Oppskrifta er velkjent, det melodiske resultatet velsmakande, men den tekstlige garneringa noko blass.
Eit bra platecover og ein innbydande booklet kan ikkje gjere ei dårlig plate god, men eg trur nok at det litt umedvite kan dytte inntrykket av den nokre små steg i gunstig retning. Teiknaren Torgrim Nærland er hovudansvarleg for at Thom Hell si nyaste plate har fått dette vesle fortrinnet. På framsida sit ein froskeliknande skapning og stirar mot ein lys horisont. På innsida dukkar det opp fem variantar av eit spøkelsesaktig sumplandskap. Ein plass der livet har tatt ein førebels pause. Gamle krokete trer kryp i symmetriske men innhaldsrike former langs ramma av bileta. Det vaklevorne blir gitt ein balanse og det dunkle dansar slowfox med det harmoniske. I ei stor lys synsrand kan vi lese songtekstane til Thom Hell. Men dei tar seg eigentlig best ut ulest. Eller som uviktig men habilt fungerande garnityr til dei stort sett melodisk velutvikla låtane til mannen.
Thom Hell lagar popmusikk av det ikkje særlig oppskrudde slaget. Visepop kunne ein kanskje komme unna med å kalle det. Sjølv spelar han akustisk gitar og trykker forsiktig på ein tangent i ny og ne. I tillegg har han med seg eit par karar til å stette rytmen, ein som får lov å tilføre gitaren sin straum, og ein som har eit litt meir aktivt forhold til tangentar enn Hell sjølv. Ved nokre få høve dukkar det også opp nokre fiolintonar.
Ein norsk pop-melankolikar? Ja, men slett ikkje av det dystraste slaget. Ikkje av det mest særeigne heller. Han har eit utal nære pop-slektningar, både i geografisk nærleik og fjernare strøk. Tre; Jim Stärk, Ron Sexsmith og Crowded House. Han held seg stort sett innafor eit ukomplisert poptilsnitt, men av og til søker han meir intrikate mønster.
Det er neppe ein god idé å starta eit album med ein av dei svakare spora, men det gjer Thom Hell her. All I’ve Got Left er både tekstlig tynn og melodisk noko skranten. Det siste er det heldigvis få av dei andre spora som er. Neste låt ut, Try, kjem ridande på ein keyboards-akkord og rettar på popsmart måte opp startvanskane. Ein av dei få på plata med litt tempo i kroppen. For Thom har nok eit litt meir dvelande og nedpå fokus på Every Little Piece enn kva han hadde på debutalbumet I Love You. Utan at ein vel kunne skulde han for å ta av i himmelstormande retningar på den plata heller.
Han har ei god stemme. Ei stemme han stort sett held i eit beherska leie, men som han innimellom sender opp i falsett-lende. Hans fire instrumentale medhjelparar i The Love Connection sleng seg med som harmoni-hjelp når det måtte høve. Ei som var med på debutalbumet, men som ikkje er med denne gongen er kjærasten Marte Wulff (ho har vore opptatt med å få sitt eige album ferdig). Den komponenten (vekselvirkninga av mannleg og kvinneleg røyst) kunne nok gjort seg på Every Little Piece også. Kanskje i Takes a Man. Ikkje for det, nett den songen klarar Thom veldig godt på eigen hand. Skjørt men sonisk veksande, og med eit refreng der falsett-stemma hans sit perfekt. Tekstlinja i refrenget sit ikkje så verst den heller; «it takes a lot to strangle all my thoughts, and it takes a man to recognize his faults – as I did.»
Tekstane, ja. Eg har vel komme med eit par små hint om at dei ikkje akkurat er av det imponerande slaget. No er dei ikkje svakare enn det mange andre norske popsnekkarar skrotar saman, så eg skal ikkje la min irritasjon over dette bli eit stort poeng her. Men hadde dei vore noko meir og noko betre enn høgst ordinære og uinteressante kunne dei kanskje ført denne plata ut av det store gjennomsnittlege poplandskapet. Slik det er no kan vi lene oss tilbake og finne hug i ein vakkert temperert låt som God Above og ein orgelboren luring som Get Me Home. Kjenne att spøkelset av ein Don’t Dream It’s Over og ein Strawberry Blonde, og konstatere at dette er jo ganske så fint det. Så puttar vi plata i hylla. Og neste gong tar vi heller fram Other Songs, for det er liksom ein god del meir å hente der.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)