Big Bang – Too Much Yang

Standard

Eit smell sånn på det jamne. Fint frå vest, litt daudt frå sør.

5

cover

Med sitt førre album, Poetic Terrorism (2005), fjerna kraft-trioen Big Bang seg litt frå sitt Frontside Rock’n Roll uttrykk. Ikkje det at dei sterkt gitardrevne rockelåtane var lagt på hylla, men dei fekk i større grad enn kva som hadde vore tilfelle tidlegare selskap av noko anna. Og det andre i denne samanheng var harmonistetta og småpsykedelisk vestkyst-tonar à la Crosby, Stills, Nash & Young og The Byrds. Variasjonen dette førte til, gjorde etter mi ringe meining bandet godt. BigBang held for så vidt liv i denne variasjonen også på sitt nyaste verk, Too Much Yang. Men albumet blir likevel eit hakk svakare enn forgjengaren. Litt for mange låtar med eit identitetsfattig vesen lyt ta skulda for det.

I fylgje den eldgamle taoistiske filosofi så representerer yang den lyse, oppstemte og maskuline sida i det dualistiske yinyang symbolet. Når Greni & co i tittelen hevdar at det er for mykje Yang, ja så grunnar eg sjølvsagt litt over kva som kan ligge bakom ein slik påstand. Er det tanken på at dei maskuline kreftene i verda er på god veg til å skape eit nytt Big Bang? Kan det vere dei overfladiske og lettvinte løysingane sine sørgelige framgangar dei har i tankane? Eller kanskje er det ein kommentar til det soniske og tekstlige innhaldet på albumet? I tilfelle det siste, så vil eg skyte inn at det er vel så mykje nattlege tankar som dagdraumar kring livet sine lysare sider Greni har føre seg. Men kanskje vi ikkje skal gå så djupt, kanskje dei berre har funne noko som rimar på bang, og det var det?

I alle fall, albumet smell i gang med eit maskulint slidegitar-riff, og det noko sjofle utsegnet «I like my friends when they’re heartbroken and in need for company». Vi møter ein mann som sit og drikk aleine, medan store tankar kryssar hjerneveggene, før han kjem til ei erkjenning av at «the world’s got too much yang». Det er beiskt og kraftfullt, men melodisk litt kantete. Det melodiske mønsteret er vel ikkje i sin aller beste form på Hurricane Boy heller, men den har i alle fall ein trommis-Olsen i eit så initiativrikt slag at ein kan få mistanke om at orkanguten dei siktar til her er sjølvaste Keith Moon.

Det er når dei drar fram låtane med californisk klang at Too Much Yang finn den gode tonen. Høgdepunktet er L.A. Song i si tilbakelente verseform, med sitt energiske refreng, og med den falsett-songne killerlinja «all the angels cry». Låta har Øystein Greni komponert i kompaniskap med sin argentinske kjærast Maria Orieta. Ho syng med på den også. Nesten like bra er den akustisk-gitar drivne A Thousand Time Over, med meir falsett-song, strokne kontrabasstonar, og snev av Band Of Horses passasjar. Denne har Greni skrive saman med Martin Hagfors.

Hagfors står også oppført som medkomponist på The Third Act. Ein country- og folkrockande sak som hadde funne seg vel tilrette på eit Home Groan album, eller på eit Tom Petty album. I det same lende finn vi også All The Time, men den hellar kanskje meir mot The Byrds sitt mest stabile poprockmønster.

Resten av låtane er det vel ikkje så altfor mykje å seie om. I Don’t Wanna prøver, med blåsarar og vokalharmonisk fynd, å finne fram til ei Girl in Oslo stemning, men har vel neppe denne sin stayerevne. Medan My First Time er ein lett funky, men ikkje spesielt minneverdig sak om møydomen sitt endelikt. Før trioen i dei tre avsluttande spora går på tomgang i sitt eige mest hevdvunne powerrock-møter-funk-mønster.

Sånn samla sett blir det vel habilt nok. Men eg kan ikkje fri meg for å fundere på om ikkje tida er inne for ei endå litt kraftigare risting av eit litt for fastgrodd mønster?

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s