Tove Bøygard – Blåe Drag

Standard

Country og viser med både ein indre og ein ytre glød.

Bilderesultat for tove bøygard blåe drag  At Tove Bøygard gjer ein versjon av Mary Gauthier sin mest kjente song Mercy Now er slett ikkje urimeleg. For det er absolutt eit sterk slektskap i det musikalske uttrykket til dei to. Både sonisk og tekstleg. Country og folk utan straumlinjeforma fakter. Der dei syng om rastløysa og det som ligg att etter den. Om dei seine nattetimar, eller tidlege morgontimar då «ikkje ein gong Gud er på jobb». Om at det å reparere mellommenneskelege skader er ei vanskeleg øving. Og så har dei begge denne sterke omtanken for folk som på ulikt vis har hamna utafor. I si omsetjing av Mercy Now, som Tove Bøygard har kalla Sjå i Nåde, fylgjer ho hovudsporet til originalen men tar seg visse fridomar. Ho syng om det nære og familiære, og ho syng om fedrelandet og heile menneskeslekta. Ho manar til rausheit for framandfolk, ser med fortviling på at dei som sit med makta berre vil tekkast folk som syt, og slår audmjukt fast, på fullblods hallingdialekt, at «kor og ein tå uss, treng å bli sett i nåde te no».

Sjå i Nåde er ein av ei raus handfull med gode songar på Tove Bøygard sitt andre soloalbum, Blåe Drag. Det første, og sjølvtitulerte albumet, kom for sju år sidan, midt inne imellom tre album ho har gjort saman med søstera si Anita, som duoen Bøygard. Blåe Drag er i all hovudsak eit album av fullt ut sjølvkomponert materiale. Sjå i Nåde er i så måte eit unntak. Saman med Faen Faen Faen, som er Tove Bøygard sin versjon av ein ikkje heilt ukjent Thåström-song. Ho får absolutt fram det såre og desperate som finst i den.

Tove Bøygard si røyst tar eigedom over kvar einaste song på plata. Ho finn balansen mellom å vere avslappa og intens, og endar opp tett inn på tonane og orda. Bak henne, eller til høgre, eller til venstre, ja litt rundt omkring kan ein høyre Freddy Holm. Han spelar på litt av kvart, sånn cirka dusinet fullt av ymse strengeinstrument (frå gitar, til mandolin, til autoharpe, til cello). Produsert har han gjort også, og skapt eit variert, luftig og livfullt lydbilde. Frå det varleg akustiske til det elektrisk brennande.

Ikkje berre er det blåe drag over albumet, eg høyrer også poetiske drag. I tittelkuttet høyrer eg det, frå opningslinja «Det skull ha vore vinter, du skull ha kome før», til dei same orda konkluderer den vakre visa og den sjenerøse kjærleikshistoria om ho som ventar og han som kjem og dreg, nett som vinden. Eg høyrer det i Alle Desse Dagan. Ein dynamisk høgpotent song om å dukke ned i etterpåklokskapen – «alle desse dagan vart eit liv du gjekk i frå». Og eg høyrer det i den enkle countrysongen Tre. Ei song til ei søster som stifta familie der heime, frå ho som drog ut – «Eg vart ei grein heilt åleine, du vart ditt eigji tre».

Eg høyrer historier eg trur på. Om ein situasjon på ein Holdeplass, «ein gråværsmorgon i Januar». Ein melodisk attraktiv song om timane etter ein opprivande krangel, der Han sit og grunnar ute i blesten, medan Ho sit og skodar på han frå eit vindauge like ved, med døra på gløtt. Her finst eit håp altså. Noko eg har vanskelegare for å finne i den triste visa om tiggarkvinna Melea. Songaren speglar henne og oss opp mot eit hundreår gamalt bilde av tiggaren Marie, og syng verknadsfullt «Me kjenne godheit for Marie, men Melea går me forbi». Opningssporet Framand er på si side «den store» songen om korleis vi, korleis landet vårt, korleis vesten har tatt imot, eller kanskje helst ikkje tatt imot, flyktningane frå søraust.

Blåe Drag har melankolien i seg, og det har desperasjonen i seg. Men like mykje, ja meir enn det, er albumet berar av ein sympatisk dose menneskeleg varme.

7/10

TIDAL: TOVE BØYGARD – BLÅE DRAG

Kommenter innlegget