Jefferson Pepper – Christmas in Fallujah

Standard

Pepper ladar tidvis med slåande tekstlige bilde, men fyrer stort sett av med middelmåtige tonar.

cover

That’s not the sound of reindeer up on your roof at night,
We’re coming down your chimney with guns and blinding lights…

No er eg litt usikker på innbyggarane i Fallujah sitt forhold til julefeiring generelt og flygande reinsdyr spesielt. Likevel, eg synst Jefferson Pepper signerer eit verknadsfullt bilde her. Det gjer han faktisk fleire gonger på denne litt uortodokse juleplata. Både krigsbildet og eit par andre bilde. Det han ikkje er like treffsikker i forhold til er å kreere interesseskapande tonar.

Kva som er viktigast av orda og tonane i ein song herskar det vel ikkje den store kanoniserte semje omkring. Eg skal ikkje her komme med eit innlegg i den debatten, men konstaterer at det ikkje heilt uefne tekstlige opplegget til Pepper på nokre unntak nær slår litt i lause lufta på grunn av det nokså identitetslause melodiske formularet det er omgitt av.

Formularet er countryrock med trykk på rock. Der den elektriske gitaren spelar hovudrolla, men får tett hjelp av diverse andre strengeinstrument, helst av typen ikkje straumførande (akustisk gitar, fele, banjo, mandolin, steel gitar). Men dei skapar for lite nyanserikdom i si samhandling. Dei rir helst midt i vegen i eit udifferensiert og lite interesseskapande flokkmønster.

I fylgje eit fyldig presseskriv er ikkje Pepper ein fersking på låtskrivar-fronten (han har visst halde det gåande i 20 år), men Christmas In Fallujah er hans debut i innspelte former. Gnisten til å gjere denne plata vart tent i han då naboguten David Maples blei sendt av garde til krigssona i Irak. Maples hadde, akkurat som mange andre, verva seg i militæret for å skaffe seg pengar til ei framtidig utdanning. I dei 13 låtane på plata plasserer han ulike menneske med den same blue-collar bakgrunnen som Maples i hovudrollene.

I tittelkuttet, der han countrygitarrockar i velutprøvde men absolutt dynamisk dugande former, gjev han ordet til ein amerikansk soldat som prøver å rettferdiggjere sitt virke i Irak; «we came to help the people, it’s not about the oil». Han trur ikkje heilt på det. Det tyngste og minst subtile angrepet sitt legg Pepper inn i dystre men meloditomme Armageddon For Sale; «manipulate the people, manipulate the facts, use the farce of freedom to justify your acts, send in all your weapons and your contractors too, that’s democracy in action, the joke is we’ll still vote for you».

På vegne av ein familie som har mista ein ung son og bror spør han Why? til sentimentale countrytonar. I eit rimelig dugande organisk tonebilde fortel han i Back to 1999 om den ærlige arbeidarane som blir lurt opp i stry av finansakrobatar, og taper pengane, jobben og familien. Og han kastar seg over Guthrie-klassikaren This Land Is Your Land som om han skulle ha sjølvaste Shane McGowan i hælane. Meir heseblesande enn sjarmerande.

Litt ironisk er det kanskje at låta eg finn størst hugnad i er den som ikkje snakkar med ei politisk tunge. Den som skildrar ei bortkommen sjel som ser tilbake på ei håplaus affære med ei Mary i Betleham PA; «in her second floor apartment there would be no virgin birth, so I rode across the desert, a falling star to light my way».

Resten av plata kan vi kanskje få la vere i fred, det er jo snart jul.

3/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s