Vis poesi om kjærleiken, alderdomen, livet, døden og gud. 8
«You want it darker» syng den gamle mannen. You Want it Darker heiter også plata der han syng det. Eg trur ikkje det er eit spørsmål, for eg ser ikkje noko spørsmålsteikn. Men eg trur det er noko som liknar, eg trur det er ei utfordring. Adressert til det eller den som har ordna det slik at eit menneske før eller seinare døyr. Det skal den gamle mannen også gjere. Kanskje ikkje i morgon, eller til neste år. Kanskje ikkje på lenge, men han har ikkje tenkt å gøyme seg. Han set seg heller i det sterkt opplyste vindauget, nonchalant med ein sigarett mellom fingrane, stirar rett ut i mørket, og syng «Hineni, Hineni» (Her er eg, her er eg), «I’m ready, my lord».
For fjortande gong sidan han platedebuterte (og det er no snart femti år sidan) er Leonard Cohen her med eit studioalbum. Det har av og til gått lang tid mellom kvar utgjeving, men det har det ikkje gjort dei siste åra. Mannen er blitt rett så produktiv på sine eldre dagar. You Want it Darker er hans tredje album i løpet av ein femårsperiode. Old Ideas blei til Popular Problems, og begge hadde gode songar å by på, men You Want It Darker har dei beste.
Instrumentelt er det lågmælt og minimalistisk slik det plar vere på ei Cohen plate. Likevel tør eg hevde, og det utan at eg har sett meg ned og gjort ei opptelling, at det er fleire instrument i arbeid her enn på dei nærast føregåande platene til mannen. Keyboard, synth og trommeprogrammeringa som han ofte har nytta seg av sidan åttitalet er også noko mindre dominant. Her er gitar, piano og trommer minst like så sentralt. Noko sonen Adam Cohen nok har sin del av ansvaret for. Han tok nemleg over produsentjobben frå faren sin makker dei seinare åra, Patrick Leonard, tidleg i innspelingsfasa. I arrangement og tone har han henta fram spor av eit tidleg syttital, slik det er å finne på plater som New Skin For the Old Ceremony og Songs of Love and Hate.
Men stemma eg høyrer er hundre prosent 2016. Den er like gammal som den 82 år gamle mannen. Den er grovhogd og rusten, og kjem frå djupet. Vidstrakte toneflukter har Cohen aldri lagt ut på, denne gongen i endå mindre grad enn før. Han snakkesyng og halvsyng, resiterer og har ein fullkomen kontroll over det han har føre seg.
Albumtittelen lyg ikkje, det er mørkt. I alle fall ganske så mørkt. Langs linjene og innunder krokane på song etter song. Frå opningslinja av. «If you are the dealer, I’m out of the game» lyde det der. Den gamle mannen stirar vedkomande som har delt ut korta i augo. Han kjenner på seg at denne utdelaren ikkje vil han noko vel no. Denne guden som slett ikkje alltid er ein vennleg og god gud. Men for all del, tenker den gamle mannen, medan han viser i strofe etter strofe at han kjenner sin bibel, er det slik du vil ha det så kastar eg korta eg. I tekst og i tone og i Cohensk framføring er tittelsporet ein beint fram storarta song. Eit kor frå synagogen hmm’ar og syng med, orgeltonar flyt rundt i periferien, og eit dempa men absolutt suggererande groove (i Massive Attack-lendet) har taket på sakene.
Til lyriske gitartonar og ein sakte puls kjem Cohen i songen Leaving the Table tilbake til metaforen frå opningslinja. «I’m leaving the table, I’m out of the game» syng han no, men denne gongen handlar det ikkje om den gamle mannen og ein gud, denne gongen handlar det om den gamle mannen og eit kjærleiksforhold. Eller kanskje heller slutten på eit. For «I don’t need a lover, so blow out the flame» hevdar han. Og syng igjen ei strofe som er i slekt med noko han formidla i tittelsporet – «You want it darker, we kill the flame». Då med den vesens forskjellen at i den eine songen handlar det om at kjærleiken døyr, medan det i den andre er livet sjølv som ebbar ut.
I wish there was a treaty
I wish there was a treaty
Between your love and mine
Songen heiter Treaty, er sonisk nøysam og dirrande. Den kan handle om den gamle mannen og hans ynskje om at eit bestemt kjærleiksforhold var betre forankra enn kva det i røynda er. Men vel så gjerne kan den handle om den gamle mannen og hans noko problematiske forhold til bibelens Gud – «I’m so sorry for the ghost I made you be, Only one of us was real – and that was me». Eit spøkelse kan ein vel ikkje seie at mannen har å hanskast med i songen On the Level. Ein sonisk sett ganske så fengande sak, med sprek kvinnekoring og godt groove. Det han har å hanskast med er ei kraftfull freisting. Han står den i mot, han snur ryggen til djevelen, men samstundes må han konstatere at han snur ryggen til ein «angel too». Det er i grunn ikkje noko han inst inne ville, å vinne over denne freistinga. For «a man like me» erkjenner den gamle mannen «don’t like to see temptation caving in».
I albumets siste del dukkar fiolinen opp som sonisk fylgjesvenn. Med ganske så vemodige tonar i It Seemed the Better Way (der også synagogen-koret frå tittelsporet dukkar opp igjen). Vemodige med ein grunn, vil eg tru. Igjen grip Cohen tak i bibelske bilde. Som det at det no er for seint «to turn the other cheek». Eller med mogeleg referanse til han som snakka om å snu det andre kinnet til: «At first he touched on love, but then he touched on death». Og så var det det der med sanningsgehalten i religionen som har vakse fram etter denne skikkelsen då. «Sounded like the truth» medgjer songaren før han slår fast at det ikkje er «the truth today». «The Truth» med stor T har også ei rolle i låta Steer Your Way. Sanninga du trudde på i går, og slikt som «Fundamental Goodness and the Wisdom of the Way». Ja kor har slikt tatt vegen? Det er ein song der songaren også kjem med nokre audmjuke råd om korleis det kan vere mogeleg å leve eit anstendig liv. «Steer your way through the ruins of the Altar and the Mall, Steer your way through the fables of Creation and the Fall …» og så vidare, og så vidare. Medan fiolinen spelar tonar i eit bluegrass-modus og eit par kvinner, Dana Glover og Alison Krauss, korar eterisk.
Til slutt kjem det eit postludium. Ein strykarkvartett spelar ein sørgmodig låt, og den gamle mannen resiterer eit vers han let stå att då han avslutta Treaty – «It’s over now, the water and the wine». Og ei sterk Cohen-plate har komme til sin ende.
TIDAL: LEONARD COHEN – YOU WANT IT DARKER