Tag Archives: The Gospel

Årabrot – The Gospel

Standard

Eit desperat ritt gjennom eit eigenarta postpunklandskap.                                                      8

  Eg har høyrt verre bråk, og eg har høyrt det frå Årabrot. Over ein dryg tiårsperiode no, på eit halvt dusin album og fleire ep’ar (men førebels ikkje på konsert dessverre), har eg høyrt Årabrot spele og bråke fram ein sølete, søplete, industriell rock’n roll, og det på eit vis som har erobra meir enn ein sans. Slik er det.

The Gospel er ikkje heilt slik Årabrot har vore. På dette albumet tar bandet eit steg inn i eit postpunkbilde eg ikkje har sett dei i før. Og kjem frå det utan å skape inntrykk av å ha slakka på Årabrot-grepet. På ingen måte. Intensiteten og det nådelause finst her i rikt monn. Men stoffet har fått eit meir melodiske preg, og det er ein variasjon i uttrykket som eg opplever som rikare enn på nokon av dei tidlegare utgjevingane.

Lettare tilgjengelig, har eg også tenkt. Innimellom. Men tematikken på The Gospel tatt i betraktning veit eg ikkje heilt om karakteristikken «lett tilgjengelig» er kledelig. For det handlar då om krig og død og dystre utsikter, og få lysglimt. «It’s the darkest day of the year, it won’t get much darker than this» syng Kjetil Nernes i ein av songane her. Eg opplever det som eit ganske så symptomatisk utsegn for det som blir dratt til torgs albumet igjennom.

«To war» ropar ei røyst innleiingsvis. Og det er vel nett det Nernes, med hjelp frå sine medsamansvorne, gjer. Går i krigen. Ein krig mot indre demonar og ein dødelig sjukdom. Nernes sin eigen sjukdom. Ein alvorleg kreftdiagnose (i svelgjet) som han fekk føreskrive i mai 2014, som han i månadane som fylgde vart behandla for, og så friskmeldt frå eit halvår seinare. Ei, forståelig nok, traumatisk hending, som har sett sine spor. Det tekstlige innhaldet i fleire av songane på The Gospel hentar, i fylgje Nernes sjølv, sin inspirasjon frå desse månadane av hans liv.

Forstå det då ikkje slik at dette er sjølvmedlidande rapportar frå sjukdomstida. På ingen måte. Eg tenker meir på det som skildringar av ein desperat tilstand, som kunne ha sprunge utav heilt andre årsaker enn ein sjukdom, som kunne ha ramma fleire enn Nernes. Kven som helst i grunn. Kraftfulle og nådelause skildringar, med flittig bruk av bileter og metaforar frå krig, religion og dei dunklare krokane av kulturhistoria.

In front a tall white stranger
laughing with hatred
one of our own
an appearance gaunt and hollow
a burning spear at hand
accompanied by heralds
in the distant horizon
machine gun fanfares

Ein skremmande skikkelse, ei kreftcelle, eller døden sjølv, vitjar slagmarka, blodsystemet. Han har med seg bodberarar, og i det fjerne blir det kalla til nye angrep. Trykket lettar ikkje i versa som fylgjer. «I’m left on fire» fortvilar hovudpersonen. «It’s the gospel» lyder refrenget. Vi er i tittelkuttet. Eit skilsettande tittelkutt, sprunge ut av trakter der eg kan skimte konturane av det legendariske postpunkbandet Bauhaus, men der Årabrot tvillaust regjerer grunnen. Noko bandet gjer frå ende til an, uansett kor mykje ein måtte komme trekkande med Killing Joke, Swans, Melvins, eller kven pokker ein finn det nærliggande å dra opp av hatten. Pere Ubu kanskje? Slik eg har gjort eit par gonger når And The Whore Is This City har skingra forbi, med sine anslag av galskapens latter og sitt avantgarasjedriv.

Sentralt i si plassering og dominerande i si lengd er låta Faustus. Over ti minutt er den ei mangslungen sonisk ferd der ei inngåing av ei fatal pakt står som tematisk overskrift. Ei pakt med djevelen. Det vere seg Robert Johnsons pakt i det berykta vegkrysset, Faustus si pakt om det sorglause liv, eller songens hovudperson sitt fokus på det eine magiske ordet som kan bryte pakta. Det heile formulert i ei sonisk reise som omfattar både stillferdig dødshymne, lyrisk pianospel, melodiske formuleringar, kraftfulle åtak og den manande lovnaden «I will remember to not say the word». Eit høgdepunkt.

Til høgdepunktkategorien (på eit album som må seiast å vere reinska for likegyldige eller middelmåtige spor) kan eg vel også plassere den stormfulle og bedande I Run. Og så definitivt Tall Man, det næraste Årabrot vel har vore noko popfengande. Noko som i seg sjølv ikkje er viktig, at Årabrot er popfengande altså, for det er det sjølvsagt ikkje, verden er jo stappfull av band som tar seg av slikt. Når så er sagt: Tall Man er sjølvsagt ikkje popfengande. Men den har eit melodisk øs som treff meg kraftig i bringa og trenger seg djupt innafor, og eit levande tekstlig bilete av ein skyggeskikkelse som sår uro på sin veg.

I den grad ein har eit håp om å finne teikn av lys på albumet kan ein jo ta vegen til I Am the Sun. For så å lure kraftig på om det var slikt å finne her – i ein song med linjer som «Suicide, hung by garters, infants sucking tears». Spor av lys og håp er det vel heller ikkje i avslutningssporet. Rebekka (Tragoedie) er som tittelen fortel ein tragedie, eller mordarballade om du vil. Over fire vers. Med eit bombastisk komp og eit skummelt tiltalande melodisk vesen.

Plata er delvis spelt inn i Djura Missionshus i Dalarna der Kjetil Nernes og hans kjæraste Karen Park held hus for tida (det resterande av plata er spelt inn i Steve Albini sitt studio i Chicago). Årabrot har gjennom åra skifta mannskap fleire gonger, og må vel i hovudsak bli rekna som Kjetil Nernes sitt prosjekt. Denne gongen spelar nemnte Karen Park på meir enn eitt instrument, og ho syng litt. Elles drar plata mellom anna nytten av Ted Parsons (bl.a. Swans) og Magnus Nymo (Fork) sitt trommespel, Stephen O’Malley (Sunn O)))) sitt gitarspel og Milton von Krogh (Pirate Love) sin bassgitar. Nernes sjølv spelar på både tangentar og strengar, og så har han lagt røysta si lengre fram i lysbildet enn den nokon gong har vore. Det er ein stad den gjerne må vere ved neste korsvei også. For dette var eit sterkt evangelium.

TIDAL: ÅRABROT – THE GOSPEL