Det låte ikkje akkurat som Mendelsohn når Geoff Berner lagar bryllaupstonar.
6
Den beste og mest presise beskrivinga av kva ein får servert på Geoff Berner sitt tredje studioalbum, er det vel mannen sjølv som har komme opp med:
– Because klezmer is largely wedding music, I decided to write a wedding album. But it’s my wedding album, so it’s a bit fucked up.
Den trekkspelande canadiaren Geoff Berner og hans to medmusikantar, fiolinisten Diona Davies (frå Po Girl) og perkusjonisten Wayne Adams, legg for dagen ei sonisk framferd som vel neppe kan karakteriserast som 100 % sivilisert. Fryktlaust, trur eg vi seier, men med ei djup forståing av at musikken gjer seg best når ein kombinerer det angripande med det sordinerte, spelar dei opp til ein dans som slett ikkje alltid følgjer hevdvunne reglar. Når så Berner i tillegg riv ned dei fleste illusjonar om ekteskapelig lykke, ja så vil eg tru at ikkje ratt alle nygifte vurderer Berner & co som dei mest opplagte kandidatane til å lydsette brurevalsen deira.
Men festlig er det. Usedvanlig festlig. Der Berner & co med enkle midlar og stor kjærleik kastar seg om halsen på den gamle jødiske klezmertradisjonen, samstundes som dei gjer den eit par intoksikerte spark i baken. Det som held meg borte frå å vere endå meir gåvmild når det kjem til groove-poeng er at mannen sitt melodiske register kanskje kan bli litt i snevraste laget, og at opplegget hans kanskje ikkje kan skilte med den mest solide substansen her i verda. På den andre sida, gjer det noko?
I ein burlesk forteljartradisjon manøvrerer Berner seg nokså skånsellaust mellom det lystige og det beint fram tragiske. Det startar gjøglande og optimistisk i kjappe soniske vendingar med Good Luck Now. Ein åndsfrende av Berner sitt paradenummer Lucky Goddamn Jew. Tonen blir så ganske annleis når Berner, i Weep, Bride Weep, gjer bryllaupet om til noko som vel meir minnar om ei gravferd. Sakte men i intense former (minnar ikkje fraseringane hans litt om Nick Cave til tider, tru?) prøver han å overtyde brura om at ekteskapet absolutt ikkje er eit tilrådelig løp å gje seg ut på. Så idet låta hastar mot siste tone står ektemannen att som ein eindimensjonal tufs, medan bandet stikk av med brudepikene.
Som det vel høver seg, når det er det velsigna samlivet mellom mann og kvinne som er tema, blir det mange både direkte og indirekte seksuelt relaterte ytringar. Ganske så direkte når Berner i Widow Bride kjem med kraftfulle anbefalingar om å skaffe seg ei enke, fordi: «a widow bride has everything her husband couldn’t take with him, and a widow bride knows how to do things you don’t know how to teach her to». Meir dulgte er utsegna, men vel så rå, når det i Can’t Stay Dry mellom anna blir hevda at «she never imagined how much fun it would be to get dragged into the flooded gutter with me».
Det meste på albumet har Berner skrive sjølv, men han tillet seg også å herse litt med Leonard Cohen sin alt anna enn sømelege Queen Victoria. Så heilt sømeleg er vel heller ikkje kvinna han lovprisar i sin eigen desperate The Fiddler is a Very Good Woman. Medan den stakkar kvinna i Traitor Bride har gjort seg skuldig i den dødssynda det er å forelska seg i «a soldier from the wrong side».
Med den sorgtunge balladen Would It Kill You? fører så Berner oss til slutt inn i den uunngåelige ekteskapelige bakrusen han har åtvara om sidan første stund: «Would it kill you, to love me enough to stay?» spør mannen ståande midt i ruinane av matrimoniumet sitt samanbrot.
Ja, kva skal vi eigentlig med optimismen og ei sunn sjel, så lenge vi kan få servert pessimismen og det intoksikerte sjelelivet på slik eit saftig vis.
Først publisert på Groove.no (i 2007)