Torgeir Waldemar – No Offending Borders

Standard

Elektrisk, akustisk, fredlaust, inderleg og heilt sant.

  Det er ikkje sommar i Toulouse. Det er i alle fall den tanken som kjem til meg når eg høyrer Waldemar hardnakka og fengande synge «All I want is a summer in Toulouse». I eit refreng som søker håp blant vers som fortel om forlis, terror og krig. «Slaying all that we hold sacred, our souls are on the line» syng han i eit av desse versa. Det finst linje etter linje av same dystre skapnad. Songen heiter, naturleg nok, Summer In Toulouse. Den er også elektriske gitarar som skrik, og har eit kraftfullt og åtaksorientert groove. Den er rock’n roll og dommedag. Waldemar syng intenst, tidvis i partnarskap med ei kvinne. Undervegs drar han fram ei linje frå ein gammal punkklassikar («It’s a holiday in Cambodia, it’s tough, kid, but it’s life»), ser vatnet stige til knehøgde, og høyrer kapteinen rope «from here on is all for one». Og så syng han dette refrenget då, om å ynskje seg ein sommar i Toulouse. Ein fransk by som også har blitt ramma av terror. Men det er lyset og harmonien han ropar etter, songaren, i refrenget. Fråværet av terror. «A place where I can choose». Og det kan jo godt vere Toulouse.

Det er ikkje sommar som pregar Torgeir Waldemar si andre langspelplate. Tittelen No Offending Borders antydar at her kan det vere ganske så dagsaktuelle globale utfordringar som står på agendaen. Og det er det vel for så vidt. Men tittelen kan også trekkast ned på meir private einemarker. Og ja, det blir sunge om slikt også. Det er vel ikkje direkte feil om eg hevdar at albumet både speglar samtidas synder, mellommenneskeleg svik og enkeltpersonars botnlause fortviling.

Waldemar nyttar mellom anna anledninga til å synge ein song til Sylvia. Noko han gjer med eit og anna avtrykk etter Neil Young (og Crazy Horse). Sonisk og tekstleg. Sylvia (Southern People) er songens tittel, og Waldemar gjer litt av det same som Young i si tid gjorde i sin song Southern Man. Men eg opplever at han meir brukar Southern People i ei metaforisk tyding, at desse folka (desse Southern People) også er å finne heilt andre stadar enn i dei amerikanske sørstatane. Medan Sylvia kanskje kan vere ein viss norsk minister. Eg verar i alle fall både flyktningstraum og klimakrise i songens tematiske arsenal. Og ein Waldemar som, solid akkompagnert av elektrisk gitarstøy og orgeldamp, oppmodar denne Sylvia til å vise eit anna sinnelag – «You claim your faith, Sylvia, but your spirit seems so very dead».

Det er definitivt meir lyd som skal handterast når ein sit seg ned og skal ha selskap av Torgeir Waldemar sitt andre album, kontra kva som var tilstanden på debutalbumet hans. Der den førre plata vandra i eit lydlandskap med den akustiske gitaren som vegvisar er det denne gongen den elektriske familiemedlemen som vel så ofte blir tilkjent den rolla. Men plata opnar med ein song som Waldemar gjer åleine med den akustiske gitaren sin (samt nokre tonar frå eit munnspel). Det er platas einaste coverlåt. Fallin’ Rain heiter den og vart i si tid, tidleg på syttitalet, komponert og framført av Link Wray. Sjølvaste fuzzgitarinnovatøren frå femtitalet ja. Han gav i 1971 ut ei plate av meir folkrock-karakter. (Som eg ikkje kjente til før Waldemar sin låt openberra seg for meg). Waldemar syng den sterkare enn opphavsmannen. «There’s no place on this planet where peace can be found» syng Waldemar, og eg trur han. Det er ei inderleg kraft i røysta hans, som aldri får meg til å tvile på at det han syng er sant.

Slik er det i song etter song. Slik er det i gospelrocklåta Among The Low. Der Waldemar (med god korstøtte frå Kristine Marie Aasvang og Johan Daniel Henriksen) i ubøyelege ordelag, på hovudpersonens vegne, slår fast at han til sin døyande dag vil «go among the low». Og det til eit fantastisk offensivt groove, og viltert gitararbeid frå Øystein Braut (Electric Eye). Inderleg er også det dekkande ordet for Waldemar sin songinnsats i den heimsøkte countryblueslåta Bottom of the Well. Eit klassisk tema, denne brønnen. Og klassiske er vel for så vidt også strofene Waldemar nyttar seg av. Frå «It’s a reward at the end of the rope, Its weird to have that kind of hope» til «I can see the bottom of the well, And now there’s nothing more to tell» er dette i slekt med stoff som har runne forbi meg før. Men Waldemar si røyst overtyder meg om at det er akkurat slik det må seiast, for det er akkurat slik det er, for stakkaren i nett denne songen. Produsent og rytmisk ansvarleg Anders Møller sine gjerningar og ugjerningar med hammar, spiker og sag i løpet av låta er forresten eit gromt påfunn, og avgjort med på å gjere den til det uroskapande høgdepunktet den er. På ei Torgeir Waldemar-plate som enno ein gong nektar å gje meg fred.

8/10

TIDAL: TORGEIR WALDEMAR – NO OFFENDING BORDERS

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s