Tag Archives: Jonathan Meiburg

Shearwater – Palo Santo

Standard

Ein nestkommanderande tar for alvor over roret og lar ferda gå både i stille farvatn og på opprørt hav.

cover  Eg var vel ikkje akkurat smålåten sist gong eg skreiv om ei Shearwater-plate. Då gjaldt det utgjevinga Winged Life (2004), og det var faktisk få grunnar til ikkje å ytre seg i begeistra ordelag. Trur likevel eg tør hevde at det er her, her på Palo Santo, at Jonathan Meiburg for alvor slår ut vengene. Her driv han rundt i eit meir kontrastfylt landskap enn han har gjort før, og det gjer han med minimal hjelp frå compadre Will Sheff.

For dei som skulle vere uvitande om det, så har altså Meiburg vore ein av Sheff sine næraste medsamansvorne i fleire glødande tokter opp og ned Okkervil River. Shearwater har vore eit litt mildare stemt prosjekt frå dei to si side, der Meiburg sine idear har fått meir plass, men der likevel to/tre Sheff-låtar kvar gong kanskje har vist seg som dei sterkaste. På Palo Santo har ikkje Sheff komponert ein einaste tone. Det gjer ingenting, ikkje så lenge Meiburg stiller opp si sterkaste låtrekke nokonsinne.

Det er folkrock. Folkrock som i tone og vesen nok lener seg sterkast mot den engelske tradisjonen. Men det er meir enn som så, langt meir, for Meiburg stikk hovudet inn på andre territorium også. Skulle eg komme drassande med nokre referansar, ja så vil vel Spirit of Eden (Talk Talk) og Amsterdam Stranded (Midnight Choir) vere to av dei mest nærliggande albuma å trekkje fram. Hudlaust og desorientert, luftig og truande, der fundamentet er vakre og vanedannande melodiske løysingar framifrå kolorert med organiske lydmotiv. Meiburg si stemme kan dirre på kanten av å breste, som den skjøraste streng, for så nokre takter seinare å kaste seg inn i kampen med frenetisk styrke. Av og til er den klar og tydelig andre gonger skeiner den ut i utydelig uttale eller druknar og blir til ein bit av den instrumentale strukturen. Slik blir tonar og ord vevd saman til eit heile.

Jimmy Page snakka om lys og skygge, andre har snakka om dag og natt, støy og harmoni, stillstand og kraft, vakkert og stygt. Kontrastar som mykje av den beste musikken er bygd opp rundt. Det er i dette spenningsfeltet Shearwater driv rundt på Palo Santo, og det altså i sterkare grad enn på tidlegare framstøyt. Jonathan Meiburg forklarar seg slik (i eit intervju med See You In The Pit): «It sounds to me like we’re heading for something, aiming at someplace, somewhere otherwordly and lovely and a little bit evil, and that we’re closer now than before». Etter å ha vore midt blant tonane på Palo Santo nokre veker no, er det vanskelig å ikkje vere einig med han.

«Something is breathing in the air, something is moving in the water.» Med ei skjør tenorrøyst tett på øyra, og knitrande elektrisitet i det fjerne melder La Dame Et La Licorne sin komme. Brått ropar songaren i desperat fortviling «bring back my baby», og ein får det første bodet om at Shearwater har endå meir smerte å slite med og meir uvørden energi å halde styr på enn kva ein har vore vant med. Ein får erfare at varlige bølgjeskvulp ofte har ein storm på lur, og at eit audmjukt vesen av og til kan møte veggen og komme i retur som eit uforsonlig mareritt.

Det nemnte opningssporet set standarden, men Red Sea, Black Sea kjem ganske så fort drivande inn frå venstre og utfordrar den. Frisk banjoplukking blir overdøyvd av eit pågåande keyboard-tema, og eit Pixies-aktig refreng dyttar både lys og mørke inn på eit fargesprakande spor. White Waves seglar fram på eit smart el-gitarriff, og har ei melodisk form ikkje heilt ulik den Richard Thompson har meisla ut gjennom ein lang karriere. Medan den piano-bastante Seventy Four, Seventy Five får meg til å tenkje på John Cale sine Paris 1919 dagar. Tittelsporet er på si side ein stille flytande liten triumf, med gitarplukking i Bert Jansch-ånd. I same forsiktige kategori lever også Nobody og avslutningssporet Going Is Song, men med ein om mulig kanskje endå vakrare melodisk aksent.

Dei skarpast kvesste og mest vridde soniske øvingane dukkar opp i siste halvdel. Failed Queen vaklar og gneg seg fram med smattande perkusjon og såre fiolintonar i eit psykedelisk folkrock-bilde. Medan Hail, Mary går frå introvert fortviling over i ilskne åtak og tilbake igjen før den endar sine fem minuttar i eit glødande atonalt kaos.

Varleg og voldsamt, men framfor alt vakkert.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Shearwater – Winged Life

Standard

To karar frå Okkervil i litt mjukare og meir popbygde sfærar.

cover  Tilsynelatande utan å lee det minste på sitt meterbreie vengespenn glir lirefuglen lavt over dei skumfylte bølgjene ute på det store havet. Rolig, elegant og utan å gjere altfor mykje utav seg.

Sånn, det var dagens vesle zoologi-økt. Årsaka til desse linjene er å hente i det faktum at ornitologi-student og fugle-entusiast Jonathan Meiburg har kalt opp bandet sitt etter nett denne sjøfuglen, eller Shearwater som den heiter på hans språk. Og det er faktisk også litt av den same glidande elegansen og roen over tonane til bandet hans. I alle fall gjeld det den delen av økta der Jonathan er i framgrunnen. For herr Meiburg er ikkje den einaste som rår grunnen her. Med seg har han tre andre, og særlig ein viss Will Sheff spelar ei særdeles viktig rolle.

Og då går eg ut i frå at det ringer ei bjelle hos enkelte. For Will er den same Sheff som leiar det utmerka amerikanske folkrock-orkesteret Okkervil River. Eit band som jo også husar nemnte Meiburg. Men til forskjell frå kva som er tilfelle i Okkervil-samanheng har Meiburg ei meir framtredande rolle i Shearwater. Her får han være sangfugl på meir enn halvparten av kutta, og står oppført som komponist på lik linje med Sheff. Uttrykket til Shearwater skil seg og eindel frå Okkervil sin til tider litt uvørne verden. For Meiburg sin hang til å perfeksjonere lydbildet blir nok tatt litt meir omsyn til her.

På deires tredje album, Winged Life (meir fuglemetaforikk), blomstrar det fram både popkjensle og rike dufter, i tonar langt meir fargerike enn drakta til den gråbrune lirefuglen. Ja, albumet er ingenting mindre enn ei lita nakkehår-kjelande godstund. Der Jonathan si honningdraperte røyst og hug etter velproporsjonerte lydar blir konfrontert med Will sine meir energiske, intense og skakke innfallsvinklar. Lik ei elegant fugleflukt som møter skipbrudden angst på ei værbitt flåte. Slik oppstår dualitet med eit særdeles vinnande vesen. Viss eg så skulle gjere eit forsøk på å plassere dette på eit musikk-kart synest eg å sjå Shearwater vandrande langs dei snirklete linjene som litt haltande bind ihop American Music Club, Midnight Choir, Palace Brothers og Talk Talk.

Tolv spor har dei å by på. Tolv historiar, nokre minimalistiske og ordknappe, andre meir omfangsrike. Det vemodige dominerer, men her finst også stunder som flyg på lettare venger. Korvidt det er lette vengeslag som har frakta hovedpersonen i A Hush dit han no oppheld seg, er vel heller noko tvilsamt. Uansett, til temperert gitar- og banjoplukking bringer Meiburg her vidare nokre utsagn frå ein som har forlatt livet på jorda. Fortsatt med livet i behald, men ellers noko motlaus, er den sengeliggjande pasienten i det kraftfulle pop-tilfellet (I’ve Got a) Right to Cry. Medan pop, slik ein hybrid mellom Mark Eitzel og Stephin Merritt muligens ville vore, er å oppleve i Sheff låta A Makeover. Sheff er også hovedansvarlig for albumet si aller finaste stund, den drøyt 6 minuttar lange Wedding Bells Are Breaking Up That Old Gang Of Mine. I eit sparsomt lydbilde bore fram av akustisk gitar, lap-steel og litt hammond orgel får vi høyre historia om han som ser sine kameratar vekse opp og stifte familie;

Now they’re all paired off and kissing the other half goodnight,
and then falling deep into the same sleep,
while walls and warm sheets shut out the light,
And I’m the only one, at the top of my lungs,
who’s still singing Sweet Adelines…

Ei lågmælt og ubeskrivelig vakker skildring av nostalgi, sakn og einsemd. I nesten samme klasse finn vi The Convert. Den Sheff-saken på albumet som kanskje ligg nærmast Okkervil-lyden. Intens folkrock med lengsel i kvar ein tone, og poetiske linjer som;

though what once was clear is now so blurred and smeared,
your love felt more pure once your voice disappeared…

Det er mange sterke kjensler som gjer seg til kjenne på albumet, men aldri drar Shearwater ting over i pompøse retningar. For Winged Life er lyden av rasjonelt plasserte lydkjelder, og varleg men raffinert dynamikk. Sjølv på eit spor som Sealed, der Meiburg verkeleg tar i på det vokale plan, er instrumentene få, og lyden av dei ganske så tøyla. I alle fall fram til avslutninga, då alt som var i studio synest å få fritt spelerom i eit kakafonisk halvminutt. Litt sånn atmosfæriske kan dei og finne på å være, særlig i avslutninga The Set Table. Ein affære som heng ihop til tross for sin noko collage-aktige fasong (Tindersticks smeltar saman med Talk Talk etter ein sein aften i Itchycoo Park, eller noko slikt).

Skakt og skadeskote, mjukt og deilig. Shearwater er softrock anno 2004, og betre enn det meste av den californiske vellyden frå 70-talet (så det så).

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)