Dennis Driscoll – Voices in the Fog

Standard

Ukomplisert og likefram folkpop skulle være ein grei beskrivelse på kva vi får på Voices In the Fog.

cover  Ukomplisert og likefram folkpop skulle være ein grei beskrivelse på kva vi får på Voices In the Fog. Det er ingen overdrivelse å hevde at plata har eit spartansk lydbilde, der Dennis Driscoll sin akustiske gitar er det bærende instrumentet. Rett nok fylles det på med litt andre lydkjelder innimellom, men dei gjer stort sett sitt ærend på eit lågmælt vis.

Sangavleveringa til unge Driscoll kan virke både ubesluttsom og tilbakehalden, noko eg egentlig berre finn sjarmerande når ein tek i betraktning det relativt amatørmessige uttrykket her. Det eg imidlertid ikkje finn sjarmerande er knirkelydane som til stadighet dukkar opp, som om det skulle være ei gammal velspelt LP-plate. Dette virkar berre irriterande og kan få ein til å lure på om det bak det «ærlige og upretensiøse» bildet, ligg aldri så lite jåleri på lur.

Til tross for det enkle lydbildet, har Dennis Driscoll og hans medhjelparar klart å skape eit relativt variert album. Likevel har eg ein forestilling om at det kunne vore endå meir interessant, hvis det hadde blitt dratt inn litt fleire instrument. Der det blir gjort er det definitivt med å gje plata meir spenst, som for eksempel cello-kaskadane på Stormy Weather, eller Theremin-tonane på Moon Patrol. Det er også ubetinga vellykka dei gangene Dennis har fått med seg damer til å dele på vokaljobben, og det er nettopp dette som bidrar til å gjere Telepathic Birdcalls og I’m In Love With a Ghost til to av høgdepunktene på plata. At det avgjort kan fungere med kun akustisk gitar som akkompagnement også, beviser han på nydelige låtar som Sarah Jane Part II og Neptunes Daughter.

Voices of the Fog er gjort i eit gjennomført melankolsk og naivt formspråk. Det handlar mykje om den litt tafatte unge mannen sine lengsler og forhåpningar, følgende tekststrofe frå Stormy Weather er ganske illustrerande:

Maybe I put my raincoat on, and my galoshes,
and go downtown to see what came in the mail,
maybe my baby sent a letter with kisses,
it says how much she misses me, and wants to be by my side

K records sin grunnleggar og mentor Calvin Johnson har produsert, og ein kan spore ånden frå hans fordums Beat Happening ved fleire anledningar her.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s