«Pimp pimp hooray», eit lite upolert supplement. 7
Heilt utan varsel var den der berre, denne plata. Heilt utan at det var skapt det minste grann av forventning om at Kendrick Lamar var i kjømda med ein bunke ny musikk. No er det vel slik at det dagleg blir lagt ut nye album på allverdens straumetenester og nedlastingskanalar utan at det blir gjort kjent for så altfor mange. Og der blir dei liggande, i fred, og blir i all æva hemmelige for dei fleste andre enn den nære familien. Det blir fort litt annleis om det er My Bloody Valentine, Wilco eller Kendrick Lamar som finn på slikt. Då er det berre snakk om minuttar før ryktet har spreidd seg, interessa er skapt, og hjulet rullar. Kanskje er det berre ein ny måte å skaffe seg merksemd på i alle mogelegheiters digitale tidsalder. Kanskje er det ein gimmick. Eller kanskje er tanken å tilby noko stoff ein hadde liggande utan å måtte gjere altfor mykje utav det.
Når det gjeld merksemd fekk den vesle store rapparen frå Compton ein dugelig dose av slikt i 2015. Det var vel knapt noko album i fjor som kunne matche hans fabelaktige To Pimp a Butterfly i talet på lovord. Frå dei same seansane som det albumet kom utav er dei åtte låtane på untitled unmastered også blitt skapt. Men som albumtittelen fortel så har ingen av dei fått ein tittel, og dei har heller ikkje fått ein siste lydteknisk omgang. Ord som halvferdig og skissepreg er no likevel ikkje dekkande for korleis dette lyde. I alle fall ikkje når det gjeld fleirtalet av låtane. Men uforedla kan ein vel kalle det.
Jazzen var bra til stades på To Pimp a Butterfly. Den er bra til stades her også. Ja endå meir til stades. I uflidd, skitten og yppande kledning vandrar jazztonen gjennom groovy sidegater og funk-lumske strøk, og er både ein nyttig og uroleg fylgjesvenn for Lamar sin vitale flow.
Ambivalens og kontrastar er i sedvanlig Lamar ånd ei viktig drivkraft. Spørsmål og svar i endelaus skuggeboksing. Sex, Gud, sjølvhevding, sjølvforakt, mammon, samfunn vs individ, den kvite mann vs den svarte mann, den grenselause urettvisa.
Det startar med ei pinleg sexskildring, og eg snur meg noko beklemt bort. Det tar ikkje så lang tid før Lamar snur seg bort også. Legg tyngde i diksjonen og formidlar linje etter linje av apokalyptisk karakter. Som «Life no longer infinity this was the final calling», som «The smell is disgusting, the heat is unbearable», som «Dark skies, fire and brimstone, some of us sent home». Situasjonen er kaotisk, bibelske referansar florerar, og hovudpersonen vaknar til slutt opp og dreg i kyrkja. I spor 2 har han Gud på telefonen, og får ein lovnad om at det skal ikkje ta lang tid no. Før ting blir betre? Eller verre? «Once upon a time I used to go to church and talk to God» forkynnar Lamar i spor 5, og det handlar om dei undertrykte, og det er deprimerande. «I’m passin» lives on a daily, maybe I’m losing faith, Genocism and capitalism just made me hate» slår han fast mot slutten av sporet. I spor 6 har Lamar med seg den alt anna enn a4-rapparen CeeLo Green. «I’m bizarre, avant-garde» proklamerer Green. «I recommend every inch of your lunatic ways, Praise the lord, you teach the kids how to be themself and plenty more», Lamar oppmuntrar individet, originaliteten, det å stå opp og fram og vere seg sjølv. I spor 8 kontrasterer han sin eigen suksess opp mot tilværet under bølgjeblikkplater i eit fattigkvarter i Cape Town («I wrote this song looking at a broke home baby, You know the poverty stricken the little broke boy and babies, Somebody yell «Kendrick American, they sure is crazy», And I said why?»)
Slik kan konturane av ein veg gjennom untitled unmastered skildrast. Det finst fleire. Definitivt fleire. For all del, det vesle albumet er ikkje like mangslunge og eventyrleg som To Pimp a Butterfly. Det er vel meir å rekne som ein liten appendiks, ein upolert ein. Der ikkje ratt alt blir opplevd som utprega interessant (les: det kortaste og det lengste sporet, Untitled 4 og Untitled 7), men der Kendrick Lamar finn groovet og kastar seg inn i det på eit vis få andre gjer.
TIDAL: Kendick Lamar – untitled unmastered