David Bowie – Blackstar

Standard

Bowie si siste forvandling.                                                                                                                             7

David Bowie: ★ Review  I går kveld skreiv eg ein liten tekst om den nye plata til David Bowie. I dag då eg hadde ete frukosten min leste eg at han var død. I helga som gjekk har eg høyrt atskillege gonger på Blackstar. Eg har funne tre songar som fengslar meg sterkt der.
Eg publiserte ikkje teksten i går kveld (på den tida då Bowie trakk sitt siste sukk). Det er eg glad for, for det var noko med setning nummer to som ikkje hadde tatt seg så bra ut i dag. Resten lar eg stå slik det stod klokka 23.48 i går, sjølv om eg i dag les ein god del anna inn i tekstane på plata:

Legenda vil ha det til at Lazarus etter fire dagar som død stod opp att og levde vidare. David Bowie kjem ikkje til å stå opp, det er ikkje slik det fungerer, men han har fleire gonger tidlegare entra scena som ein ny mann, ein annan figur enn det han var rundt førre sving. Her, på Blackstar, i sitt seksti-niande år, gjer han det for så vidt igjen. Fylgjer opp det sonisk tilbakeskodande albumet The Next Day med eit album som nok skodar meir i den andre retninga. Framover, der mellom anna døden ligg og lurer, som ei uomtvistelig kjensgjerning.

Blant dei sju songane på albumet heiter ein nettopp Lazarus. «Look up here, I’m in heaven, I’ve got scars that can’t be seen» høyrer eg Bowie croone innleiingsvis. Men hovudpersonen er ingen Kristus, han er nok heller ein som har levd høgt, falle djupt, og no står tilbake med ein fridom han ikkje heilt veit kva han skal få ut av. Det er i eit staselig melodisk bilde at dette blir gjort til kjenne. Eit eg vil kalle om lag like deler oppreist som melankolsk. Ført til torgs med eit smidig bassgroove i ryggen, ein el-gitar som skingrar vakent innimellom, og saksofonen som serverer tonar av det slaget som kan vandre ved sida av eit gravfylgje. Det skulle vere unødvendig å legge til at songen gjer inntrykk.

Lazarus er ikkje heilt åleine om å gjere inntrykk. Ja eg lurer faktisk på om eg skal gå så langt som til å hevde at Blackstar som album gjer litt inntrykk. For bak det enkle og dulgte coveret (det første i Bowie sin karriere der han sjølv ikkje på eit eller anna vis er avbilda) trer det fram nokre spor til som eg finn fengslande. To til, for å vere nøyaktig. Tre av sju tilsaman altså (eller for å rekne det om i tid: 21 av 41 minuttar). Slik har eg ikkje opplevd det med Bowie på lenge. Ikkje sidan Scary Monsters for sånn cirka trettifem år sidan for å vere meir presis. Utan at eg på nokon måte vil forfekte at Blackstar er like bra, for det er den jo ikkje. Og ikkje er den like bra som dei ni beste platene til Bowie ifrå syttitalet heller. Men samanlikna med alt han har gjort sidan, både med skrap som Tonight og overvurderte plater som Heathen har Blackstar noko å gje.

Lazarus er ikkje ein eksepsjonelt annleis song. Den har fleire slektningar i Bowie-katalogen. Men når det kjem til tittelsporet, det ti minuttar lange tittelsporet som innleiar heile seansen, då snakkar vi annleis. For alvor annleis. Eg er i alle fall ikkje kar om å finne noko hos Bowie som i særlig grad minner meg om denne. Om eg kjem dragande med merkelappar som gåtefull, mangslungen (jazz møter rock og noko anna oppstår), skjelvande og teatralsk føler eg ikkje at eg gjer noko feil, men samstundes er det langt i frå dekkande. Og like mykje som det er ein song så er det ein film, ein kortfilm. Det har seg nemlig slik at det draumande, marerittaktige, ja dystopiske bildet som Bowie teiknar opp i denne songen («In the villa of Ormen, in the villa of Ormen, stands a solitary candle, ah-ah, ah-ah») også er blitt til det vi meir prosaisk kallar ein musikkvideo. Ein som faktisk yte songen full rettferd. Med Bowie i hovudrolla. Tidvis maskert, tidvis svingande med ei gamal bok (med ei svart stjerne på framsida). Det er dystert så det held. Er det desperat religionskritikk?

Mellom tittelsporet og Lazarus lever låta ‘Tis a Pity She Was a Whore. Ein jazzkåt, saksofonjaga, funky og forstyrra rakkar, med ein djevelsk popmelodi i seg, som skildrar ein heftig seanse mellom ein soldat og ei prostituert. Eg kan lett kalle den vilt bra. Det kan eg nok ikkje gjere om dei fire siste spora på plata. Eg trur ikkje eg kan kalle dei spesielt bra heller. Ikkje ein gong Girl Loves Me, med sitt språk frå A Clockwork Orange. Men det skal eg la vere å dvele med. Tre nye besettande gode Bowielåtar er meir enn eg både har bedd om og håpa på. Så eg held fast i den biten eg, det er det eg gjer…

TIDAL: BLACKSTAR

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s