Tag Archives: Thom Hell

Twinklehead – Twinklehead

Standard

Kristiansand-trio presenterer vennligsinna og harmoniske poptonar med visse atmosfæriske element.

cover  Historia fortel det slik at det i Kristiansand på midten av nittitalet var sånn cirka berre tre tenåringar som ikkje ville spele i Heavy Metal-band. Så dei fant i hop og byrja spele popmusikk i staden. Når dei nokre år seinare skulle finne eit namn til bandet, konstaterte dei at både Twinkle Brothers og Radiohead var opptatt, så derfor enda dei opp som Twinklehead i staden. Før dei var komme så langt som til å gje ut sitt debutalbum, hadde allereie ein av dei tre vore ute å gjort seg litt kjent på eigenhand. I Twinklehead kjente dei han som Thomas Helland. Når han lurte seg utav øvingslokalet og inn på Mono (eller noko liknande) prøvde han å skjule identiteten sin ved å kutte bort nokre bokstavar, og kalle seg Thom Hell i staden.

Då Twinklehead omsider albumdebuterte i 2005 følte dei på seg at dei var Made For These Times, og kalla derfor like godt det vesle popverket sitt det. Publikum strøymte vel ikkje akkurat til og stadfesta den kjensla. Men Twinklehead gav ikkje heilt opp av den grunn. Eit år seinare dukkar dei opp med ein oppfylgjar. I det dunkle lyset under ei solformørking står bandnamnet å lese, men her er ingen tittel å sjå.

Litt mindre smålåtne kan ein vel seie at labelen deira, Division records, er i presseskrivet dei har sendt ut. Her blir det nemlig hevda «at det ikke fins maken til dette albumet i pop-Norges historie». Eg veit no ikkje heilt om eg kan seie meg einig i det, for når eg plasserer nokre plater av Jim Stärk, Delaware og Washington ved sida av denne, ja så synst eg ikkje det blir så alldeles ulikt.

Om Paul McCartney hadde vore Roger Waters og David Gilmour hadde vore John Lennon. Om Syd Barrett aldri hadde smaka LSD og George Harrison alltid hadde vore kompis med Jeff Lynne. Om Bee Gees hadde grodd fast i Massachusetts og ingen hadde vist ein Badfinger til REM etter at dei vart tre. Ja då, då hadde musikkverda sannsynlegvis vore annleis, men kanskje ikkje Twinklehead.

Opplegget deira har visse melankolske element, men hyggefaktoren er vel så framtredande. Melodikjensla deira er dugande, lyden sofistikert og harmonisongen er velpleidd og verknadsfull. Akustisk gitar og piano har ei meir dominant rolle enn den elektriske gitar. Dei er mjuke i kantane, om det i det heile kan seiast at dei har kantar. Av desse tre ufarlige fyrane kan vel kanskje Henrik Moy Askildsen seiast å vere ein slags hovudarkitekt, men både Helland og Kjell Nyhuus spelar viktige roller. Eit titals gjester er også med å gjere sitt som både koristar og instrumentalistar av ymse slag.

After heiter, av alle ting, det første sporet på plata. Mellom rennande vatn og fuglekvitter dukkar det opp atmosfæriske Pink Floydske vendingar i eit yndig popskjema som gjerne kunne vore laga av Paul McCartney. Det er i dei omkringliggande traktene av eit slikt uttrykk dei held seg plata igjennom. På sitt mest spretne og lettbeinte i Get It On, og på sitt mest snirklete i Making My Own World, utan at avstanden dei to imellom kan seiast å vere altfor markant.

Reint og fint, og det skulle derfor vere heilt unødvendig å vaske seg etterpå, sjølv om sistesporet handlar om dama som har fortapt seg i Forensic Detectives på Discovery.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 20067

Thom Hell – Every Little Piece

Standard

Oppskrifta er velkjent, det melodiske resultatet velsmakande, men den tekstlige garneringa noko blass.

cover  Eit bra platecover og ein innbydande booklet kan ikkje gjere ei dårlig plate god, men eg trur nok at det litt umedvite kan dytte inntrykket av den nokre små steg i gunstig retning. Teiknaren Torgrim Nærland er hovudansvarleg for at Thom Hell si nyaste plate har fått dette vesle fortrinnet. På framsida sit ein froskeliknande skapning og stirar mot ein lys horisont. På innsida dukkar det opp fem variantar av eit spøkelsesaktig sumplandskap. Ein plass der livet har tatt ein førebels pause. Gamle krokete trer kryp i symmetriske men innhaldsrike former langs ramma av bileta. Det vaklevorne blir gitt ein balanse og det dunkle dansar slowfox med det harmoniske. I ei stor lys synsrand kan vi lese songtekstane til Thom Hell. Men dei tar seg eigentlig best ut ulest. Eller som uviktig men habilt fungerande garnityr til dei stort sett melodisk velutvikla låtane til mannen.

Thom Hell lagar popmusikk av det ikkje særlig oppskrudde slaget. Visepop kunne ein kanskje komme unna med å kalle det. Sjølv spelar han akustisk gitar og trykker forsiktig på ein tangent i ny og ne. I tillegg har han med seg eit par karar til å stette rytmen, ein som får lov å tilføre gitaren sin straum, og ein som har eit litt meir aktivt forhold til tangentar enn Hell sjølv. Ved nokre få høve dukkar det også opp nokre fiolintonar.

Ein norsk pop-melankolikar? Ja, men slett ikkje av det dystraste slaget. Ikkje av det mest særeigne heller. Han har eit utal nære pop-slektningar, både i geografisk nærleik og fjernare strøk. Tre; Jim Stärk, Ron Sexsmith og Crowded House. Han held seg stort sett innafor eit ukomplisert poptilsnitt, men av og til søker han meir intrikate mønster.

Det er neppe ein god idé å starta eit album med ein av dei svakare spora, men det gjer Thom Hell her. All I’ve Got Left er både tekstlig tynn og melodisk noko skranten. Det siste er det heldigvis få av dei andre spora som er. Neste låt ut, Try, kjem ridande på ein keyboards-akkord og rettar på popsmart måte opp startvanskane. Ein av dei få på plata med litt tempo i kroppen. For Thom har nok eit litt meir dvelande og nedpå fokus på Every Little Piece enn kva han hadde på debutalbumet I Love You. Utan at ein vel kunne skulde han for å ta av i himmelstormande retningar på den plata heller.

Han har ei god stemme. Ei stemme han stort sett held i eit beherska leie, men som han innimellom sender opp i falsett-lende. Hans fire instrumentale medhjelparar i The Love Connection sleng seg med som harmoni-hjelp når det måtte høve. Ei som var med på debutalbumet, men som ikkje er med denne gongen er kjærasten Marte Wulff (ho har vore opptatt med å få sitt eige album ferdig). Den komponenten (vekselvirkninga av mannleg og kvinneleg røyst) kunne nok gjort seg på Every Little Piece også. Kanskje i Takes a Man. Ikkje for det, nett den songen klarar Thom veldig godt på eigen hand. Skjørt men sonisk veksande, og med eit refreng der falsett-stemma hans sit perfekt. Tekstlinja i refrenget sit ikkje så verst den heller; «it takes a lot to strangle all my thoughts, and it takes a man to recognize his faults – as I did.»

Tekstane, ja. Eg har vel komme med eit par små hint om at dei ikkje akkurat er av det imponerande slaget. No er dei ikkje svakare enn det mange andre norske popsnekkarar skrotar saman, så eg skal ikkje la min irritasjon over dette bli eit stort poeng her. Men hadde dei vore noko meir og noko betre enn høgst ordinære og uinteressante kunne dei kanskje ført denne plata ut av det store gjennomsnittlege poplandskapet. Slik det er no kan vi lene oss tilbake og finne hug i ein vakkert temperert låt som God Above og ein orgelboren luring som Get Me Home. Kjenne att spøkelset av ein Don’t Dream It’s Over og ein Strawberry Blonde, og konstatere at dette er jo ganske så fint det. Så puttar vi plata i hylla. Og neste gong tar vi heller fram Other Songs, for det er liksom ein god del meir å hente der.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)