To frå Melbourne byr på ei groovy reise i psykedelisk tåkelandskap.
6
Den australske duoen Black Cab platedebuterte for eit par år sidan på overtydande vis med Altamont Diary. Eit konseptalbum om eit musikkevenement som dessverre har hamna i historiebøkene meir på grunn av Hells Angels si grove valdsutøving enn for frigjerande og stor musikk.
Black Cab skildra historia i ei groande apokalyptisk form der lyd og rytme hadde ein meir framtredande plass i bildet enn det tekstlige. Formelen dei nytta seg av skulda både Stones sine beste augeblikk, Velvet Underground sine innovative droner og kaskadar, og Neu sin vitale rytmikk, eit og anna. Ingen original formel altså, men i henda på vokalist og computer- og synthoperatør Andrew Coates og gitarist James Lee vart den ualminnelig godt handtert.
På oppfylgjaren Jesus East har dei ikkje pensa det soniske uttrykket sitt inn på nye spor. Det kan vel kanskje hevdast at Lee er litt snillare med gitarstrengene denne gongen. Og kanskje er Stones-faktoren noko fjernare. Samstundes er det vel ikkje heilt tilfeldig at ordet East er ein del av tittelen. For dosen med Tomorrow Never Knows-inspirert psykedelia, med sitar og tabla i sentrale roller, er nok kraftigare på dette albumet.
Med Jesus East tar ikkje Black Cab opp konsepthansken frå debuten. Kor dei eigentlig tek oss med synst eg faktisk er noko uklart. Men den suggererande soniske framferda deira og den mystiske platetittelen sporar meg i alle fall til å gjere eit forsøk på å orientere meg litt.
«Imagination, my only friend» syng Coates. Å ha fantasien som sin einaste venn kan nok vere ei noko trasig kjensgjerning, men å ha eit godt forhold til den kan absolutt vere til hjelp om ein skal få noko utav møtet me Jesus East. Akkurat som på debuten finn Coates sine vokaliserte strofer seg ein plass så pass djupt inne i den omfamnande lydrøyken at det er vanskelig å fange opp kva han syng om. Kor for eksempel Jesus kjem inn i bildet har eg ikkje ei sikker forklaring på. Men eg har leika meg litt med tanken på at det kan ha noko med det bibelske området aust for Eden å gjere. Dit historia fortel at Kain vart forvist. Kanskje det har vandra rundt ein Jesus der også? Under Another Sun til tonane av dorsk og småfjern psykedelia, poetiske gitarlinjer og mektige Hearts On Fire. Og i si vandring mellom klunger og dunkle skuggar støtte han kanskje bort i ein motorisk vital Underground Star, med ein Simple Plan om å «take a ride to the promised land», på ryggen av skingrande gitarar og sikker rytmikk.
Om det då ikkje er The Jesus and Mary Chain det blir referert til. For tittelkuttet spesielt, men også eit par andre spor, har meir enn eit snev av Darklands over seg. Eller kanskje det er legenda om Valiant som er nøkkelen? Den gamle riddaren av det runde bord blir i alle fall nytta som tittel for eit spor der Sam Cutler resiterer om 60-talet, om å få Grateful Dead rissa på gravsteinen sin, og om å stake ut sin eigen kurs, og følgje den. Kven Sam Cutler er? Han var sentral som arrangør av mange konsertar på 60 og 70-talet, der namn som The Band, Fleetwood Mac, Grateful Dead og Rolling Stones ofte stod på plakaten. Ein av konsertane han arrangerte var den på Altamont. Så sjå der, der var det jammen meg ein link til debutplata her også gitt.
Jesus East tar ikkje tak i meg på same ubønhøyrlege vis som debutalbumet. Likefullt er den ei fargerik og medrivande ferd inn i eit interesseskapande sonisk landskap. Større krav treng ein nødvendigvis ikkje stille.
Først publisert på Groove.no (i 2007)