Frøkedal – Hold On Dreamer

Standard

Ein solodebut med folkpoptonar som evnar å gnage seg fast.                                                 7

  W.O.Y heiter den første låta. «I do, I do, I do, I do think the world of you» høyrer eg Anne Lise Frøkedal synge. Eg høyrer ein song om fridom, om kjærleik, og om at dei to kreftene kanskje ikkje arbeidar supergodt i lag. Eg høyrer ein vakker gitartone som må ha komme med ein varm vestavind ein gong. Eg høyrer ein folktone frå trakter der Vashti Bunyan har ferdast. Eg høyrer ei gnagande uro frå ei fele operere i eit dronelandskap som kunne ha stamma frå eit kjellarmøte i The Velvet Underground. Der kunne det enkle suggererande trommemønsteret ha stamma i frå også. Etter drygt fire minuttar er låta over (slik mange låtar ofte er), men den blir ikkje borte, eg klarar ikkje å fri meg frå at den har gjort eit inntrykk, at eg føler meg dradd mot den. Det finst ein og annan song til på plata, på Hold On Dreamer, som eg kunne, som eg kan, seie om lag det same om.

Etter mange år som bandmedlem og samarbeidspartnar (eg nemner I Was A King, Harrys Gym, Robyn Hitchcock, Martin Hagfors, eg kunne nemnt fleire) er Anne Lise Frøkedal endelig her med sin solodebut. Som berre Frøkedal, men absolutt ikkje heilt åleine. Det står ikkje noko om det på coverframsida, men Familien er med, sterkt med. Eit band av venner som ho har spelt litt rundt med dei seinare åra. Fire i talet, Olav Christer Rossebø (frå bl.a. Bergen Mandolinband) på fele og mandolin, Erlend Ringseth (Harrys Gym) på tangentar, Thea Glenton Raknes (Thea & the Wild) på trommer og koring, og Ingeleiv Bestad på koring. I tillegg er ein og annan an musikar innom og gjer lyd frå seg på enkeltspor.

Det er ikkje blitt ei plate med mykje lyd. Det er blitt ei plate med nok lyd, og ikkje ein tøddel meir. Ei plate i eit draumedronefolkpop-landskap, som takka vere ein ikkje ueffen personleg karakter unngår å bli borte i syninga. Denne karakteren handlar vel om noko slikt som å søke innover mot songens eigentlige vesen, og så ta det derifrå. Ta uroa, mørket eller lyset som ligg der med utover i det spelte, utan å pynte på det. Berre la ein sonisk blodstraum av det psykedelia-organiske slaget bringe stoffet fram i dagen (eller natta), og la det bli med det. Gje den reine gode røysta rom, blant kaktus og roser.

Slik smyg den eine songen etter den andre fram. I eit gnagande folkpsykedelisk bilde lovar Anne Lise Frøkedal at ho vil «get you cherry flowers and the truth» (songen heiter Cherry Trees). «Hold on dreamer» oppmodar ho til i sakteflytande tonar med ein håpefull lengt i seg (songen heiter The Man Who Isn’t Here). Olaf Olsen (frå Bigbang) spelar større trommer i The Sign, ein popsong med ei attraktiv psykedelisk åre. Misery er den dystre pianoballaden. Medan Kid sitt popmelodiske vesen blir støtta av tonar frå eit electronica-felt. Alle er dei låtar med eit klart slektskap til kvarandre. Men ein variasjon gror seg tydeligare for kvart besøk. Og siste besøk er nok ikkje gjort.

TIDAL: FRØKEDAL – HOLD ON DREAMER

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s