Fruit Bats – Mouthfuls

Standard

Tålmodig, trivelig og lett psykedelisert folkpop frå ung Chicago duo.

cover  Fruit Bats er ein duo frå Chicago som spelar lett psykedelisert folkpop. Mouthfuls er andre gongen dei prøver å tilby verden sangane sine i album-format. Ti sangar om kjærleik til mennesker, dyr og jorda vi vandrar rundt på. Slik fører dei oss tilbake til ei tid då blomane var venare, fargane var talrike og sjargongar som «make love not war» var sterkt gjeldande. Den gongen The Mamas & the Papas, Simon & Garfunkel, The Beach Boys, John Sebastian og Donovan sine låtar regjerte rundt mangt eit fredelig peisbål.

Vel, ein mannsalder har passert sidan den gang, og eit mangfald av tonar har fått tid til å befrukta vår jord. Heilt upåverka av alle desse åra er jo heller ikkje Fruit Bats. Både den kjente, men så altfor tidleg døde, engelske melankolikaren Nick Drake og den dessverre like døde amerikanaren Elliott Smith går det an å finne føling av i tonane på Mouthfuls. Og då er vi jo inne i eit noko meir tungsindig musikk-univers. Der velger dei imidlertid å ikkje opphalde seg for lange stunder av gangen, derfor er det jo passande å spe på med vibrasjonar frå eit livlegare pop-hjørne band som Beulah og The Shins også besøker med jevne mellomrom.

Eric Johnson (tidl. Archers of Loaf) og hans venninne Gillian Lisee i Fruit Bats tar det med ro, og dei tyr heller ikkje til særlig hurlumhei i sitt forsøk på å nå fram. Dei lar låtane veldig ofte bygge seg opp frå spartansk akustikk, til ein tanke meir fyldige finalar. Undervegs kan det dukke opp små uskyldige skrudde innfall, og solide dosar med vokal-harmonerande «ooh-ooh-oooooooh», «laaa-la-laaaa-laahaala» og «see-ee-seee-eea».

Allereie i åpningssporet Rainbow Sign kjem dei godt i frå det, eit pent, pyntelig og lettfordøyelig popfølge som glir direkte over i ein litt meir luggande A Bit of Wind. Magic Hour har noko umiskjennelig Brian Wilson’sk over seg, og i The Little Acorn sneiar dei så vidt innom litt meir twangy landskap. Høgdepunktet er den tålmodige Lazy Eye, som med særdeles makelege pianoakkordar flytter seg sakte av gårde medan kjærleiken både «burns a circle in the snow» og «turn tripes into gold». Den spenstige affæren When U Love Somebody avsluttar så desse ti munnfullane med mykje godt i seg. Kanskje kunne ein ønska seg litt meir bredde og spenst i smaksinntrykket, men som litt småkos saman med eit glas Campari ein sommarkveld gjer dette heilt sikkert nytten.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s