Eg har høyrt for lite på Jenny Lewis. Inntil for sånn cirka eit knapt år sidan hadde eg i alle fall høyrt for lite på henne. Eit par Rilo Kiley cd’ar (bandet ho fronta frå slutten av nittitalet og eit lite tiår inn på 2000-talet) blei i si tid handla inn, høyrt på, og for så vidt likt. Spesielt godt likte (og for all del likar) eg den tredje (av fire), More Adventurous. Eit album som må seiast å halde kva tittelen lovar, der det byr på attraktive tonar i eit pop/folk/rock-segment. Låtar som både har tonen og Jenny Lewis sine skarpe formuleringar omkring livets behag og ubehag.
For sånn cirka eit knapt år sidan var eg til stades på ein liten sjarmerande konsert Jenny Lewis heldt på ei litt for stor scene på Øyafestivalen. I tillegg til konsertens eigenverdi, førte det til at eg søkte opp dei tre soloalbuma hennar. Og der var det jammen meg meir liv og røre og fengande musikk enn eg (av ein eller annan uforklarleg grunn) hadde innbilt meg. Musikk som har si gjeld til 70-talet og det som blir kalla vestkystrock, men som også dansar lettbeint med samtida. Her er linjer både til Fleetwood Mac og til Bright Eyes, men først og fremst er det Jenny Lewis og eit bra arsenal med skarpskodde låtar.
On The Line er Jenny Lewis sitt fjerde soloalbum. Det står ikkje tilbake for det ho har levert før. Kanskje kan ein seie at det er hakket mjukare, kanskje kan ein kalle det soft rock, og kanskje kan ein kalle det hennar mest personlege. Eit lengre kjærasteforhold til musikaren Jonathan Rice tok slutt rundt den tida ho starta arbeidet med albumet, og mor hennar døydde medan innspelingane gjekk føre seg. Mor hennar som ho ikkje hadde hatt særleg til kontakt med på mange år. Mor hennar som heilt sidan Jenny Lewis var ei lita jente hadde slitt med eit narkotikamisbruk. Medan vesle Jenny allereie frå tre-årsalderen stod for ein god del av familien si inntekt, som skodespelar/barnestjerne i reklamefilmar og tv-seriar. Eit liv ho reiste frå då ho nærma seg tjue-årsalderen. Eit liv som dukkar opp i songen Wasted Youth. Ein grasiøs popsong der refrenget går slik: «I wasted my youth on a poppy, Doo-doo, doo-doo, doo, just for fun». Det funky nummeret Little White Dove blei i fylgje Jenny Lewis til i perioden ho besøkte si døyande mor på sjukehuset. «In the middle of love, I’m the little white dove, I’m the heroin» lyde refrenget her. Beck har vore djupt involvert i denne. Ryan Adams var involvert i første del av innspelingane. Då det byrja dukka opp metoo-varsler om han var han fort ute.
Veteranar som Jim Keltner, Don Was og Benmont Tench utgjer stamma i bandet Jenny Lewis har hatt med seg under innspelinga, men det er så definitivt dama sjølv som skin sterkast, og skarpast, dette er hennar plate. Og aller best er ho i opningssporet Heads Gonna Roll. Ein song som til dels handlar om åtskiljing («you think you’re going to heaven, and that I am going to hell»), om kjærleik som har tatt slutt, men som, når alt kjem til alt, ikkje har vore bortkasta. Men det er noko meir der også. I denne songen. Der den så reint uimotståeleg smyg seg frå den eine linja til den andre. Midt inni der dukkar det opp ein pussig liten historie:
Took a little trip up North
In a borrowed convertible red Porsche
With a narcoleptic poet from Duluth
And we disagreed about everything
From Elliott Smith to Grenadine
He fell asleep and I put up the roof
Og plutseleg er dei to (sjåføren og poeten) hamna på ein gravlund, og angsten melder seg, og lidenskapen rår, og eg tenker at Jenny Lewis er ein glimrande låtskrivar, og at Heads Gonna Roll er ein av hennar aller beste låtar. På eit album eg har vanskeleg for å seie at det finst svake spor…for det gjer det jo ikkje.