Other Desert Cities – On the Verge of Collapsing

Standard

Eit ørkenfarga og spartansk konseptalbum om tap, mørke tider og ein ny morgon.

cover  Av og til tar det tid. Plata eg her skal fortelje om har tatt tid. C. Charles Bowden som er hovudansvarleg for det meste på plata byrja spele den inn i 2003. I 2004, då han hadde spelt inn 90 % av det som i dag er On the Verge of Collapsing, reiste kona frå han. Då synst ikkje Charles det var noko kjekt lenger. Plateprosjektet gjekk i opplag, og Charles likeså. To år gjekk, før han tok opp tråden, og fullførte det han hadde starta på. Innan 2006 var omme var så endelig Other Desert Cities sitt andre album ute på den ikkje altfor vidgjetne labelen Blue Lung Lovers. Utan at nokon varsla underteikna. Verken om Other Desert Cities eller On the Verge of Collapsing sin eksistens. Så skriv vi 2008, og det hyggelige vesle norske distribusjonsselskapet lo-fi.no finn ut at dei vil gjere noko med nett det. Det er eg takksam for. For det er ei rett så gjev ei plate. Ei plate kreert i ein somber og vakker men akk så ørkenplaga americana-tone.

Frå den lune countryvisa On Time til den friske countrygospelavslutninga Heaven Bound Train fortel On the Verge of Collapsing ei historie. Ei kronologisk ordna historie om lykke, tap, tungsinn og nytt håp. Hadde det ikkje vore for at Bowden hevdar at det aller meste av plata var klar før kona sa farvel og den botnlause fortvilinga tok tak i han, ville eg sannsynlegvis vore freista til å hevde at historia nok handlar mykje om mannen sjølv. Men vi lyt vel nesten tru han når han seier at stoffet i stor grad var der først, så då handlar det vel om Mr. Stevenson då.

Det er ikkje spesielt gode tider for Mr. Stevenson gjennom dei sentrale parti av albumet. Men innleiingsvis har han det bra. «As long as there’s you and it’s only us two – I’ll arrive on time» vert det uttalt i harmonisyngande og nokså tilbakelente og modeste former. Darlin» Come Home er neste låt ut, og som tittelen indikerer, smertene byrjar melde seg. Dama har dratt, kattane sit på kjøkkenet og sturer, Stevenson angrar seg for eit eller anna han ikkje burde ha gjort, og det popharmoniske refrenget etterlet inga tvil om kva som er hans fremste ynskje; «ooh, darlin» come home». Eit ynskje han aldri skal få oppfylt.

For i These Things Happen vert Stevenson ringt opp med beskjed om at kona er død i ei bilulykke. Først nektar han å tru det, for han har jo akkurat snakka med henne på telefonen, men til slutt hikstar han eit «Oh my god she’s dead». Og trompeten den ljomar, og trommene veltar, og smerta den gneg.

Dei neste låtane er variasjonar over temaet sakn og tungsinn. I det episke og lett psykedeliske dramaet Heavy Waters, som sonisk sett har sine slektningar både i famnen til Mercury Rev og Neil Young, nyttar Bowden det opprørte havet og forliset som metaforar for å illustrere tilstanden hos ein mann utan håp. Den fiolindraperte og bistre klagesongen Winter Winds snakkar om ein mann «desperately walking alone». Medan Walk With Me er ein stillferdig smygande ballade som ber fram ei bøn om betre tider; «in the stillness of the midnight air won’t you walk with me».

Avslutningssporet har eit litt anna vesen enn alle sine føregjengarar. Eit friskare vesen. Eit countryfisert gospel vesen. Til tonane frå ein akustisk gitar, ein banjo og ein trippande rytme har Mr. Stevenson komme fram til at han i alle fall ikkje lenger er redd for å død; «kind of wish I could stay but it’s just one breath away, and tomorrow might be the day that I board that Heaven Bound Train».

Other Desert Cities står det å lese på eit vegskilt inne i Mojave-ørkenen ein stad. Om du følgjer det kjem du ikkje til himmelen, men kanskje finn du ein stad der uroa kan sleppe taket og seglar vestover til vemodsfulle tonar av ein vind som ikkje vender tilbake. Med On the Verge of Collapsing i heimen kan du illudere at du tar turen, og til og med oppleve at det funkar, meir enn ein gong.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s