Tag Archives: Undergrünnen

Undergrünnen – Undergrunnen / Ørkesløs Fryd

Standard

Ein fengslande og energisk miks av kraut, afrobeat og garasjerock.                                            8

          

Først, ei skånsellaus innrømming av ei stygg forsømming:
Eg, ja nettopp eg, gjekk forbi då Undergrünnen serverte sitt debutalbum tidleg på hausten i fjor. Eg las plakaten, men eg gjekk forbi. Det stod skrive der at dei var tre. Tre menn eg kjente til frå fleire soniske ærend tidlegare. Den rytmiske pilaren (og vel så det) i Low Frequency in Stereo, bassisten Per Steinar Lie og trommisen (og tangenttraktøren) Ørjan Haaland, var to av dei. Den tredje var Pål Jackman, som mellom anna har ei fortid (og nåtid) i det sjangerblandande balkanjazzpunkorkesteret Wunderkammer. Så her låg det til rette. Ja sidan Wunderkammer og spesielt Low Frequency In Stereo jo har forsynt meg med musikk eg har groova salig nøgd til mang ein gong låg det verkelig bra til rette. Men eitt eller anna må ha forstyrra meg, tatt merksemda mi bort, og sendt meg vidare på mi vandring, forbi Undergrünnen. Hmm (slikt finst ikkje unnskyldningar for). Og ikkje tok eg meg saman heller, vende tilbake, og tok stega inn og ned i det, når plakaten ved eit par høve blei repetert for meg. Hmm (pinlig). Ikkje før det nylig låg ein EP framføre meg, med den heidundrandes energiske låta Ørkesløs Fryd i førarsetet, og ein video av same låt kort tid etter dukka opp. Då vakna eg, ja du verden som eg vakna.

Legenda fortel at Undergrünnen vart til i Hauge Kretsfengsel. Ganske så tilfeldig og ganske så plutselig. Etter at Per Steinar Lie fekk ein førespurnad om han kunne møte opp der med bandet sitt. Innan sånn cirka 24 timar. Men berre ein av dei andre i bandet var i byen, så han kalla opp Jackman i staden og spurde om han tok sjansen. Dei møtte naturleg nok ikkje opp på scena med eit stort og grundig innøvd repertoar. Men ein tone fant dei no, og ein gnist må ha blitt tent, for det er fyrige tilstandar over stoffet dei presenterer på plata.

«Jungelkraut, krautjive, bongojive» ytrar Pål Jackman i den fabelaktig titulerte låta Garpaskjær Zulujive. Lokalt versus afrikansk versus monotoni med framdrift a la krautrock kan ein vel kanskje kalle det den har å by på. Det er ikkje den mest typiske Undergrünnenlåta, den varer i 9 minutt, vi høyrer Jackman resitere meir eller mindre uforståelige ord og uttrykk, og vi høyrer ein synthesizer svirle og boble og ta ein betydelig del av det soniske bilde. Sånn elles er det gitaren som helst tar den delen av bildet. Gitaren til Jackman i hovudsak. Det ryktast at den har vore til Elfenbenskysten. Og fått spelt seg med eit band derifrå. Eg innbiller meg at eg kan høyre det. Høyre det i tonen.

Afrobeat og krautrock putta inn i ein garasje der arven frå Amerika sitt i veggane, og så spelt og sunge som om det er funne opp i Haugesund, kan kanskje vere ein annan måte å seie det på. Tenker eg. Når eg høyrer Salighet så Svir, med sin rytmiske virvelvind i ryggen. Når eg høyrer Skjønne Du Ingenting, med sin grasiøse kor-respons frå eit par kvinnestemmer. Og ikkje minst når eg høyrer Tennene I No Stort. Den framoverlena, luftige, litt jazzaktig groovande favoritten, med innslag av hammondorgel og mange ord med Å i seg – «Såååå solo e blitt blå, dagen e blitt grå, ka gjer du dååå?».

Tekstane – i den grad eg klarar å snappe dei opp, og lytte dei ut – sviv vel oftast rundt i det absurde, blant ordspel, rim, kraftuttrykk og eit visst svartsyn. Dei blir sunge med Jackmansk kraft på  klingande Haugesundsdialekt, men nødvendigvis ikkje høgt og tydelig fremst i lydbildet.

Heilt fremst i lydbildet er ikkje Jackman si røyst når vi kjem til sporet E-støt heller. Men aldri er den meir harmdirrande. Full av ein resiterande harme retta mot ideologisk trongsyn. Eit i sanning elektrisk støyt der både kommunismen og kapitalismen blir raljert med – «Heller rive verden av hengslene enn å skifta til heilt ny olja nå … Latterlig … Me må jo for all del ikkje forstyrra det fria markedet det e jo tross alt fritt … Latterleg, alt e latterlig».

Og drivet er tett, groovet er på, i låt etter låt. Det einaste nummeret med kvilepuls er instrumentalen Svartbakk, der tonane frå Jackman sin gitar er lyriske og rytmikken meir tilbakelena.

Ep’en har også ein instrumental. Adieu, ein saftig orgeldriven ein. Elles byr den på to remiksar av høvesvis Tennene I No Stort og E-støt (C-støt), som for så vidt ikkje står særlig tilbake frå albumversjonane, men heller ikkje bringe inn spektakulært nye moment. Her er også ein halvert, meir syntetisk og stemmeforvrengt versjon av Garpaskjær Zulujive, som berre er halvparten så bra som albumversjonen. Det store høgdepunktet på ep’en er og blir tittellåta. Ei låt som var blant dei første som trioen sydde i hop (allereie den der dagen i fengselet). I denne tyr dei meir til den klassiske garasjerock attityden enn i nokon av sine andre låtar. Og det gnistrar bra rundt Jackman når han slynge ut sine ikkje spesielt optimistiske linjer over verdens tilstand – «me me me me me me me me me treng ikkje merr tid … ser ut på et hav av idioti … me me me me me me me me me treng å bli satt fri».

Frenetisk suggererande.

TIDAL: UNDERGRÜNNEN – UNDERGRUNNEN           TIDAL: UNDERGRÜNNEN – ØRKESLØS FRYD EP