Frå eit loft i Leicester ser dei havet stå i brann, og ørkenstøvet virvle. Slett ikkje dårlig.
I 1977 gav Dennis Wilson ut sitt einaste soloalbum. Ein sublim og sterkt vestkyst-prega mikstur av det svalt bølgjande, det stort orkestrerte og det meir groove-forma slaget. Han kalla den Pacific Ocean Blue. Nokre år tidlegare hadde den amerikanske poeten og forfattaren Richard Brautigan skrive ei gripande novelle om ein mann med kjærleikssorg som set fyr på ein radio med Stillehavet som bakgrunn. Han kalla den Pacific Radio Fire.
Langt unna Stillehavet sine blå bølger, i det engelske Midland, i Leicester, finst det eit band. Dei har høyrt Dennis Wilson plata og dei har lest Richard Brautigan novella. Dei kallar seg Pacific Ocean Fire. From the Station to the Church We Are Under the Same Stars er ikkje deira første innspelte framstøyt (dei har eit par album og nokre EPar på CV’en frå før), men det er første gongen underteikna høyrer dei. Eg ser ingen grunn til at det skulle bli den siste.
Med americana i blikket, countryrock i blodet og nok av poptonar spinnande rundt i hovudet skaper dei musikk som slett ikkje tar seg upåakta forbi underteikna sine sanseorgan. Dei har ingen revolusjonerande idear å komme med, men dei har fleire fine songar. Ein skal ikkje kimse av det. Eg gjer det i alle fall ikkje.
Dei er fire, og dei gjer sine grep for at dette ikkje skal bli ei heilt alminnelig og høgst gjennomsnittleg countryrock-plate med poptilsnitt. Ved nokre høve gløder det ganske så intenst frå seks-strengaren, andre stader finn bassisten David Fellows fram trompeten sin og sender ei låt i ei litt anna retning. Kvartetten evnar kort sagt å skape eit skiftande og interesseskapande sonisk bilde. Den elegiske og smidige røysta til vokalisten Jon Bennett gjer også sitt for at låtane skal vinne merksemd.
Like mykje som, eller kanskje helst meir enn, dei skodar utover eit eldfullt hav, set dei sine fotspor i ørkensand og støvete småbygater. Det er i alle fall slik eg ser dei for meg der dei i Pneumonia-era Whiskeytown stil slentrar av garde syngande om sine Honky Tonkin» Troubled Times. Eller når dei til hengslete gitarslikkande tonar minnast den gongen When the Preacher Snaps His Fingers. Men kanskje aller mest i den nakne, såre og umåtelig vakre balladen Leaving Dusty Footprints, der Bennett får god sangstøtte av ei dame med namn Anjy Hall.
Tematisk malar dei med duse fargar. Vemoda, regnet, mørkret, trøbbelet og fortapte draumar spelar dominerande roller. «I’ve been dreaming the same dream, I’m on a tightrope, seems folks are grabbing around my ankles in the snow» lyde det nokså klaustrofobisk i den stadig like vedunderlige Leaving Dusty Footprints. Det tungsindige er like fullt ikkje overdøyvande påtrengande, for dei kan også høyre elva, skimte lyset, smile vennlig mot månen og vandre tilfreds under stjernene. Ja dei finn det endatil fornuftig å starte opp med ein Summer Engines og jublande banalt stemme i eit «c’mon c’mon let’s leave this city, I know a place were the sky is so pretty».
Dei kan stundom minne meg litt om Olsen’s Lot-era Midnight Choir, ved andre høve ser eg dei for meg vandrande i ublidt fellesskap med Blue Rodeo og landsmennene i Grand Drive. I avslutningssporet Driving All Night ser eg berre Pacific Ocean Fire, stilfullt men dramatisk folkrockande til eit funky gyng, medan Bennett på slepent vis syng om ein «wishing well somewhere, filled with rocks and stone» der «all the dreams that I had are lost and gone». Det er vel vanskelig å påstå at det lyde oppløftande. Men det er ikkje vanskelig å påstå at dei lyde bra, søkkande bra.
Så ta kvartetten på ordet, bli med dei From the Station to the Church. Det kan godt vere du vil finne hugnad i deira selskap. Eg har i alle fall gjort det.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)