som Cate delte med den eine av strengetraktørane, Dave Reynolds. Skal ein tru presseskrivet så betalte trioen naboane for å halde seg vekke eit par veker. Hmmm, pengeproblem var neppe blant Cate sine plager (eller kanskje det blei?).
Døden affiserer, men den kan ikkje gje desse låtane nytt liv. Den kan ikkje finne fram til ei manglande melodisk kjerne. Den kan ikkje hente inn igjen og samla energien som tar litt for mange, og litt for preglause, retningar. Den kan ikkje skaffe Peculiar nødvendig framdrift. Den kan ikkje redde Velveteen frå eit liv blant middelmåtige popforsøk. Den kan heller ikkje røske Dazed utav den tredjerangs Nirvana-drakta den er kledd i. Nei, den kan nok ikkje gjere denne plata betre.
No er ikkje alt på Ugly slik eg skildrar det i førre avsnitt. Den seksuelt-tona Dead Man Walking med sitt manisk gjentakande gitarriff og Cate sin intense vokalisering har glødande tendensar. Det same kan ein vel til ein viss grad seie om Wanna-be. Der Cate i selskap med frenetiske gitarar nådelaust proklamerer seg som outsider. I hastige Cat Top manar Cate fram for så vidt potente linjer oppå syrefarga men rimelig velmanøvrerte gitar-riff. Medan avsluttande Telektanon smakar på Sonic Youth liknande stoff. Den strekk seg over åtte minuttar. Den siste halvdelen er ambient støy, noko uforløyst i så måte. Dei fire første minuttane derimot kan vise til ei fokusert melodisk framdrift som når sitt klimaks i eit gjentakande «I’m not leavin» till I’m done».
Så drog ho sin veg, men eg trur ikkje ho var heilt ferdig.
4/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)