Han har latt seg inspirere av mykje bra, denne Knutsen, men sjølv er han umogeleg å få auge på.
2

Med sine trauste steg kjem Christer Knutsen for tredje gong og leverer frå seg ei plate. Det er vel snart fem år sidan han kom i slikt eit ærend for første gong. Då med atskillig country i popopplegget sitt. Dette har han gradvis høvla vekk, til han i dag står att med ei ganske så glatt og flisfri popoverflate. Ei overflate der referansane står skrive, tett i tett – men Knutsen sin eigen signatur er umogeleg å finne.
Popreferansane går veldig mykje tilbake til desse som tok arven frå Beatles og Byrds med seg inn i syttiåra. Knutsen sjølv nemner Big Star som ei viktig inspirasjonskjelde. Eg høyrer veldig lite Chilton her, men avtrykka etter dei Chris Bell-signerte låtane er så absolutt til stades. Frå litt seinare tider kan vi blant mange andre kjenne att den poppige sida til Tom Petty, og tonen til Rhett Miller (Old 97’s) og Matthew Sweet.
Kyrre Fritzner har produsert, deLillos-gitarist Lars Lundevall er blitt ein del av bandet The Sacred Hearts. Her er ein for så vidt funksjonell poptone, dugande harmonisong, og gitarane gjer sitt forventa. Det er habilt handverk. Ja eg trur til og med det kan ha blitt gjort med overskot og glede. Men det festar seg ikkje, det berre fer forbi. Det er som røykskya du blas av garde for litt sidan, den betyr ingenting lenger. Først og fremst vert det slik fordi låtane sviktar. Tonen, strukturen og orda. Dei har ingenting å by på, ingenting å seie, som ikkje er sagt før, utallige gonger, og betre, langt betre.
Låt kjem, og låt går, utan å gripe tak i meg. På to tålelig brukbare unntak nær. Pianoballaden You Fall, med sine små hint mot Wilco (Being There-æra). Utan at den vel kan karakteriserast som særlig mykje meir enn ein gjennomsnittleg lighterballade av den grunn. Det andre unntaket er den akustiske visa It’s You I Want, som av ein eller annan grunn sender tankane mine i retning Lucinda Williams. Det finst verre tankar.
Resten av materialet verkar vere designa for å passe inn. Og det gjer det. I eit gitarpopbilde kalla «sånn skal det lyde», eller kanskje The Way It Will Always Be. Og det er greitt det, om ein synst det er eit godt bilde å vere i. Om ein ikkje har dei store forventningane om å bli lagt merke til. Om ein vil vere venlegsinna radiopynt, eller gløymt i morgon.
Først publisert på Groove.no (i 2009)
Det skjer ikkje allverden i første etasje på Grand Hotel. I alle fall gjorde det ikkje det i den tida då Christer Knutsen var innkvartert der. 10 passelig melankoliserte skildringar av mellommenneskelige og tilbakeskodande karakter er kva Knutsen har å by på denne gongen. Det var vel omtrent det same han hadde på hjerta sist også. Det soniske bilete er også mykje det same. Ei passelig hås røyst syng ein passelig mikstur av countryrock med popfiksjonar. Og sluttresultatet blir, tja, sånn passelig.
Tre observasjonar før eg plasserer dingsen i stereoen: Han ser ut som han har ramla ut av Faces (eller er det Black Crowes), han blir vakta av ein sjenert engel, og på t-skjorta står det Gram Parsons and the Fallen Angels.
Musikken som fyller dette albumet er på ingen måte spekka med nye og originale idear. Stavanger-bandet Tumbleweed lenar seg istaden mot ein mangeårig countryrock-tradisjon, uten å gjere dei minste forsøk på å flytte grensene, og det høyrest til og med ut som dei trivst med det. Ja, faktisk er det ikkje fritt for at eg som lyttar kan trivast med det også.