Calexico – Garden Ruin

Standard

Dette er verken The Black Light, ein Hot Rail eller ein Feast of Wire, men det er like bra.

cover  Ein får vel eigentlig ei aning om det ganske så fort, at no har Calexico svinga inn på meir trafikerte vegar. Stadfestinga kjem etterkvart trippande i form av den eine likeframme melodien etter den andre. 11 stykk, alle med tekst, alle i stor grad bygd opp på eit nokså tradisjonelt vers-refreng-vers vis. Kanskje er det samarbeidet med Iron & Wine som har inspirert dei, kanskje er det ei lyst til å endre seg litt, eller kanskje dei har ting å melde som krev meir ord og mindre lydleik. Uansett, det er ikkje frå underteikna de skal få høyre jamringa om eit Calexico som sviktar og skuffar, og som er blitt altfor lik mange andre. For Joey Burns, John Carventino og resten av gjengen viser med Garden Ruin at ein slett ikkje skal kimse av turar langs meir utforska vegar. Slike turar kan nemlig vere rett så fengslande, dei.

Frå sin tilhaldsstad i Tucson, Arizona har dei sidan midten av nittitalet skua i alle himmelretningar for å finne inspirasjon til sine soniske utfall og innfall. Slik har dei fanga inn eit utal forskjelligarta tonar i uttrykket sitt. Det vere seg Morricone-inspirerte ørkentildragingar, jazzinfluerte blåturar, latinopåverka avstikkarar, country og folk-farga melodisering, og ikkje minst mange næringsrike utflukter inn i den mexicanske musikktradisjonen. På Garden Ruin er denne grenselause eklektiske innstillinga lagt litt på vent, stålstrengene er byta ut med nylonstrenger og trompeten får berre små avmålte sekundar til rådvelde. Hovudfokuset er no country, folk, pop og rock. Slik det har vore for mangt eit amerikansk band dei siste førti åra. Men Calexico forsvinn ikkje i mengda. For det dei legg til sides av søkande og eksperimenterande åtferd erstattar dei i rikt monn med ein skarp teft for vinnande melodilinjer.

Det satt ikkje med ein gong, eg skal innrømme det. Det var noko litt anonymt og ordinært over Garden Ruin dei første rundane. Men sånn er det jo ofte med tonar som har ambisjonar om å få varig asyl. Dei lyt som regel komme til ein på eit litt anna vis enn alle desse som kastar seg velduftande og smigrande om halsen på ein, men som ganske så fort avslører sitt grunne vesen og blir heller slitsame. Dei kjem gjerne inn bakvegen i staden, men dei kjem der berre i kraft av seg sjølv. Så når ein først oppdagar dei, og tar dei til seg, vil ein ikkje sleppe tak i dei. Ein lar dei bli. Det er dette som har skjedd med låtane på Garden Ruin no.

Parallelt med at Calexico har gjort visse endringar i det soniske uttrykket, kan ein vel også ane eit noko anna fokus på det tekstlige planet. Frå ein meir mytebasert og fabulerande ståstad og over i ei meir handfast og notidig verd. Det finst rett nok songar på tidlegare plater som dvelar ved aktuelle samfunnsspørsmål også, men det er meir ein raud tråd (rett nok med innslag av blått og gult) denne gongen. Frå albumtittelen og til Joey Burns sitt uttrykte ynskje om å ville «tear it all down, and build it up again» på avslutningssporet All Systems Red, skin det tydelig igjennom at Calexico-karane ikkje levnar den noverande politiske leiinga i USA særlig ære.

Med nokre av dei mest grøderike countryrocktonane på denne sida av Uncle Tupelo som tonefylgje, er dei i opningssporet Cruel ganske så engstelige for kor det ber i veg med Moder Jord om forgiftarane får halde fram med sine ugjerningar; «Even the horizon is gone, weather flees underground, future’s left to wallow in fortune’s waste». Ein tilsvarande uro ligg også til grunn for den blåfarga Panic Open String. Her det i eit luftig lydbilete blir tala om ei verd delvis ute av kontroll. Kontrollen verkar også å ha dårlige kår i Letter to Bowie Knife, men på denne er det den religiøse fundamentalismen sine trongsynte uvanar som er tema. Kniven er skarp, poptonen like eins, og eit kraftfullt gitarregn prøver å drukne både innsnevra tankesett og kua desperasjon.

Heilt snudd ryggen til den spansktalande verda har ikkje Calexico gjort. For dei lar ei dame frå Barcelona (Amparo Sanchez) gje den svartkledde og gnagande Roka (Danza De La Muerte) eit snev av purpurraudt med pasjonerte vokale prestasjonar. Litt mindre engasjerande blir det når dei slår over på fransk i Nom De Plume. Ei halvkviskrande affære i eit Serge Gainsbourg-slekta lende, men kanskje litt matt i svingane. Dette er vel i røynda den einaste nemneverdige innvendinga eg har mot Garden Ruin. Resten av opplegget har eg så definitivt funnet tonen i selskap med.

Dei ømme og varleg orkestrerte songane Yours and Mine og Smash. Den yndige folkpop-bønna om å la noko av det gamle få leve vidare, titulert Bisbee Blue. Forsiktig trompetpynta og håpefulle Lucky Dime. Den rytmisk hektiske og nådelause Deep Down, eit ganske så kraftige åtak på griske og krigerske statsleiarar (det er vel grunn til å tru at den som er hovudsiktemålet sit og toar sine hender i eit stort kvitt hus eit stykke nordaust for Tucson); «deep down you know it’s evil, you’ve always known it’s evil».

Calexico avsluttar albumet med ein fot i marerittet og den andre på kanten av det. All Systems Red startar som ei skjør vise, ei svak skjelving boren fram av ein einsam akustisk gitar og stemma til Joey Burns idet han vaknar opp med «the nightmare news» på netthinna. Etterkvart sig det meir lyd inn på scena. Desperasjonen aukar og «everything you hear is distorted in your head». Når ein kjem fram til stadiet der frykta straumar gjennom blodsystem i ukontrollerte bølgjer, går alt over i elektrisk. Kaos, støy og Burns som ropar ut det før nemnte ønsket om å få rive alt ned og byrje på nytt att. Det er fortviling, men også ein ange av fridomshåp å spore. Det kan vere at det ikkje er revolusjonerande tonar, men det er tonar som bit seg fast. Det er ein del slike på Garden Ruin. Kanskje ingen som klamrar seg like inderlig stålfast som All Systems Red, men fast sit dei like fullt.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s