Ole Paus – Hellige Natt – Jul i Skippergata

Standard

I år er det Ole Paus og nokre kafégjester som skal få synge jula inn.

cover  Så er det atter dei dagar at forretningsstanden let lysa ut over det ganske land at den store kjøpefesten står for døri. Dette er første gongen dei gjer dette medan Kristin Halvorsen er høvding i finansdepartementet. Då går alt folket ut, både dei med bognande lommebøker og dei med meir skrantne. Og dei dreg frå butikk til butikk for å vere med på festen.

Omtrent slik lyde dei første linjene i det moderne juleevangelium. Det er blitt meg fortalt at ein gong i tida var innhaldet litt annleis. Då handla det visst om ei ung kvinne som fødde eit gutebarn som ho måtte legge i ei stallkrybbe fordi det var ingen som kunne avsjå eit rom til henne. Eit gutebarn som ifylgje ein hærskare av englar skulle verta frelsar for ein flokk gjetarar og fleire med dei.

Eg har Ole Paus mistenkt for å ha hatt meir fokus på dette opphavlige evangeliet enn det moderne då han tok med seg ein gjeng musikantar til ein beskjeden møtestad i Skippergata. Nærare bestemt Kirkens Bymisjon sin kafé Møtestedet. Med kafégjestene som publikum og kor drar Paus og gjengen hans gjennom eit knippe velkjente julesongar, eit par mindre kjente, samt eit par Paus-komponerte viser.

Paus si særeigne stemme, og hans ganske så unike evne til å gjere kvar ein låt til sin eigen, gjer at dette blir ei juleplate av eit litt anna kaliber enn dei fleste andre sesongfarga utgjevingane du vil finne i årets julereolar. Når han så i tillegg er velsigna med ein liten musikargjeng som tempererer låtane inn på livskraftige spor, og koristar som syng med usminka sjel, ja då blir det jo julefest då. Ein særdeles upretensiøs, varm og stemningsfull ein. Eit godt stykkje nærare underet i stallen enn dei fleste kyrkjeturnerande kremmarane som rasar rundt i landet for tida, skulle eg meine.

O Helga Natt er vel hos dei fleste synonymt med Jussi Bjørling sin enorme versjon. Ole Paus har laga si eiga oversetting, og gjer songen så definitivt på sin måte. «Hellige natt som kom med frihet til vår sjel» syng han med uforfalska rusten overtyding. «Var det stygt?» spør han litt usikkert sitt publikum etterpå. «Nei det var fint», «Eg begynte nesten å grine», «Det er den kuleste julesangen som finst» får han til svar.

I Det Kimer Nu Til Julefest gyngar bandet seg framover på bluesmaner. Stille Natt er så sakral og nydelig at sjølv den mest hardnakka heidning må byrje å vakle. Det same kan ein vel ganske så uomtvistelig seie om I En Steingrå Vinter, ein engelsk lovsong som Paus har gjenskapt i norsk språkdrakt.

Han tar for seg hendinga i Betlehem frå ein litt annan vinkel i sin eigen Den Lille Stjernen. Det er ikkje den store funklande stjerna, men den vesle unnselige grå som endelig får fortalt sin historie ”jeg kjenner ingen engler, jeg tenner ingen brann, jeg er svært lite veldig, men jeg gjør så godt jeg kan”.

Ein god del av essensen i innspelinga er samla i songen Jerusalem. Ei gjendikting av ein William Blake tekst. Av og til er 1 minutt og 54 sekundar nok:

Hvor finnes sporene efter ham her i mitt hjemlands skrinne jord?
Har noen sett Guds hellige lam blant is og sne og fjell her nord?
Ble nådens lys tent her et sted under en bro, over en foss?
Og ble Jerusalem bygget her blant de elendigste av oss?

Smi meg et sverd av all min tro, smi meg et skjold av all min tvil
Gi meg et spyd, jag skyggene bort, gi meg en himmelvogn av ild
Det er en slagmark i min sjel, jeg holder ut, jeg holder stand
Til vi har bygd Jerusalem i hjertet av mitt fedreland.

Paus og dei som er til stades avsluttar så seansen med tidenes minst pompøse versjon av Deilig Er Jorden. Jostein Forsberg (Blues-sjefen i Notodden) krydrar med munnspel, og eit autentisk gatekor «går til paradis med sang».

Så enkelt, så ekte, så jul.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s