Ein ung, energisk norsk trio med pretensjonar og potensiale.
Dei har tatt namnet sitt frå ein av Will Oldham sine klassiske låtar, men så mykje Oldham-fakter er det ikkje å høyre hos denne unge norske trioen. Eit villeiande namn er det likevel ikkje. For sjølv om stemmene deira nok ikkje driv trea ned i kneståande, slik koret som Oldham skildra gjorde, har dei til tider i alle fall eit og anna brutalt for seg.
Den fremste kreative krafta bak Brute Choir yndar i eindel samanhengar å kalle seg Captain Democracy, og eit anna band han spelar i heiter The Captain & Me. I det sivile ber han stort sett namnet Morten Krane. Eit namn som sikkert ein og annan musikkinteressert nettsurfar kjenner igjen som ein skarpskodd Pstereo-skribent. Fem-spors EPen These Hands Are Real er koret sitt første forsøk på å prakke innspelt materiale på folk.
Sjølv om Brute Choir gjev ut stoffet på ein label som heiter Movemountains og ein kan ane eit pretensjonsnivå nokre hakk over gjennomsnittet manøvrerer dei aldri farkosten inn i ukjent farvatn. Så skulle ein ha lyster i retning av å leike rock-arkeolog på nybrottsjakt vil ein sannsynlegvis måtte gå tilbake til teltet med tomme lommer. Men stempelet slår heftig, det skummar langs ripa og dansen går på eit vasstrekt dekk. Så ja, her kan ein bli både sjøsjuk, våt i håret og øm om hjarta.
I presseskrivet nemner dei Thurston Moore og Isaac Brock som inspirasjonskjelder. Med unntak av den gitarfresande andre (og beste) halvdel av I Only Wanted There to Be Rock’n Roll tykkjer eg ikkje Sonic Youth-inspirasjonen gjev så altfor tydelige utslag på referanse-skalaen. Ånda til Modest Mouse, derimot, kjem dansande fram frå krokar og krør både titt og ofte.
I Am the Captain of This Ship, I Am, vert det hevda frå Krane-kanten ganske så kjapt. Arrangementet er postpunk-tett, tonen er robust og historia som blir fortalt verkar å vere solid forankra i legenda om den flygande hollendaren. Dei to neste spora klarer ikkje heilt å fylgje opp. Her får det kantete drivet ein meir stakkato og litt for temperatur-fattig skapnad. Eit inntrykk The Pros and Cons of Radioactivity pt. 2 rettar opp i, her finn dei igjen den medrivande tonen frå opningskuttet.
Det største potensialet finn vi likevel i avsluttande The Indian Dance. Intensiverande vers veks seg inn i eit fresande refreng som nok kan sette fyr på einkvar konsert. I staden for å la den eskalere vidare inn i dei verkelig brutale flammehav lar dei den dessverre, etter siste refrengstønn, visne bort i eit litt tafatt avsluttande instrumentalparti.
Kor som er, hovudinntrykket er at Brute Choir har potensiale og pågangsmot nok til å storme mang ein festning. Du kan jo bli med allereie i første forsøk, for det fins absolutt mindre utbytterike subjekt å bli kvitt ein knapp hundrings på enn denne vesle energiske dingsen.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)