All Girl Summer Fun Band – 2

Standard

Sha-na-na-na-na, eit lite oppkomme av meloditeft og uimotståelige poprefreng.

cover  Det vi får servert her er ingenting mindre enn ein kanonade av drivande flott popmusikk. På under 30 minuttar feier dei fire jentene som utgjer All Girl Summer Fun Band gjennom 14 sommarfriske poplåtar. Dei er befriande upretensiøse, og spelar sin popmusikk fordi det er kjekt, kjekt, kjekt.

Det starta som eit sideprosjekt ein gang i 1998, etter nokre singelutgivelsar såg den sjølvtitulerte debutplata dagens lys i 2002. Ikkje veit eg kva som er planane til jentene men denne oppfølgaren beviser i alle fall at All Girl Summer Fun Band (for eit navn!) verkeleg bør være noko å satse på.

Med schwung og vitalitet utstyrer dei sine gitarkvesste poppunk-melodiar (The Ramones, The Jam, Blondie) med eksplosiv harmonisang i beste 60-talsstil (The Shangri-las, The Ronettes, The Beach Boys), og med eit driv som får det til å krible både her og der. Frå første skrivemaskinanslag i Dear Mr. & Mrs. Troublemaker til applausen legg seg i Tour Heart Throb er denne plata eit oppkomme av meloditeft og uimotståelige poprefreng. Det er naivt, det er banalt og musikken har sine begrensingar, men så lenge gløden og gleda er drivkrafta kan dei kysse himmelen.

Som namnet tilseier handlar dette om oppløftande musikk for lyse årstider og lette sinn. For sjølv om vemodets skyer seglar omkring på himmelen og innimellom stenger for sollyset, så tar det ikkje lang tid før ein kan synge «sha-na-na-na-na» igjen. Det er jo ikkje tida for sorgtung melankoli og avsindige grublerier når den eventyrlige sommaren bankar på døra. Noko eg tar konsekvensen av, då dette så avgjort er musikk som skal nytast og ikkje analyserast. Så la oss heller lage i ei liste, og kalle den for «Slik går refrenget her»:

1. Parallel Park, Parallel Park, Parallel Park, Parallel Park (Parallel Park).
2. Jason Lee, doin» quick flips in my dreams, Jason Lee (Jason Lee).
3. Uha haaa, uha ticking ticking ticking time bomb (Ticking Timebomb).
4. You gave me no clue, but I found you, Samantha Secret Agent (Samantha Secret Agent).
5. Becky, I wanna borrow your boyfriend, cause I know you not really good, and that doesn’t seem fair to me (Becky).

All Girl Summer Fun Band; friskare enn nyplukka bringebær, og fulle av sjarm, sjarm, sjarm.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s