Ei soulfylt plate om både håpet og det håplause. 7
For eit par månader sidan kom eg i tankar om at det jammen var lenge sidan eg hadde høyrt noko frå Philip Kane. Så eg tok turen innom YouTube. Og der låg det forsyne meg ein ganske så fersk video frå fyren. Lagt ut nokre veker før jul. Ein julesong. Ein sjølvskriven ein. May Your Fairy Turn Straight var tittelen. Ingen lovsong, og ikkje er den full av ynskjer om ei fredelig og god jul heller. Nei eg tar vel ikkje hardt i om eg seier at den fremjar eit bodskap av det ganske så motsette slaget. Rett nok kan eg høyre lyden av bjøller her, og innslag av stemningsskapande blåsarar, og eg kan høyre Kane soulcroone seg gjennom melodisk godarta linjer. Men hovudpersonen i songen har det ikkje heilt godt, og han ynskjer at ein viss eks skal ha det endå verre. Han gjer sine forsøk på å manne seg opp, han held seg med sin dose av sjølvbedrag, og prøver å overtyde den som vil høyre på at han ikkje tenker på henne. Vel, ei helsing har han då likevel til henne, og den lyde slik: «I hope that you have a fucking awful christmas», vidare at gåver og venner uteblir, at det meste går på tverke, og at det gjerne endar i ein «filthy fucking headache were your ego used to be». Ja slik kan også ein julesong vere. Beisk, og dyppa i eit beger av svartlagt humor. Songen er også ein av åtte songar på den heilt nye plata til Philip Kane.
Drygt ti år er det gått sidan Philip Kane sist var her med eit album. Det absolutt storarta Time: Gentlemen. Eit album fullt opp av både reinskorne og skitne soultonar som bar fram dunkle og gåtefulle historier om folk i ytterkanten av det gjengse tilværet. Folk som av ulike grunnar hadde snubla i livets feller. Det var den andre plata hans det. Den blei om lag like lite suksessfull som den første. Ganske så neglisjert med andre ord. Kane drog derfor frakken rundt seg og gjekk heim, gav seg, fant på noko anna.
Det har vore særdeles tynt med informasjon å google fram om denne Kane. Så eg har skapt meg eit bilde av ein noko asosial, smått sjølvdestruktiv men absolutt sympatisk fyr med tilhaldsstad i dei austre delane av London. Vel vel, heilt slik er det ikkje viser det seg no. For denne Kane er ikkje berre Kane, oftare, langt oftare, kallar han seg Phil Beadle. Og i den skikkelsen er han ikkje like neglisjert. Som Phil Beadle er han ein velrenommert lærar i indre London. Han har fått prisar, skrive lærebøker, og har laga tv-programmer (ein serie, «Kan ikke skrive» som også har gått på NRK, ein annan, The Unteachables, om utfordrande born som byrjar å lære når ting blir gjort litt annleis).
Som Kane fortel han historier med røter i Beadle sitt engasjement for menneske med eit svekka utgangspunkt, som ikkje får til livet slik storsamfunnet forventar, som hamnar utanfor. Eller han fortel historier som nemnte May Your Fairy Turn Straight. Eller om Joan. Som kanskje handlar litt om den amerikanske forfattaren/skribenten Joan Didion, men i alle fall er ein grom soulsak med eit dugande sing-a-long refreng. The Disappointment of Judas på si side handlar vel ikkje direkte om han der fyren i Bibelen, men om det å ende opp med rikdom og eigedom det kanskje ikkje kjem så mykje godt utav å ende opp med.
Sonisk opplever eg Flowers & Ledges som litt meir funky i sitt vesen enn Kane sine to andre album. Medrivande i så måte er Resilience (Keep Keepin’ On), med heftig funkgitar frå Werner Kristiansen (ein nordmann som spelar gitar plata igjennom), og spenstig blås og koring. Endå meir medrivande opplever eg Inner City Optimism, der den går vegen frå What’s Going On-vibber til eit refreng spekka av pågangsmot. Begge songane frontar eit meir optimistisk syn på framtida enn det inntrykket Kane har skapt i fleirtalet av songane sine. Dei slår begge eit slag for menneskets overlevingsevne, og oppmodar til å ikkje grave seg ned i arven frå fortida.
You can read and treat your mind it’s a fabulous adventure
You can change anothers destiny just by being kind
You can overturn the system one shot at a time
Det gamle slagordet «Love, peace and understanding» er vel ikkje heilt malplassert å komme drassande med i tilfelle Kane og Flowers & Ledges. Om enn kanskje ikkje når det gjeld sjølve tittellåta. Ein song om ein ikkje heilt stabil fyr («I’m a naughty boy lord, kumbaya, and i’m bloody marvellous, kumbaya»), ei kvinne med namn Amanda, og ein tur, kanskje ned til Greenwich Park, for å kjøpe sjokolade. Ærverdige Mark Eitzel syng med, og det er ein souljazzig gyngande krypar av ei låt.
Så kva skal eg seie? Det var i grunn trivelig å treffe deg igjen Philip Kane? Ja eg trur jammen det.
TIDAL: PHILIP KANE – FLOWERS & LEDGES